Det er 17 år sidan den hittil einaste cup-semifinalen på Høddvoll. Hødd tapte 0-5 for Rosenborg i 1995, og nærmare cupfinalen har gjengen frå Ulsteinvik aldri vore.
Følg kampen også i tekst spark for spark
Det kan det bli ei endring på i kveld når Hødd skal møte Brann, eit lag som ligg 19 serieplassar høgare oppe. Det treng ikkje vere noko hinder for Hødd-siger i ettermiddag, og eit lag frå Sunnmøre i finalen for tredje gong på fire år.
Kanskje tidenes Hødd-kamp
No er det klart for det som minst er årets kamp - kanskje tidenes kamp - for Hødd. Det vil heilt sikkert vise att på innsatsen til dei blåkledde.
Ein "askeladd" i cupfinalen er ikkje noko nytt. Det er ikkje meir enn to år sidan Follo slo Rosenborg i semifinalen og spela finale. Og lag frå nivå 2 i norsk fotball har stadig vekk kome til finalen.
Men dei 19 plassane gjer i alle fall Brann til førehandsfavoritt. Dei vil ha revansje for finaletapet for Aalesund i fjor, og tar på ingen måte lett på kampen.
– For meg er det viktig at vi lykkast med å kome til finalen og vinne den. Det er på den måten vi kan utvikle oss vidare, seier Helge Nilsen til brann.no.
– Bror min er flink til å motivere
Han er ungdomstrenar i Brann, bror til Hødd-trenar Lars Arne Nilsen og onkel til Hødd-spelar Sivert Nilsen.
– Broren min er flink til å gi spelargruppa tru på at dei kan slå kven som helst. Den trua hadde dei mot Haugesund, og den kjem dei til å ha i dag, seier Helge Nilsen.
Som for ordens skuld slår fast at han sjølv er "Brann-mann".
– Men om vi skulle tape, er det iallfall ei trøyst at Lars Arne og Sivert er i finalen, seier Branns ungdomstrenar.