Hopp til innhold

Sandal vart cupmeister med Hødd

Etter ein nervepirrande kamp vart det klart at Erik Sandal frå Vågsøy og Hødd er cupmeistrar.

Erik Sandal (i midten) kan juble over cupfinaleplass.

VANN: Erik Sandal frå Deknepoll vann cupfinalen søndag med laget sitt Hødd.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Her kan du lese heile referatet frå kampen, minutt for minutt

Det vart uavgjort og straffekonkurranse då Hødd og Tromsø barka saman i kampen om kven som skulle bli cupmeistrar.

Intens kamp

Men etter intense minutt vart det førstedivisjonsklubben frå Ullsteinvik som stakk av med pokalen. Og der spelar Erik Sandal (29) frå Deknepollen i Vågsøy.

Hødd og Tromsø spilte uavgjort 1-1 og cupfinalen 2012 gikk til straffesparkkonkurranse. Der trakk Hødd det lengste strået og kunne slippe jubelen løs. Andreas Rekdal satte inn den avgjørende straffen for Hødd.

Hele straffesparkkonkurransen fra cupfinalen

Midtbanespelaren fekk også delta i straffekonkurransen i cupfinalen, men bomma mot Tromsø.

4-2 i straffekonkurransen

Like etter bomma Tromsø sin Saliou Ciss og dermed kunne Hødd avgjere.

Andreas Rekdal klarte det ingen turde håpe på førhand, han scora og sendte Hødd til himmels med 4-2 målet i straffekonkurransen.

Dermed er det klart for tidenes fest for dei blåkledde.

Og dette er andre gongen i historia at ein cupfinalen vert avgjort med straffekonkurranse. Sist gong det skjedde var då Aalesund vann over Molde i 2009.

Høddjubel

JUBLAR: Høddspelarane jublar etter sigeren.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix