Hopp til innhold

Feira cupavansement med mors mat

Etter tre scoringar på under halvtimen før pause, var cupeventyret over for Tornado Måløy sin del. Dermed kunne Hødds Erik Sandal reise heim til foreldra – og feire cupavansement med mors mat.

Erik Sandal og Hødd gjekk greitt vidare i cupen på bekostning av Tornado Måløy.

VIDARE: Erik Sandal og Hødd tok seg greitt vidare i cupen på kostnad av 3. divisjonslaget Tornado Måløy.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

1. divisjonslaget Hødd vann greitt 3–0 over vågsøylaget, og er med det klar for andre runde i cupen.

– Vi sette oss i respekt med ein gang og fekk eit tidleg mål og skaper gode sjansar. Eg tykkjer vi styrer frå start til mål, seier Erik Sandal.

Var hakket betre

Gjestene fekk det første målet allereie etter fire minutt ved Fredrik Klock.

Deretter sytte Vegard Heltne og Michael Karlsen for 3–0 til pause. Etter ein mållaus andreomgang var cupavansementet sikra.

– Tornado Måløy har ei bra sentrallinje og nokre bra spelarar, men vi er hakket betre enn dei i det meste. Det burde vore endå meir, men fokuset vårt var å gå vidare. Og det klarte vi, seier Sandal.

Skal nyte sigeren

– Det er lett å gå på ein smell, og det viser seg at andre klubbar ikkje har hatt det like lett, seier han og tenkjer på mellom andre eliteserielaget Sogndal som gjekk på ein kjempeskrell i Florø .

Cupavansementet blir feira heime hos mor og far, og saman med gamle kjende.

– No skal eg nyte sigeren. Det er alltid godt å komme heim og helse på gamle kjende. Så blir det å slappe av litt før eg set kursen oppover att i morgon, seier han.

Kontrakten går ut

Sandal er inne i sin åttande sesong med sunnmørsklubben Hødd. Kontrakten hans går ut 30. oktober. Kva som skjer då er uvisst. Sjølv brukar han ikkje mykje energi på å tenke på akkurat det.

– Det er eit veldig godt spørsmål. Eg er i dialog med Hødd om forlenging, så får vi sjå kva som kjem ut av det. Men eg har ikkje høyrt frå andre klubbar, om de lurer på det, ler 29-åringen og legg til:

– Eg har heile tida sagt at draumen er å spele i eliteserien, men kjem ikkje tilbodet så er det berre å halde fram med det eg held på med. Eg stressar det ikkje og trivast veldig godt i Hødd. Så eg er innstilt på å høyre kva Hødd har å tilby.

Skadd i vinter

Etter ein skadeprega vinter, føler Sandal at pila peikar i rett retning.

Laget ligg rett nok nest sist i divisjonen, men med to mål på fire kampar er ligg Sandal godt i rute for å overgå fjorårets seks scoringar og 19 målgjevande pasningar.

– Eg dreiv nok for mykje og for einsidig trening og gjekk skadd frå byrjinga av desember til slutten av februar. No spelar eg meg i form og merkar stigning heile vegen, seier Sandal som på grunn av skaden gjekk glipp av mengdetreninga.

Håpar på Brann

Både i 2009 og 2011 tapte Tornado Måløy for cupfinalistar. Molde og Aalesunds gjekk begge heile vegen til Ullevaal etter å ha vitja Måløy.

– Hehe ... Det finst statistikkar for det meste, men eg trur ikkje vi skal legge fokuset vårt der. Sjølv om cup er cup. I fjor var vi eitt minutt frå å sende Aalesunds ut av cupen. Det er små marginar, men det er også det som gjer cupen så sjarmerande, seier Sandal. Som no kan sjå fram til andre runde i cupen.

– Brann på Høddvoll hadde vore bra. Det er eit eliteserielag eg ikkje har møtt. Vi har tidlegare møtt både Molde og Aalesunds, så å måle krefter mot ein ny eliteserieklubb hadde gjort seg, avsluttar han.