Hopp til innhold

Hardt ut etter vraking: Saknar openheit frå forbundet

Filip Fjeld Andersen blei vraka frå både elite- og rekruttlandslaget. Nå kritiserer han prosessen.

_QOI3aHV5s0

MISFORNØGD: Filip Fjeld Andersen er kritisk til uttaksprosessen frå landslagsleiinga.

Foto: NTB

Det einaste eg har fått høyre er ein femminuttars telefonsamtale frå Egil (Kristiansen) på søndag. Utanom det har det vore tyst frå forbundets side.

Det seier Filip Fjeld Andersen til NRK etter at skiskyttarlandslaga for kommande sesong blei offentleggjorde tysdag.

Geilingen stod ikkje på lista over namna som blei presenterte, verken på elite- eller rekruttlandslag.

Skiskyttaresset visste allereie før NM på Geilo, for vel ei veke sidan, at plassen på elitelaget ville ryke etter ein tung sesong.

Eg er hundre prosent einig i at eg ikkje har nokon plass på elitelaget, seier han.

Sesongstart Skiskyting Sjusjøen

VRAKET: Fjeld Andersen fekk ikkje landslagsplass.

Foto: Geir Olsen / NTB

Men at han også blei vraka frå rekruttlandslaget, var han ikkje førebudd på. Fjeld Andersen etterspør meir openheit rundt sjølve uttaksprosessen.

– Når ein går frå å vere på elitelaget, til ikkje å ha nokon plass på landslaget i det heile, ville eg i alle fall tenkt at det var naturleg å gjere det på ein annan måte enn ein telefon søndag kveld, seier Fjeld Andersen.

Les også Straffar seg sjølv med 5-mil etter katastrofe­sesong

Filip Fjeld Andersen

– Vi er menneske oppe i dette

24-åringen har ikkje gått eit einaste verdscuprenn denne sesongen. Han har heller ikkje hevda seg i noregscupen. Før jul fekk han nemleg konstatert svineinfluensa og i ettertid har han slite med å komme tilbake i form.

– Eg har ein litt sånn identitetskrise, vil eg seie, sa han til NRK i mars.

Landslags-exiten blei nok ein nedtur for Fjeld Andersen.

Det er ein brutal bransje. Det er heilt klart frivillig, men vi er menneske oppe i dette òg. Det er tøffe påkjenningar.

Stjerneløpar Vetle Sjåstad Christiansen har tidlegare kritisert behandlinga han fekk av leiinga da han blei vraka til verdscuprunden i Oberhof denne sesongen. Fjeld Andersen meiner at Christiansen hadde eit godt poeng og seier at uvissa «går på helsa laus».

Vetle Sjåstad Christiansen

STJERNE: Vetle Sjåstad Christiansen.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ein står i tøffe situasjonar og det er ikkje ein vanleg jobb der ein får ein arbeidskontrakt og må gjere noko ekstraordinært for å få sparken. Her får ein vite at ein har jobben i ei veke, og så kan du på søndag og få beskjed om at du ikkje har jobben din lenger, påpeikar han.

– Korleis synest du den prosessen er?

– Den er brutal nok som han er med tanke på korleis situasjonen er. Da står ein litt meir i det. Da er alle innforståtte med det og veit at det er ein brutal måte, og så er det individuelt kor gode folk er til å snakke om kjenslene sine. Dei er kanskje litt meir opptatte av det undervegs i sesong, og så gløymer ein det kanskje litt når sesongen er ferdig, seier Fjeld Andersen.

Derfor meiner skiskyttaren at det er heilt nødvendig med ryddige prosessar. Han meiner at forbundet går på akkord med seg sjølv når dei hevdar å ta vare på den mentale helsa til utøvarane.

Dei har i alle fall sjølv påstått at dei har hatt veldig mykje fokus på mental helse i vinter. Men når slike ting skjer, så har dei i alle fall ikkje enda hukt tak i, og gjort noko spesielt for å verne om dei som dei «sparkar».

Les også Raser mot «inkompetente avgjørelser» etter vraking: – Pisser på våre forutsetninger

Vetle Sjåstad Christiansen

Ikkje ofte

Landslagssjef, Per Arne Botnan, fortel til NRK at det er avgrensa kor mykje ein kan seie på eit tidleg tidspunkt når det gjeld uttak. Men han forstår frustrasjonen til Fjeld Andersen.

Dei (utøvarane) veit i ei viss grad kor landet ligg med tanke på eit uttak. Til Filips forsvar er det ikkje ofte du ryk rett gjennom frå eit elitelag og ikkje får plass på eit lag, seier Botnan, som understrekar at toppidretten tidvis er tøff.

Vidare påpeikar Botnan at mental helse er eit viktig punkt for forbundet.

Vi prøver å ha ei føreseielegheit i prosedyrane når det gjeld uttak, slik at kvar enkelt kan sjå korleis det ligg an. Men det har jo andre kjent på i vinter, og det er ei utfordring når det er så mange, spesielt på herresida, som presterer så godt, seier Botnan.

