Hopp til innhold

Derfor er dette ei av dei mest frykta mattene i eliteserien

Grasmatta på Haugesund er ei av dei vanskelegaste for bortelaga å ta poeng på. I kveld tar FKH i mot Ole Gunnar Solskjær sitt Molde. Sist gong dei var her tapte dei 5–0.

Haugesund stadion

Ifølgje banesjef på Haugesund stadion, Kåre Steinsnes, har ikkje grasmatta sett betre ut på fleire år.

I kveld er det duka for den første heimekampen for Haugesund i årets sesong, og motstandar Molde har fått erfara at FKH ikkje er eit heimelag ein spøkjer med.

Fjorårets oppgjer på Haugesund stadion blei det største tapet for gullaget heile sesongen. Molde fekk bank i kampen som enda heile 5–0 på den frykta grasmatta.

19 – 9 – 2

Sjølv om stallen ikkje er den same, har ikkje Haugesund planar om å endra tradisjonen sin som eit av dei aller sterkaste heimelaga i eliten.

– Me blir nok like vanskelege å slå på heimebane i år. Me har henta spelarar som passar inn i måten me spelar fotball på, så stallen nå er kanskje den beste me nokon sinne har hatt, seier sportsleg leiar i klubben Asbjørn Helgeland til NRK.no.

Sidan Haugesund rykka opp i 2010 har laget berre tapt to av sine 30 heimekampar. Dei har vunne 19 og ni kampar har enda uavgjort.

Når Molde kjem på matta i dag har ikkje Haugesund tapt her sidan 8. mai i fjor mot Stabæk (3-4).

FKH jubler etter scoring mot Molde

Her jublar FKH etter dei slo Molde 5–0 på Haugesund stadion i mai i fjor.

Foto: Jan KÂre Ness / Scanpix

Heimepublikum og god strategi

Helgeland meiner at det ikkje er tilfeldig at FKH er sterke på heimebane. Mykje av æra får heimepublikum.

– Me har eit fantastisk publikum som alltid er positive, og som er med på å løfta laget, seier han.

Han legg til at Jostein Grindhaug sin strategi også er viktig.

– Me har gode spelarar og ein god strategi. Alle har klare oppgåver å forhalda seg til, med moglegheit til litt fritt spelerom.

Tapte med ti mann

I kveld er det eit Haugesund som er sugne på revansje, som møter Molde.

I eliteseriestarten mot Vålerenga tapte Haugesund i siste minutt. Dei hadde lenge leia kampen med berre ti mann på banen.

– I dag vil det nok sitja svært langt inne å gje frå oss poeng, seier Haugland.

Fevang er klar

I kveldens oppgjer kan Haugesund sin site forsterking, Geir Ludvig Fevang, få vist seg.

– Han er med i troppen og er speleklar, ja, seier Helgeland til NRK.no.

Geir Ludvig Fevang signerte for FKH på tysdag. Førre laurdag vann han den belgiske cupen med Lokeren.