Det er snart tre år sidan jamaicanske Bolt sette ny verdsrekord på 100 meter.
I ettertid har mange spurt seg om han er i stand til å presse ned sensasjonstida på 9,58 frå VM i Berlin.
No meiner matteprofessor John Barrow frå universitetet i Cambridge at det langbeinte fartsfantomet, som denne sommaren kjem til Bislett Games like før OL i London, kan sprenge nye grenser.
Barrow har nemleg rekna ut kor mykje raskare Bolt kan flytte med ein god start og perfekte vindforhold.
– Dette handlar om å skape eit bilete av kor raskt eit menneske verkeleg kan springe, seier Barrow til nyheitsbyrået Reuters.
– Må forbetre reaksjonstida
Briten har mellom anna analysert Bolts reaksjonstider etter at startskotet går på 100 meter. Dei er generelt treige samanlikna med andre elitesprintarar sine tider.
Her ligg Bolts første rom for forbetring.
– Ei 100-metertid er summen av to element: Reaksjonstida etter startskotet, og den faktiske løpetida.
– Om Bolt presser reaksjonstida ned til 0,13 sekund, som er heilt OK, vil han lett forbetre tida på 9,58. Det kan kanskje bare vere snakk om fem hundredelar, så har han forbetra verdsrekorden.
VIDEO: Denne tida kan Usain Bolt forbetre, meiner matteprofessor Barrows
– Dette kan han gjere under perfekte forhold
Barrow har også rekna seg fram til tida Bolt kan få i perfekt medvind (to meter i sekundet) og minimal luftmotstand.
– Med perfekte forhold og god reaksjonstid kan Bolt faktisk passere 100 meter på 9,4 sekund, utan å springe noko særleg raskare enn sist, seier Barrow.
– Poenget mitt er at vi enno ikkje har nådd grensa for kor raskt eit menneske kan flytte på distansen, meiner professoren.