Før møtet med jumboplasserte Island var danskane likt med Portugal, tre poeng bak Noreg.
No er dei likt med både Portugal og Drillos.
Dansk kanonade
Danmark stod med 17 sigrar på 21 kampar mot Island før oppgjeret i Reykjarvik. Aldri hadde dei tapt mot øyfolket. Og heller ikkje i dag skulle det bli tap.
Heile første omgang var ein kanonade frå dansk side. Store sjansar frå Bendtner og Eriksen suste forbi ørene til heimeforsvaret, men hamna utruleg nok aldri i nettet bak keeper Stefan Logi Magnusson.
(artikkelen held fram under biletet)
Hamra inn 1-0
Island kunne sørga for både islandsk og norsk jubel i starten av andre omgang. Mykje rot og surr i det danske forsvaret gjorde at heimelaget slapp til litt for ofte for danskane sin del.
Men etter stormen kom den store gleda for Danmark. Etter timen spelt hamra Lasse Schöne inn dei raudes mål frå 20 meter. Dette var Danmarks mål nummer 70 mot Island.
Kvarteret etter sette Christian Eriksen inn 2-0 etter pasning frå Dennis Rommedahl.
Og det resultatet heldt seg heilt til domaren bles i fløyta på den gulgrøne grasmatta i Reykjarvik.
Neste slag: Noreg i Parken
Neste møte for danskane blir heime mot Noreg i Parken 6. september.
Etter storslaget om EM-plassmot nordmennene, ventar Kypros borte og Portugal heime.
Danmark har no 10 poeng i gruppe H, og kan totalt få 19 poeng om dei vinn alle dei resterande kampane.