Per Arne Botnan

PRØVER Å HA FØRESEIELEGHEIT: Landslagssjef Per Arne Botnan.

Foto: Frode Fjerdingstad

På herresida enda seks nordmenn blant topp sju i verdscupen. Også i IBU-cupen, nivået under, herja dei norske utøvarane og tapetserte dei fem øvste plasseringane samanlagt.

Det er mange som denne sesongen har kjent på at dei er usikre kor dei er neste veke, men slik er konkurranseidretten. Det må vere sunn konkurranse om plassane. Vi hadde jo ein runde med Vetle (Sjåstad Christiansen) som måtte stå over i Oberhof fordi Johan-Olav gjekk så bra i IBU-cupen. For mange blir det ei omstilling frå korleis det har vore tidlegare, påpeikar Botnan.

null
Spiller nå
Kvestet til blods av knotter, endte opp med ti sting 00:43
Neste

Siste nytt

  • Griner om fangenskapet i Russland: – Ville ta mitt eget liv

    Selvmordstanker preget Brittney Griners første uker som fengslet i Russland. Det forteller basketballspilleren i et TV-intervju.

    Amerikaneren gir for første gang et dypere innblikk i hvordan det var å sitte i varetekt gjennom mange måneder i 2022. Først på tampen av året ble 33-åringen løslatt i en fangeutveksling.

    – Jeg ville ta mitt eget liv mer enn én gang de første ukene. Jeg følte veldig for å komme meg bort derifra, sier Griner i et timelangt intervju på ABC.

    Av blant annet frykt for at russiske myndigheter ikke kom til å utlevere liket hennes til familien, bestemte Griner seg for å holde seg i live.

    Marerittet i Russland startet da hun ble pågrepet på flyplassen i Moskva med cannabisolje for e-sigaretter i bagasjen.

    Før løslatelsen ble Griner dømt til ni års fengsel for narkotikasmugling.

    Hun ble arrestert samme måned som da den russiske invasjonen av Ukraina startet. Krigen førte til økt spenning mellom Russland og USA, og det gjorde ikke Griners situasjon lettere.

    Griner forteller at hun måtte skrive til Russlands president Vladimir Putin for å bli satt fri.

    – De tvang meg til å skrive brevet. Det var på russisk, og jeg måtte be om tilgivelse og takke deres såkalte store leder. Jeg ville det ikke, men samtidig ville jeg hjem.

    I mai i fjor gjorde Griner comeback som basketballspiller. Hun spiller til daglig for Phoenix Mercury. (NTB)

    Griner
    Foto: AP
  • Bild: Rangnick sier nei til Bayern München

    Tyske Ralf Rangnick har avslått tilbudet om å bli ny manager i Bayern München, det melder den tyske avisen Bild.

    Rangnick fortsetter heller som østerriksk landslagssjef, hvor han har kontrakt frem til 2026.

    Han har hatt landslagsjobben i snart to år, og i sommer leder han laget i EM.

    – Jeg vil understreke at dette ikke er en avvisning av Bayern, men snarere en avgjørelse for laget mitt og vårt felles mål. Vi skal gjøre alt for å komme så langt som mulig i EM, sier Rangnick i en uttalelse.

    Thomas Tuchel gir seg i Bayern etter sesongen, og det har lenge blitt spekulert i hvem som vil overta den tyske storklubben.

    65 år gamle Rangnick har vært hovedkandidaten til å overta for Tuchel siden det ble klart at Xabi Alonso fortsetter som manager i Bayer Leverkusen, samtidig som Julian Nagelsmann signerte ny kontrakt med det tyske landslaget i april.

    Rangnick
    Foto: AFP
  • Tyskerne tok innersvingen på Premier League – får en ekstra mesterliga-plass

    Italia og Tyskland er garantert å kunne stille med fem lag i neste sesongs Champions League. Svake europaresultater stoppet England.

    Tidligere i år lå Premier League godt an til å få utvidet kvoten for antall CL-deltakere, men sjansene stupte brått da ingen engelske lag tok seg til semifinale i verken mesterligaen eller europaligaen.

    Der har Tyskland med tre klubber, og onsdag ble Bundesliga sikret å bli blant de to beste ligaene på Uefas ranking for 2023/24-sesongen. Nylig kunne italiensk Serie A juble for det samme.

    Borussia Dortmunds 1-0-seier over Paris Saint-Germain sørget for å ta tyskerne over «målstreken».

    Med resultatet hjalp Dortmund seg selv. Klubben er nummer fem i Tyskland, men er nå sikret CL-spill uansett hva som skjer i de tre siste rundene.

    Til høsten spilles Champions League i et nytt format. Blant nyvinningene er at det deles ut en ekstra plass til de to ligaene som presterte best sesongen før.

    Premier League må som før nøye seg med fire plasser. I øyeblikket innehar Aston Villa 4.-plassen. (NTB)

    Dortmund
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal