Hopp til innhold

Gjer deg klar til fotballfest

Det er 16.mai og det som blir kalla «fotballens nasjonaldag». Molde får besøk av Fredrikstad, Aalesund er i Haugesund og Hødd får for aller første gong besøk av Ullensaker/Kisa.

Molde - Aalesund

Dette er frå årets seriekamp mellom Molde og Aalesund. Den kampen vann Molde. Begge desse laga, og Hødd i 1.divisjon, er ute i spennande kampar i dag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

16. mai har sidan 80-talet vore ein spesiell dag i norsk fotball. Dette er ein kampdag med så godt som fulle tribuner og høg stemning på dei fleste arenaene. Når serieoppsettet blir offentleggjort før sesongstart, er ofte 16.-mai-kampen noko at det første supporterane fokuserer på. Det er attraktivt å få heimekamp denne dagen.

Molde - Fredrikstad

Molde har sett rekord i tal på heimekampar utan tap. Molde har ikkje tapt heime på 16 kampar i ligaen. Det siste heimetapet kom mot Rosenborg 8. mai 2011.

Molde har vunne alle dei fire heimekampane til no i sesongen, og er det einaste laget på øvste nivå i Noreg som står utan poengtap på heimebane .

Molde får Fredrikstad på besøk. Laget står med 6 strake kampar utan siger, og har ikkje vunne på dei 5 siste bortekampane. Sist gong Fredrikstad vann på bortebane var 31.oktober då dei slo Vålerenga 2-1.

Haugesund - Aalesund

Aalesund er på besøk i Haugesund. Laga har møtt kvarandre 4 gonger til ligakampar på øvste nivå. Laga har vunne to gonger kvar, på den måten at laget som har hatt heimebane har vunne.

Tilsvarande oppgjer i fjord vann haugesund, då Umaru Bangura scora det einaste målet i kampen.

Mange Aalesundssupportarar vonar på at spelet dei viste heime på stadion i Ålesund mot Strømsgodset varslar framgang for laget. Men Aalesund har ikkje vunne på dei siste 14 bortekampane i ligaen. Ein må heilt tilbake til 13. juni 2011, då Aalesund slo Stabæk for å finne ein bortesiger i eliteserien.

Eit interessant utviklingstrekk hjå Aalesund gjeld spelaren Lars Fuhre. I dei 17 første kampane han starta for AaFk scora han ikkje eit einaste mål. På dei tre siste kampane har han scora i kvar einaste kamp, og står no som toppscorar for Aalesund.

Hødd - Ullensaker/Kisa

Det er aller første gong Hødd møter Ullensaker/Kisa i ein obligatorisk kamp. Tidlegare Lillestrøm-spelar og trenar, Arne Erlandsen, er trenar for laget. Han har henta inn nokre gamle eliteseriespelarar for å gje det nyopprykka laget tyngde.

Hødd har hatt ein svært dårleg start på sesongen, med tap på fire av dei fem første kampane. I fjor lukta Hødd i periodar av sesongen på ei topplassering i 1.divisjon. Laget stiller med omtrent det same mannskapet som i fjor, med unnatak av Adama Diomande, som har suksess i Strømsgodset.

Fleire av spelarane er imidlertid ute med skade og sjukdom til denne kampen.