– F**n så godt at ballen gjekk inn, gliste målscorar Kristoffer Larsen til TV 2 like etter kampslutt.
Larsen blei bytta inn etter 73 minutt, åtte minutt seinare låg ballen i mål.
– Vi bygger opp eit angrep og ballen blir spelt ut på kant. Av alle så er det Hassan (journ.anm. El Fakiri) som tek løpet. Eg ropte at eg var ledig 45 og ingen har betre blikk enn Hassan. Då kom ballen ut og det var berre å sette den i mål, sa ein fornøgd Kristoffer Larsen til NRK etter kampen.
Spelande assistenttrenar El Fakiri bytta inn seg sjølv etter 62 minutt. Den siste halvtimen var Brann gode.
– Eg var vel den einaste midtbanespelaren på benken, så då måtte vi sette meg innpå, humrar El Fakiri i prat med NRK.
Han var hovudtrenar i sjukdomsfråveret til Rikard Norling. Kvifor Brann plutseleg vakna med 30 minutt igjen veit ikkje El Fakiri sikkert.
– Vi senkar kanskje skuldrene litt, gjer det litt enklare og held på ballen. Romma opna seg, og utover i andre omgang tok vi meir og meir over. Vi viste litt av det vi kan, meiner Brann-trenaren.
– Og heldigvis fekk vi utlikna, perfekt treff av Larsen, konkluderte El Fakiri.
Saka held fram under bilete.
Frustrert etter uvanleg straffebom
På Sandnes Stadion var det derimot heimelaget som opna suverent best.
Laget sin nye spiss, chilenske Diego Rubio, var eit konstant uromoment i første omgang, og etter ni minutt scora han 1–0. Marius Helle var nest sist på ballen, før Rubio breisida ballen i mål.
Brann stod med null poeng før kampen, etter 3-0-tap for Sarpsborg 08 og 2-1-tap for Stabæk. Mot Sandnes Ulf var det svært tafatt, men etter 24 minutt fekk bortelaget straffe.
Amin Askar blei felt bakfrå av Kenneth Sola, men frå 11-meteren var vanlegvis sikre Erik Huseklepp usikker. Ulf-keeper Hannes Thor Halldórsson redda vakkert.
– Det var tungt å bomme der. Eg har vore sikker på straffe og brukar å vere rolegare. Eg gjorde ikkje det eg bruker å gjere – sjå på keeper, få ei rørsle og sette ballen i motsett hjørne, seier ein skuffa Huseklepp til NRK.
Stresset tok derimot overhand – symptomatisk for Brann i Sandnes den første timen.
Kunne punktert
For etter straffebommen tok heimelaget enda meir over. Rubio var spesielt farleg.
Etter 28 minutt kunna spissen scora sitt andre på Sandnes Stadion, medan han fem minutt seinare trefte krysstanga.
– Vi burde punkterte kampen i første omgang, konkluderer spissen til NRK.
Like før pause hindra i tillegg Brann-keeper Piotr Leciejewski Ulf-scoring, då han på imponerande vis fekk slått eit Malaury Martin-frispark i stanga og ut.
– Unødvendig å gi frå seg initiativet
Opninga av andre omgang blei av det litt kjedelege slaget, før Brann tok over når 60 minutt var passert. Dei hadde sjansar nok til å score to, men det enda 1–1. Det frustrerer Ulf-trenar Asle Andersen.
– Det er to poeng tapt. Vi styrer det meste, har to i treverket og speler offensiv og god fotball. Eg synest gutta gjer det bra dei første 70 minutta, seier Andersen til NRK.
Men så varer ein kamp i 90 minutt.
– Det er unødvendig å gi frå seg initiativet og sleppe Brann inn i kampen. Vi får ta ei evaluering på om det er slitne bein eller mentalt. Vi skal uansett ikkje vere fornøgde med uavgjort på heimebane, slår Sandnes Ulf-trenaren fast.
Sjølv om eitt etterlengta poeng var godt for Brann og trenar El Fakiri, såg dei også tre poeng i horisonten.
– Det kunne blitt tre. Dei har sjansar, men vi bommar på straffe og har nokre i stolpen. Det kunne gått begge vegar. Uansett er poenget kanskje det viktigaste, runda El Fakiri av.
- Les også: