For kort tid sidan bekrefta Manchester United at Zlatan er klar for klubben, etter at han sjølv meldte det på Instagram i går. Engelske medier spekulerer i ei vekeslønn på 2,4 millionar kroner.
Dette er noko av det Zlatan kan unne seg på ei veke.
1. 240.000 pølser på Circle K
På Circle K kan du alltid få ein wiener for ein tier. Viss Zlatan baserer kostholdet sitt på pølser, blir han i alle fall mett. NB: Skal han ha garnityr på korven, får han berre råd til 150 000.
2. 62.000 hårstrikk
Zlatan er kjend for sitt lange hår, og bruk av hårstrikkar. Går han for kvalitetshårstrikkar, må han fort opp i 39 kroner. Det blir omtrent 62 000 i veka, eller 8800 per dag. Det burde holde.
3. 217.000 Abba-singlar
Lite er derimot kjend om musikksmaken til Zlatan. Vårt tips er at han diggar Abba. Singelen Money, Money, Money ligg på 11 kroner. Og det på vinyl, hæ!
4. 27 kvadrat i Iladalen i Oslo
Det kan bli litt lite for den høgreiste svensken med 27 kvadrat, men viss han har lyst på større, kan han jo berre spare eit par veker. Då kan han til og med flytte til Montebello eller Tjuvholmen.
5. 20 meter 4-felts veg
Veg er dyrt altså. Sjølv ikkje Zlatan kan bygge meir enn snaut 3 meter veg om dagen. Tenk på det neste gang du køyrer over ein hump.
6. 572 flybillettar tur/retur Malmø
Om Zlatan har lyst å fly heilt heim til Malmø, kan han bruke 20 timar på reisa til Sverige.
NRK vil derimot anbefale svensken å lande i København, og ta brua over til Sverige. Då er han der på eit par timar, og har råd til fire gonger so mange billettar.
7. 10.666 Billy-bokhyller
Heldigvis for Zlatan, har dei IKEA-butikk i Manchester. Der kan han fråtse i billige bokhyller, til 225 kroner stykket. Har han lyst på middag, kan han sjølvsagt få det også, men då må han kjøpe ei bokhylle mindre.
Men som de veit folkens, pengar er ikkje alt.