Hopp til innhold

Keane om Haaland: – Bortskjemt drittunge

Tidlegare Manchester United-kaptein Roy Keane går igjen til angrep på Erling Braut Haaland.

Haaland

FRUSTRASJON: Erling Braut Haaland var oppgitt då han blei tatt av banen mot Wolverhampton.

Foto: AFP

– Han oppførte seg som ein bortskjemt drittunge, seier Roy Keane i Sky Sports-studio søndag.

Keane siktar til situasjonen som blei ein snakkis etter Haalands fire mål for Manchester City mot Wolverhampton.

Då jærbuen blei tatt av banen i det 82. minutt laga han ei stor scene i møte med Pep Guardiola.

Haaland viste tydeleg frustrasjon. Fleire meinte at det var fordi han ville spele meir.

Keane synst Haaland slapp billeg unna med oppførselen.

– Fordi dei har vunne kampen og han scorar mål blir det nesten gløymt, seier Keane.

Bortskjemt drittunge... Det er vel greit når du har scora fire mål?

– Nei, ikkje eigentleg, seier Keane.

Premier League - Everton v AFC Bournemouth

KRITISK IGJEN: Roy Keane var ikkje nådig mot Erling Braut Haaland i Sky Sports-studio.

Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters

Etter Keanes svar blei det heilt stille i studio før tidlegare Liverpool-spelar Daniel Sturridge braut ut i latter. Programleiaren sa så at dei kanskje skulle ta opp temaet seinare i sendinga.

Haaland: – Bryr meg ikkje om den mannen

Dette er den andre gangen på kort tid at Keane kritiserer Haaland.

I mars var ga han Haaland det glatte lag for enkelte ferdigheiter på banen.

– Nivået hans i banespelet er så dårleg. Det er ikkje bare i dag. Framfor mål er han den beste i verda, men i banespelet er det så dårleg. Han er nesten som ein League 2-spelar. Det må forbetrast og det kjem til å gjøre det i løpet av dei neste åra. Han er ein fantastisk spiss, men han må forbetre banespelet sitt, sa Keane.

Etter å ha knust Wolverhampton med fire mål fekk Haaland spørsmål om Keane av Viaplay laurdag.

– Den diskusjonen rundt, det med Roy Keane mellom anna, er det noko som tenner deg?

– Eg bryr meg ikkje særleg mykje om den mannen, så det går greit, sa Haaland.

MANCHESTER CITY'S HAALAND BATTLES WITH MANCHESTER UNITED'S KEANE

GAMLE RIVALAR: Roy Keane og Erling Braut Haalands far, Alfie Haaland. Keane blei skulda for å øydelegge far Haalands karriere etter ei grisetakling av dei sjeldne.

Foto: JEFF J MITCHELL / REUTERS

Tok Haaland i forsvar

Erling Braut Haalands far, Alfie Haaland, har antyda at Keane ikkje er ein kvalifisert kritikar av Premier League-toppscoraren.

I april sa han dette til Viaplay:

– Så har du bakgrunnen til Keane og andre ekspertar, som kanskje har ein litt annan agenda. Dei synes sikkert det er litt greit å komme med det (kritikken). Men laget vinn, og Erling er framleis toppscorer, så så dårleg kan det ikke ha gått, sa Alfie Haaland til Viaplay.

Keane og far Haaland var store rivalar for kvar sin Manchester-klubb då dei var aktive. Haaland blei offer for ei av fotballhistorias styggaste taklingar då Keane kom med knottane først inn i Haalands høgre kné.

Siste nytt

  • Manchester City saksøker Premier League

    Manchester City har levert et søksmål mot Premier League med krav om økonomisk kompensasjon for «ulovlige» økonomiske regler.

    Det melder avisen The Times , som skriver at søksmålet innebærer borgerkrig i engelsk toppfotball.

    Bakgrunnen er de 115 regelbruddene Premier League har anklaget klubben for, og som kan føre til svært alvorlige straffereaksjoner dersom saken ender med fellelse.

    The Times skriver at det skal holdes en høring i saken allerede mandag, at den skal avgjøres i løpet i to uker og at utfallet kan endre Premier League for alltid.

    Britain Soccer FA Cup
    Foto: Kin Cheung / AP
  • Ulrikke Eikeri til semifinale i mixed double i Roland-Garros

    Ulrike Eikeri og argentinske Maximo Gonzalez vendte til seier og er klare for semifinale i mixed double i Roland-Garros.

    De møtte japanske Miyu Kato og tyske Tim Pütz og fikk hard medfart i første sett, men kom tilbake og avgjorde kampen i supertiebreak. Sifrene ble 1-6, 7-5, 10-8.

    Kampen på Simonne-Mathieu-banen varte en time og 17 minutter.

    Ulrikke Eikeri
    Foto: PATRICK HAMILTON / AFP
  • Hegerberg ikke med mot Italia – disse starter

    Gemma Grainger gjør tre endringer før bortekampen mot Italia.

    Disse starter for Norge:

    Cecilie Fiskerstrand, Maria Thorisdottir, Tuva Hansen, Guro Bergsvand, Mathilde Harviken, Ingrid Syrstad Engen, Vilde Bøe Risa, Karina Sævik, Caroline Graham Hansen, Guro Reiten og Elisabeth Terland.

    Ada Hegerberg er ikke med i troppen, etter å ha blitt meldt usikker.

    Det er Thorisdottir, Sævik og Terland som er nye innslag i startoppstillingen til Norge.

    EM-kvalifisering kvinnelandslaget: Norge - Italia
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal