– Det var veldig trist å få beskjeden i går kveld. Ingolf var jo sprek gjennom heile livet, og er ein av tidenes beste norske hopparar, seier NRKs hoppkommentator, Arne Scheie.
Avisa rbnett.no melde om dødsfallet torsdag morgon. Mork skal ha døydd etter kort tids sjukdom.
Arne Scheies mentor
I tillegg til store prestasjonar i hoppbakken, hugsar NRK-kommentatoren legenda som ein god hjelpar.
Då Scheie starta med kommentering i NRK, søkte han hjelp hos Mork.
– For meg var han ein mentor. Han lærte meg mykje om hoppsporten, gav meg innspel og var ein fantastisk fin fyr. Eg er veldig takksam for det han gav meg, seier Scheie.
– Men eg fekk aldri æra av å kommentere Ingolf. Det første året eg kommenterte renn var det første året då han ikkje var aktiv hoppar, legg han til.
– Verdas klart beste hoppar
Mork vann den tysk-austerrikske hoppveka i 1972. Dette blei hans største bragd i karrieren.
– I tillegg skulle han ha vunne i 1971, men fall i Innsbruck. Det året var han klart verdas beste hoppar, seier NRK-kommentatoren.
– Han vil stå som ein av dei beste norske hopparane gjennom tidene, legg Scheie til.
VIDEO: Arne Scheie om hopphelten Ingolf Mork
VM-vinnarens store førebilete
Ein som også vil hugse Mork er tidlegare skihoppar Per Bergerud. Han debuterte i hoppveka i 1974, og representerte generasjonen som kom etter hoppveke-vinnaren.
– Han var absolutt eit førebilete for oss. Eg hugsar at eg sat klistra og høyrte på radio eller såg på TV når det var renn, og spesielt under hoppveka, seier Bergerud.
– Eg har faktisk hoppa i same renn som han også. Vi deltok i eit mønstringsrenn i Midtstuebakken ein gong i tida, legg han til.
Bergerud tok seinare VM-gull i 1985. Tre år tidlegare kapra han tredjeplassen samanlagt i hoppveka.
Han meiner at Mork har betydd mykje for utviklinga til norsk hoppsport.
– Mork hadde ein utruleg treningsdisiplin, og utforska ulike treningsmetodar medan han var aktiv. Vi som kom i generasjonen etter følgde ting han gjorde. Han har bidratt mykje til å finne ut korleis ein skal trene riktig. Det er der han har påverka hoppsporten på ein positiv måte, seier Bergerud.
Artikkelen held fram!
Lokalmiljøet i sorg
«Det er med stor sorg vi tok imot melding om at idrettslagets æresmedlem, beste utøver, leiar av hoppgruppa og største eldsjel gjennom alle tider døde i kveld,» skriv Morks idrettslag, Hjelmset-Fram, på heimesida si.
– Ein særs trist og uventa melding å få, seier Hans Jørgen Næss til rbnett.no.
Han var ein av Morks mange gode idrettsvener.
– Det er tragisk og trist for veldig mange. For familien, for bygda, for idrettsmiljøet i Hjelset-Fram, for friluftslivsmiljøet og for heile Idretts-Norge, seier Næss.