Hopp til innhold

Haaland i selskap med Rooney og Raúl etter monsterdebut

Erling Braut Haaland ga fotballeuropa hakeslepp med hat trick(!) i sin første omgang i meisterligaen.

Haaland

I FYR OG FLAMME: Erling Braut Haaland i ekstase etter ein av tre scoringar for Salzburg i første omgang mot Genk.

Foto: LEONHARD FOEGER

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi har fått ei verdsstjerne! ropte Viasat-kommentator Eivind Bisgaard Sundet.

19-åringen brukte to minutt på å fyre opp heimefansen og 45 minutt på å tenne eit ekstatisk Twitter-publikum over heile verda.

– Eg føler meg veldig bra, seier ein ordknapp Haaland i eit intervju vist på Viasat.

Med tre mål mot Genk i meisterligaen fører Erling Braut Haaland seg inn i ei eksklusiv rekke med debutantar.

For plutseleg formidla statistikktenestene prestasjonar frå Rooney, Raúl og Haaland i samme åndedrag.

Tredje yngste i historia

Haaland er nemleg den tredje spelaren gjennom historia til å score i løpet av dei første to minutta i ein meisterliga-debut. Kun Andreas Möller i 1995 og Eliaquim Mangala i 2009 har gjort det før han.

Han er den første tenåringen som scorar meir enn ein gang i sin meisterliga-debut sidan Wayne Rooney scora hat trick for Manchester United mot Fenerbahce i 2004.

Jærbuen er med sine 19 år og 58 dagar den tredje yngste gjennom historia til å score eit meisterliga-hat trick. Spania og Real Madrids Raúl gjorde det i 1995 i ein alder av 18 år og 113 dagar. Og Wayne Rooney gjorde det altså i ein alder av 18 år og 340 dagar i 2004, skriv statistikktenesta Opta.

Laster Twitter-innhold

Haaland optimist før Liverpool-møte

Salzburg høvla over Genk, og leia vanvittige 5-1 til pause etter øvrige scoringar frå Hee-chan og Szoboszlai.

Men Twitter kokte meir over i begeistring av Haaland enn resultatet. På telefon med NRK kokte det også for fotballekspert Carl-Erik Torp.

– Det er stort. Det er heilt rått. Han bare bekreftar spisskompetansen til å score mål, der han bare krummar nakken. Han er fullstendig uredd og unorsk - det er utruleg stort, seier NRK-ekspert Torp.

Samtidig er han snar med å påpeike at Genks forsvarsspel har vore under einkvar kritikk og at Haaland kjem til å få bryna seg på langt tøffare midtstopparar mot Liverpool og Napoli.

– Eg skal ta fullstendig av om han gjør det same mot Liverpool, seier Torp om ungguten som blei tatt av banen til ståande applaus etter 71 minutt.

Haaland er optimist før møtet med Liverpool.

– Alt er mogleg. Du såg korleis Ajax gjorde det i fjor. Det hadde vore fint å bli det nye Ajax, seier 19-åringen.

Haaland

KANONSTART: Haaland dundra inn 1-0 mot sjanselause Genk-spelarar.

Foto: LEONHARD FOEGER

– Klubbane siklar etter han

Haaland har ein spinnvill statistikk i sesonginnleiinga. I den austerrikske serien står han bokført med 11 mål på sju seriekampar. Når har han allereie plussa på med tre på ein meisterligakamp, blir målsnittet smått utruleg.

Og januarvinduet nærmar seg med stormskritt.

– Eg spår at det blir fulle tribunar med agentar og klubbar som siklar etter han og ikkje vil la anledninga gå frå seg. Dei vil kaste seg over han. Det blir spennande å sjå kva som blir neste steg. Men det er ingen tvil om at han får sjansen i ein større liga enn der han er no. Salzburg veit også det. Dei sit på gull, seier Torp, utan at han vil spekulere i kva land som passar lysluggen aller best.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal