– Det er forståeleg. Søkarkomiteen har slåst i motbakke i mange månader, og no prøver dei å sette i gang tiltak som skal overtyde publikum i innspurten, seier Solberg til NRK.
Han har lese
som kom denne veka, og som konkluderer med at innsparingstiltaka som skal gi eit «billig-OL» sparer fire milliardar kroner mindre enn det som Oslo2022 meinte.Kvalitetssikrarane frå Kulturdepartementet og Finansdepartementet meiner at dei nye planene reduserer behovet for statsgaranti med 4,8 milliardar kroner, ikkje 8,8 milliardar,
.Ønsketenking?
– For eksempel har dei plussa på sponsorinntektene med ein milliard kroner, medan kvalitetssikrarane ikkje finn realisme i det. Då kan ein undrast på kvar søkarkomiteen har tala frå, og om det er ønsketenking, seier Solberg.
Han stiller seg også skeptisk til anslaget for dei varige verdiane av anlegga.
– Investeringane i idrettsanlegg var nokså bekjedent i utgangspunktet, omtrent fire milliardar i brutto. Fråtrekt slitasje og redusert marknadsverdi gir det ein verdi på i underkant av tre milliardar når OL er over.
– Så er det redusert ytterlegare med ein ishall som ikkje blir bygd, i tillegg til ein treningshall. Dermed er ein nede i rundt to milliardar i varig verdi på idrettsanlegg. Då begynner det å bli nokså lite att av det ein overlet til framtidige generasjonar. Og verdiane av investeringar for framtida har vore eitt av dei viktigaste argumenta for eit OL i Noreg, seier Solberg.
– Kvalitetssikrarane har gode opplysningar
– Viser dette at de er vanskeleg å rekne seg fram til ein total kostnadssum?
– Når kvalitessikrarane har landa på dei tala dei har, så reknar eg med det er fordi dei meiner å ha gode opplysningar for å vurdere realismen. Spørsmålet ein bør stille seg, er korleis det kan bli så stort gap mello deira tal og Oslo2022 sine, seier økonomiprofessoren.
– Det har vore mykje fokusert på kostnadsoverskridingar. Derfor har Oslo2022 prøvd å redusere kostnadene, utan at det har vore nok realisme i tiltaka som dei foreslår, legg han til.
– Korleis trur du utspelet om sparetiltaka blir oppfatta?
– Det verkar nok ikkje tillitsvekkande.
– Tenk også på driftskostnadene
Solberg meiner også politkiarane bør reflektere litt også på driftskostnadene av anlegga. Dei er anslått til rundt 14 milliardar.
– Driftskostnader er pengar rett ut av vindauga. Det er verdien på ein to vekers fest. Ein får nokså mange symjehallar og kunstgrasbaner og andre idrettsanlegg for den summen. Tilskotet frå IOC er rundt 3,6 milliardar, resten må vi finansiere sjølv, seier økonomiprofessor Harry Arne Solberg.