Landslagstrenar Alexander Stöckl fekk tidlegare i dag høyre at Hilde noko overraskande kan vere tilbake i i trening om kort tid.
– Vi fekk nettopp den gledelege meldinga frå Tom, seier Stöckl og legg til:
– Han kan vere tilbake i trening ganske snart. Om tre til fire veker vil legane avgjere om han kan komme tilbake i bakken, seier Stöckl.
Fredag i førre veke blei Tom Hilde frakta til sjukehus med smerter etter et stygt fall i Oberstdorf.
Der fekk han vite at han hadde brekt den åttande virvelen i ryggraden. Det blei også konkludert med at sesongen var over for den mørbanka hopparen.
VIDEO: Tom Hildes stygge fall (artikkelen held fram!)
Hilde jublar ikkje enno
Hilde seier til NRK at han er kjend med legens vurdering av skaden. Samstundes vil han ikkje sleppe jubelen laus heilt endå.
Legen som har undersøkt røntgenbildene skal nemleg ha eit møte med mellom anna ein fysioterapeut seinare i ettermiddag der dei diskuterer nærare kva som skal til for å få til ei opptrening for Hilde.
For sjølv om skaden er lega, er det ikkje sjølvsagt at Tom Hilde er oppe i bakken umiddelbart.
– Eg kan seie meir om dette etter møtet mellom legen og fysioterapeuten. Eg kjem ikkje til å gå opp i ein bakke før eg er 100 prosent sikker på at eg kan hoppe for fullt, og då er det vanskelig for meg å seie nå kor lang tid det tar, sier Hilde til NRK.no.
VIDEO: Tom Hilde frå sjukesenga (artikkelen held fram!)
Legen: – Karrieren ikkje trua
Landslagslege Thorbjørn Haugen ønskar enno ikkje å slå fast noko tidspunkt for når Hilde kan vere tilbake i hoppbakken. Han stadfestar at det er eit brot, men av ein tyde som ikkje gjev seinskader. Det ser han på som positivt.
– Det var oppløftande på den måte at det ikkje er ei skade som truar karrieren, noko dei første opplysningane som kom frå Tyskland kunne tyde på, seier Haugen.
– Det er mogleg at han rekk VM
Den positive meldinga får Stöckl til å håpe på at Hilde kan rekke meisterskapen som startar 24. februar.
– Det er mogleg at han rekk VM, seier Stöckl.
Meldinga er meget gledeleg for hopplandslaget som i dag konkurrerer i Innsbruck, der Hilde blei nummer tre i fjorårets hoppveke.
– Eg er glad på Toms vegne. Dette var veldig positivt, avsluttar Stöckl.