Asker-løparen tok nemleg gullet også på 1500-meteren, og vann dermed alle tre løpa ho stilte opp i.
Det gav henne kongepokalen. Håvard Bøkko tok kongepokalen i mennenes klasse.
Fredrik van der Horst slo Sverre Lunde Pedersen med to sekund på 10.000 meter og tok gullet i NM i Vikingskipet.
Han gjekk i nest siste par og sette personleg rekord etter eit jamnt og godt løp.
I paret etterpå såg Sverre Lunde Pedersen ut til å ha fin kontroll og leia med opptil seks sekund. Men på dei to siste rundane fekk Fana-løparen det tungt og enda to sekund bak.
Distanse-NM vart avslutta søndag med mellom anna dei lengste distansane. Mari Hemmer tok eit suverent gull på kvinnenes 5000 meter.
Horst slo Pedersen på mila
Fredrik van der Horst fekk tida 13.38,85, medan Sverre Lunde Pedersen tok sølvet med 13.40,87. Thomas Henrik Søfteland var heller ikkje langt etter med 13.42,22.
Hemmer gjekk 5000-meteren på 7.24,79. Det var nesten 12 sekund betre enn sølvvinnaren Frida van Megen som fekk 7.36,49. Her tok Sofie Karoline Haugen bronsen på 7.53,43.
Ida Njåtun er NM-grossisten, og ho tok sitt fjerde gull med 2.00,64 på 1500-meteren. Tidlegare har ho vunne 1000 m og 3000 m. Ho stod over 5000-meteren.
Håvard Bøkko tok sitt andre gull med siger på 1000 m søndag. Tida vart 1.10,51, 11 hundredelar betre enn Christoffer Fagerli Rukke.
Sjå Bøkkos gulløp på 1000-meteren.