– Eg har ikkje ord. Dette ei kjensle eg ikkje har hatt på lenge, sa Tagbajuni med eit breitt smil til TV 2 Zebra i pausen.
Han er nigerianar som er fødd i Norge og har spela for Skeid.I august vart han utlånt frå kypriotiske AEL Limassol, og fekk sin første smak av norsk eliteserie i sluttminutta mot Mjøndalen for to veker sidan.
– Det var helt utruleg. Du kan ikkje håpe på meir. Dette betyr enormt mykje for meg, sa han etter kampslutt og takka fansen for den gode mottakinga.
– Dei har teke meg svært godt imot, eg trivst godt i Strømsgodset, sa spissen.
Fekk sjansen då Pedersen sona
Mot Haugesund i kveld fekk han for første gong sjansen frå start, fordi Marcus Pedersen måtte sone for altfor mange gule kort.
Det gav resultat med ein gong. Han var ikkje involvert i 1-0-målet til Lars Christopher Vilsvik, men han var sist på dei to neste.
- 2-0 etter 27 minutt. Gustav Vilsvik vinn ein duell inne i feltet, og headar ned til Tagbajumi som frå fem meter set inn sitt første Godset-mål.
- 3-0 etter 32 minutt. Bismark Adjei-Boateng går nedover høgresida i full fart og legg inn. Der styret Tagbajuni elegant ballen i nettet.
Det stod 4-0 etter ein første omgang Strømsgodset dominerte heile vegen. Det siste målet i omgangen sette Boateng inn fem minutt før pause.
– Dei får dei to første måla på dødballar og får kampen inn i sitt spor. Det klarte vi ikkje å møte, og då var det berre å prøve å avgrense tapet, sa Haugesunds trenar Jostein Grindhaug.
– Ein god prestasjon av Strømsgodset, ein dårleg av oss, oppsummerer Grindhaug.
Gjekk ut til ståande applaus
Men Tagbajuni hadde gitt sitt i denne førsteomgangen. Etter pause var han mykje meir anonym, og vart teken av bana til ståande applaus etter eit drygt kvarter.
Siste omgangen gav berre eitt mål, men det var til gjengjeld kveldens vakraste. Bismark Adjei-Boateng la tilbake til Mohammed Abu som på direkten frå over 20 meter plasserte ballen i krysset. Hans første eliteseriemål denne sesongen.
24. mai tapte Strømsgodset 4-0 i Haugesund. Det var dropen som fekk det til å flyte over for Godset-leiinga, og David Nielsen fekk sparken. Bjørn Petter Ingebretsen overtok, og Strømsgodset har vunne åtte av 11 kampar etterpå.