Hopp til innhold

Rekord på rekord i El Clasico

El Clasico er ikkje berre eitt av dei aller største fotball-derbya i verda, det er også ein kamp med utruleg mange mogelege rekordar. Og Lionel Messi og Cristiano Ronaldo er involvert i dei aller fleste.

Ronaldo og Messi

Ronaldo (t.h.) har opna årets sesong klart best, men det er Lionel Messi og Barcelona som er best i ligaen så langt.

Foto: QUIQUE G / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

Messi toppar dei fleste statistikkane, men han har fire sesongar meir i La Liga enn det Ronaldo har. Ronaldo har opna årets sesong klart best , men det er Barcelona som er best i ligaen så langt.

Og kampen blir den første der verdien av spelarane bikkar ein milliard euro – åtte millionar kroner.

Messis «all time high» i La Liga er nok den mest prominente rekorden som kan bli slått. Med eitt mål på Santiago Bernabeu laurdag tangerer han Telmo Zerras rekord på 251 mål i den øvste spanske ligaen.

Zarra scora sine mål for Athletic Bilbao frå 1940 til 1955, og rekorden nærmar seg dermed 60 år. Messi kan tangere og setje ny rekord 10 år og 9 dagar etter at han debuterte for Barcelona i ligaen.

Lionel Messi

Med eitt mål på Santiago Bernabeu laurdag tangerer Lionel Messi Telmo Zerras rekord på 251 mål i den øvste spanske ligaen.

Foto: JOSEP LAGO / Afp

Dette er Messis fantastiske ti år i Barcelona:

  • Debuterte mot byrivalen Espanyol 16. oktober 2004.
  • Første målet for Barcelona i ligakampen mot Albacete i mai 2005.
  • Scora sitt første hattrick for Barcelona i mars 2007 – mot Real Madrid heime på Camp Nou.
  • Scora sitt kanskje mest spektakulære mål då han gjekk frå eigen banehalvdel og scora mot Getafe i april 2007 – ei scoring som blir amanlikna med Diego Maradonas mot England i VM i 1986.
  • Fekk Gullballen for første gong i 2009, året då han hjelpte Barcelona til å vinne alle seks troféa dei kjempa om.
  • Messi scora det andre målet i finalesigeren 3-1 over Manchester United i meisterligaen, som han var med på å vinne for tredje gong i 2011.
  • I mars 2012 vart Messi Barcelonas toppscorar gjennom tidene då han passerte Cesar Rodriguez' 232 mål for klubben.
  • Messi sette rekord med 50 ligamål i sesongen 2011-12.
  • I kalendaråret 2012 scora Messi 91 mål og knuste Gerd Müllers gamle rekord på 85 mål for Tyskland og Bayern München i 1972.
  • I 2012 vart Messi kåra til den beste fotballspelaren i verda for fjerde gong – også det er rekord.

Og Messi har starta årets sesong også bra:

  • Han har 10 mål og 9 målgivande i alle kampar (12) hittil.
  • Neymar har scora fire av sine sju mål etter målgivande frå Messi.
  • Messi har scora 21 gonger i El Clasico. Det er rekord.
  • I 28 kampar mot Real Madrid har Messi 21 mål og 12 målgivande. På dei seks siste El Clasico har han scora åtte mål, inkludert tre i Madrid i fjor.

Men trass alt dette – i år kan han bli overskugga av Cristiano Ronaldo, Reals megastjerne som har opna denne sesongen endå sterkare enn nokonsinne før.

Ronaldo

Ronaldo har før El Clasico dene helga scora 192 gonger for Real i La Liga sidan han kom til klubben i 2009. Berre Alfredo di Stefano (216) og Raul (228) er framfor Ronaldo på lista.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

Ikkje mindre enn 15 ligamål har han teikna seg for i haust. Det er like mange som Barcelonas Messi og Neymar har til saman. Ronaldo har tre hattrick i ligaen så langt.

  • Ronaldo har før El Clasico dene helga scora 192 gonger for Real i La Liga sidan han kom til klubben i 2009. Berre Alfredo di Stefano (216) og Raul (228) er framfor Ronaldo på lista.
  • Han har scora i 11 av Reals 13 kampar (liga, meisterliga og cupar) denne sesongen. Berre i den spanske supercupfinalen mot byrival Atletico gjekk han av bana utan scoring. Real tapte 0-0 og 0-1.
  • Han har scora i alle dei 14 siste heimekampane i ligaen, totalt 25 mål.
  • Ronaldo har også scora 22 hattrick for Real i ligaen. Det er ein mindre enn ligarekorden som Alfredo di Stefano og Telmo Zarra deler. Og Ronaldo har gjort hattrick i begge Reals to siste heimekampar.
  • Men når det gjeld flest hattrick totalt for eit spansk lag i alle turneringar, ligg Ronaldo og Messi likt med 26. Her har Zarra 31 og di Stefano 28.
  • I det førre El Clasico, på Santiago Bernabeu i Madrid, scora Messi hattrick då Barcelona vann 4-3.
  • Ronaldo og Messi har scora hattrick på same dag to gonger: 20. november 2011 då Real slo Athletic Bilbao 5-1 og Barcelona slo Almeria 8-0. 24. september slo Real Rayo Vallecano 6-2, Barcelona slo Atletico Madrid 5-0.
  • I El Clasico på Camp Nou 7. oktober 2012 scora begge to mål i 2-2-kampen.

Men El Clasico dreier seg ikkje berre om Ronaldo og Messi, sjølv om det kan verke slik.

Dei to gigantklubbane har vore erkerivalar omtrent sidan dei vart stifta rundt førre hundreårsskifte. Rivaliseringa går langt forbi fotballen, og har teke opp mykje av dei politiske motsetnadene mellom den spanske sentralmakta i Madrid og Spanias mest «uregjerlege» region Katalonia .

  • Kampen laurdag blir ligamøte nummer 168 mellom dei to rivalane. Real har vunne 70, Barcelona 66. 32 gonger har dei spela uavgjort.
  • Største liga-siger: Real Madrid slo Barcelona 8-2 i 1935. Barcelonas største siger er 7-2 i septmber 1950 og 5-0 ved fire høve. Deriblant på Santiago Bernabeu i februar 1974, den største bortesigeren i El Clasico.
  • Barcelona vann 4-3 i Madrid i førre sesong, og kan vinne to bortekampar på rad for første gong sidan 2009/10-sesongen.
  • Real har scora 30 mål på sine åtte første kampar, det vil seie 3,75 mål per kamp. Då dei sette ligarekord med 121 mål (på 38 kampar) i 2011/12, hadde dei 31 etter ni kampar.
  • Barcelona har 22-0 i målskilnad hittil i sesongen. Åtte kampar frå start utan baklengsmål er spansk rekord. Om dei held nullen også mot Real, tangerer dei rekorden for alle dei fem store europeiske ligaene på ni kampar frå sesongstart utan baklengs (Paris Saint-Germain i 1996/97 og Stuttgart 2003/04).
  • Verdt å merke seg er at alle Barcas 22 scoringa er spelemål – ingen frå faste situasjonar. Og 21 av dei er frå inne i 16-meteren. Sist Barcelona scora frå ein fast situasjon, var Lionel Messis frispark i 2-1-sigeren over Athletic Bilbao 20. april i år.
  • Barcelona har berre 52 skot og 20 hjørnespark imot på sine åtte kampar i haust. Begge deler er færrast i La Liga.
  • Luis Suarez kan bli den fjerde spelaren som debuterer og scorar i El Clasico, og den første sidan Steve Archibald gjorde det for Barcelona i september 1984.
  • Barcelona-manager Luis Enrique er ein av berre fem spelarar som har scora i El Clasico for begge klubbane. Dei andre er Josep Samitier, Luis Figo, Roberto Carlos og Ronaldo (ikkje Cristiano).
  • Kazim Benzema har scora fire mål i sine siste tre heimekampar mot Barcelona.
  • Reals keeper Iker Casillas har sluppet inn 17 mål fra Messi. Ingen andre har scoret så mange mål mot Casillas, som også har sluppet inn et Messi-mål på landslaget.

Fotball

  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
  • Viking stoppet av FFK – tre kamper uten seier

    Poengfangsten går trått for Viking. Søndag ble laget holdt til 1-1 hjemme mot Fredrikstad.

    Ikke siden åpningskampen har Viking stått igjen som vinner i Eliteserien. Nicholas D'Agostinos hodestøt fikset poenget mot FFK.

    Før det hadde Morten Bjørlo gitt gjestene ledelsen på fantastisk vis. I det åttende minutt snappet han opp en svak Viking-pasning, tok seg oppover i banen og knallet inn 0-1 fra 20 meter.

    (©NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Viking - Fredrikstad
    Foto: Carina Johansen / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden