- FØLG KAMPEN DIREKTE: Nederland - Tyskland kl. 20.45
– Tyskland fløymer jo over av slike spelarar. Slik har det vore sidan 2004, då Mathias Sammer (eks-landslagsspelar) kom inn. Ingen er flinkare enn han til å få fram store talent, seier fotballekspert for Sky Sports i Tyskland, Jan Åge Fjørtoft.
Dei har ein frykta førsteellevar, med profilar som har like mange store titlar og rekordar som året har dagar.
Men bak Tysklands mektige startoppstilling finst det også talent og evner i verdsklasse.
Toni Kroos (Bayern München), Mario Götze (Borussia Dortmund) og André Schürrle (Bayer Leverkusen) har alle tre ting til felles:
- Dei speler ein sentral rolle på kvart sitt tyske storlag
- Dei er alle i starten av 20-åra
- Dei sat alle på benken i store delar av eller heile kampen då Tyskland møtte Portugal i gruppe B.
– Ikkje aleine om «problemet»
Bare Kroos fekk spele ball når spelet var i gang i det nemnde oppgjøret. 22-åringen hadde litt over fem minutt på banen før dommaren blåste av kampen ...
Alle tre utgjør dei supermidtbanen som godt kunne vore med å ta Tyskland vidare i EM, men som stort sett er venta å måtte sjå meisterskapen frå sidelina.
– Det tyske reservelaget hadde nok hevda seg godt i eit EM, seier Fjørtoft.
Fjørtoft påpeiker at den sterke troppen ikkje bare er eit tysk problem, men at landslagssjef Joachim Löw på mange måtar er i ein unik posisjon til å velje frå øvste hylle.
– Nederland har jo for eksempel storscoraren Huntelaar på benken, for å nemne nokon. Men Tyskland er jo i posisjon til å vrake Mario Gomez, som avgjorde mot Portugal, seier Fjørtoft.
– Vi i Norge kan ikkje ein gang drøyme om slike tilstandar. Dei har ein heilt spesiell tropp, legg han til.
Hyller Götze framfor gigantduellen
Men om Kroos, Götze og Schürrle ikkje får tillit frå start for fotballgiganten, så har dei evne til å stadig minne Löw på at dei er meir enn gode nok for å spele internasjonal toppfotball.
– Kroos er den som har vore nærast ein plass på laget til Tyskland. Schürrle har hatt eit dårleg år, og Götze har ikkje vore med heile sesongen på grunn av skade.
Skal ein tru Nederlands Rafael van der Vaart burde sistnemnde vore ein seriøs kandidat til kvar og ein startoppstilling.
Han har verkeleg fyrt opp stemninga framfor kampen mellom Tyskland og Nederland, som dei nemnde tre midtbanetalenta mest truleg må sjå frå benken.
– Sjølvsagt har Tyskland eit bra lag, men om eg skal setje namnet på tre viktige kvalitetsspelarar, så klarar eg bare å nemne tre: Mesut Özil, Mario Götze og Bastian Schweinsteiger, seier van der Vaart, og meiner at tyskarane ikkje stiller sterkt forsvarsmessig.
Det store oppgjøret
Og truleg vil både Kroos, Götze og Schürrle kjenne på at kveldens oppgjør er større enn dei aller fleste internasjonale bataljar. Kanskje kan dei håpe å få eit par minutt i ein kamp som er uhyre viktig for begge lag.
Mest sannsynleg ville dei heller ikkje gjort det dårleg, om dei fekk tillit i oppgjøret som samlar store fotball-Europa framfor TV-skjermane i kveld
– Det eitt av dei store oppgjørene i Europa. Det er vel bare England–Tyskland som kjem opp mot det. Men det er kanskje fordi engelske journalistar er flinkare til å hausse opp møtet, seier Fjørtoft.