- England - Norge på NRK P1 og på NRK Sport på DAB+ onsdag kl 21.00. Klikk her!
– Eg kunne ikkje takke nei, seier Skjelbred til NRK.no.
Landslagssjef Per-Mathias Høgmo avslørte Brede Hangelands arvtakar påpressekonferanse på Wembley tysdag kveld.
Onsdag får midtbanespelaren testa leiarferdigheitene mot Englands stjerner med kaptein Wayne Rooney i spissen.
Rooney er også fersk som kaptein for England, men står med 95 landskampar sidan debuten i 2003.
Til samanlikning har Skjelbred 23 landskampar for Norge.
27-åringen er bare to kampar unna å få gullklokka, men først får han kapteinsbindet.
Skal vise unge spelarar korleis dei kan takle motgang
Skjelbred er førstevalet. Dersom Hertha Berlin-profilen ikkje kan spele vil Tarik Elyounussi eller Tom Høgli vikariere for 27-åringen.
– Eg er veldig fornøgd med Per, seier Høgmo, som trena Skjelbred i Rosenborg i 2005.
– Han har definitivt vokst seg stor som spelar og person, legg landslagssjefen til.
– Du brukte Vegard Forren mot Dei foreinte arabiske emiratar. Kvifor blei ikkje han kaptein?
– Eg har sagt tidlegare at vi har fleire kapteinstypar. No når alle er på plass har vi prioritert Per Ciljan. Vegard gjorde ein god jobb sist, seier Høgmo.
– Kva leiareigenskaper ser du i Per Ciljan?
– Han har gjennom karrieren vist at han kan takle motgang. Han er i stand til å stå støtt i utviklingsløpet. I dette laget med svært låg snittalder, har spelarane ein dei kan sjå opp til, seier Høgmo.
Landslagssjefen siktar til stortalentet Per Ciljan Skjelbred som brakk beinet i meiosterligamøtet med Olympiakos i 2005. Skjelbred kom tilbake og gjekk etter kvart frå Rosenborg til Hamburg. Der fekk han minimalt med speletid, men har no etablert seg som fast inventar på hovudstadslaget Hertha Berlin.
– Måtte bare seie ja
Skjelbred kunne ikkje takke nei då tilbodet kom.
– Det er ei ære å bære kapteinsbindet for Norge. Då eg fekk sjansen måtte eg bare takke ja. Det er ikkje noko meir spesielt enn det. Jobben på banen er den viktigaste, seier Skjelbred.
– Når kom beskjeden?
– For to-tre timar sidan.
– Kva leiareigenskapar har du?
– Eg er ein god person på og utanfor banen. Eg er seriøs med det eg gjør. Eg er kanskje ein person som handlar meir enn eg snakkar, seier Skjelbred, som også har hatt kapteinsbindet på aldersbestemte landslag.
Møller Dæhli: – Eg og Per er ganske like
Ein av landslagets yngste, Cardiffs Mats Møller Dæhli, er fornøyd med Høgmos valg.
– Per Ciljan og eg er veldig like som spelarar. Derfor ser eg opp til han. Det var riktig å gje han kapteinsbindet, seier Dæhli til NRK.no.