Hopp til innhold

Kritiserer OL-prosessen nord og ned

Tidlegare leiar i Idrettsforbundet, Hans B. Skaset, er sterkt kritisk til søknadsprosessen for Oslo-OL. No åtvarar han kraftig om vegen vidare. – Før eller sidan må vi vakne opp!, meiner Skaset.

Fredag 14. mars skal Norge sende inn den første søknaden til Oslo-OL i 2022. Tidligere leder av idrettsforbundet, Hans B. Skaset, er sterkt kritisk til hvordan søknadsprosessen har foregått. Nå advarer han mot veien videre.

Hans B. Skaset er sterkt kritisk til søknadsprosessen inn mot OL 2022 har gått føre seg i Noreg. Han omtalar søknadsprosessen som eit månelandingsprosjekt.

Førstkomande fredag, 14. mars, skal Noreg sende inn den første søknaden for Oslo-OL i 2022.

– Eit OL i Oslo 2022 vil skje på IOC sine premiss. Poenget er at vi her begir oss inn i ein tunnel der vi ikkje veit kva som er sluttpunktet, seier ein oppelda Hans B. Skaset.

Hans B. Skaset

Tidlegare idrettsleiar Hans B. Skaset er skeptisk til garantiane som no blir gitt til IOC.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Søknaden som blir sendt inn fredag i neste veke gjer at Noreg forpliktar seg juridisk til IOC.

– Det betyr at det er IOC som bestemmer, saman med dei internasjonale særforbunda, korleis OL skal avviklast. Vi begir oss inn og forpliktar oss til det gjennom søknaden, fortel Skaset til NRK.

Meiner offentlegheita ikkje får informasjon

Han var ein av dei mest sentrale leiarane i norsk idrett. Skaset var formann i Norges Idrettsforbund i sju år, før han mellom 1991 og 2000 var ekspedisjonssjef i Kulturdepartementet i idrettsavdeling. Få har betre kjennskap til dei politiske prosessane rundt eit OL enn det Skaset har.

No ropar professoren eit kraftig varsku om IOC sine vilkår som Noreg er på veg til å godta ved å sende inn OL-søknaden. Det utan at det har blitt behandla politisk i Stortinget.

– Dette er jo eit månelandingsprosjekt, fordi vi gradvis blir trekte inn i ein forplikting som er udeklarert, meiner Skaset.

Spesielt paragraf 33 i OL-charteret uroar Skaset. «The country and the public authorities will comply with and respect the olympic charter», les Skaset.

– Vi har ikkje leiing frå verken søkarbyen eller frå idretten som klargjer dette for offentlegheita, meiner Skaset.

Saka held fram under bildet.

Rønningen, Sjetne, Waitz, Skaset og Ottesen

Hans B. Skaset var sjølv ein del av dei som fekk OL til Lillehammer i 1994. Sidan den søknadsprosessen har svært mykje skjedd. Her saman med andre idrettsprofilar 1986. Dei jobba for eit Lillehammer-OL i 1992 - noko som ikkje gjekk. F.v.: Petter Rønningen, Ole Sjetne, Grete Waitz, Skaset og Per Ottesen.

Foto: Greve, Jan / NTB scanpix
Widwey

Kulturminister Thorhild Widvey meiner dei kan sjå bort frå paragraf 33.

Foto: Bjørnbakk,Jan-Morten / NTB scanpix

– Feigt

Paragraf 33 gjer at regjeringa vil binde seg juridisk til å følgje IOC sine reglar, og dermed garantere for alle utgifter. Dersom Noreg får 2022-OL tildelt på Kuala Lumpur i 2015, kan konsekvensane av garantiane vere at kostnadene aukar kraftig.

IOC og dei sju mektige internasjonale særforbunda skal nemleg seie sitt om både nye idrettar og anlegg – etter tildelinga i 2015.

– I alle tilfelle eskalerer utgiftene etter den tid. Og det er feigt å ikkje erkjenne det – og at det ikkje er kvalitetssikra. Korleis skal ein kunne gjere det?, spør Skaset retorisk.

Kulturminister Thorhild Widvey er derimot tydeleg på at dei vil sjå vekk ifrå paragraf 33 i IOC sitt charter.

– Vi kjem til å gjere det klart for både Oslo som søkarby og IOC at vi har retten til å gå i forhandlingar om kva innhaldet kjem til å vere – dersom Noreg skulle ende opp med eit ja, seier Widvey.

Børre Rognlien

Idrettspresident Børre Rognlien vil fremme norske verdiar dersom Oslo-OL blir ein realitet.

Foto: Thomas Marthinsen / NRK

Sablar ned «retorikk»

Idrettspresident Børre Rognlien er på si side klar på at Noreg som arrangør av OL i 2022 vil ha stor påverknadskraft med såkalla «norske verdiar».

– Det går på frivilligheit, det går på nøkternheit, det går på alt som har med openheit og med miljøsatsing, seier Rognlien til NRK.

– Dette er retorikk som er retta heim for å skaffe oppslutnad om søknaden. Samstundes så skriv ein under på dokument som peikar i stikk motsett retning. Alt som går føre seg skjer på IOC sine premiss, meiner Skaset.

Rognlien på si side meiner òg at IOC no er på veg i ei ny og betre retning.

– IOC innser sjølv at dei treng og ønskjer ei endring, meiner Rognlien.

Meiner IOC går i feil retning

Fleire vil nok derimot gi strykkarakter på endringane som no er i ferd med å skje. For under OL i Sotsji blei det med stor oppslutnad blant IOC-medlemmene fremma forslag om å fjerne «aldersgrensa».

– Så då er altså aldersgrensa på 70 og 80 år borte, og «gutta»

Kulturminister Thorhild Widvey (H) og Idrettspresident Børre Rognlien

Kulturminister Widvey og idrettspresident Rognlien med OL-søknaden.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

kan igjen sitje så lenge dei vil, seier ein oppgitt Skaset.

Aldersgrensene er at alle som blei valt inn i IOC før 1999 får sitje til dei er 80, medan dei valt inn etter får sitje til dei er 70 år. Det var FIFA-president og IOC-medlem Joseph Blatter som fremma forslag i Sotsji om å fjerne aldersgrensa.

Han fekk brei støtte av dei andre IOC-medlemmene. I tillegg blei det fremma forslag om at medlemmene igjen skulle få tilgjenge til søkarbyane.

– Den retten forsvann etter korrupsjonsskandalen knytt til kandidaturet til Salt Lake City i 2002, skriv Skaset i Ytring-kronikken sin.

– Det tyder ikkje på at det går i riktig retning?

– Eg veit ikkje heilt kor du vil med spørsmåla dine. Eg kan berre svare på kva Noreg meiner, svarer idrettspresident Rognlien.

– Må vakne opp!

Spørsmålet er kor mykje norske verdiar vil verke inn på IOC.

– Før eller sidan må vi vakne opp! Ein vil vakne etter kvart, etter Kuala Lumpur om vi vinn fram, seier Skaset, og legg til:

– For då må vi byrje å betale rekningane.

Siste nytt

  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Zuccarello vil spille ishockey-VM for Norge

    Mats Zuccarello åpner for å spille årets ishockey-VM for Norge «om han blir tatt ut på laget».

    Minnesota Wild er ikke med i årets NHL-sluttspill. Derfor er kalenderen fri for landslagsoppdrag for nordmannen. Han har ikke spilt VM for Norge siden i Russland i 2016.

    – Det er lenge siden han har kunnet representere landslaget og har lyst til det nå, bekrefter Zuccarello-agent Kevin Skabo til nitten.no fredag ettermiddag.

    Zuccarello spilte og scoret da det ble tap for Seattle Kraken i sesongens siste kamp i grunnspillet for Minnesota Wild. De var aldri skikkelig med i kampen om en plass i sluttspillet.

    Under fredagens pressekonferanse kom han ifølge journalisten Michael Russo med følgende melding som Russo har lagt på X.

    – Han sa at han spiller for Norge i VM om han kommer med på laget, skriver Russo.

    (NTB)

    NHL: Minnesota Wild at Tampa Bay Lightning
    Foto: Kim Klement Neitzel / Reuters
  • Kastet opp før renn – nå legger NM-vinneren opp 

    Landslagsalpinist Markus Nordgård Fossland (25) avslutter karrieren. Han sier følelsen av å risikere livet, samt vedvarende skadeproblemer, ligger bak.

    – Jeg er lettet. Jeg er sinnssykt lettet, sier Fossland til NRK etter å ha fortalt alle at han er ferdig som toppalpinist.

    – Vet du hva du skal nå?

    – Nei! Det er klart det er skummelt, men det er også sinnssykt spennende, svarer han.

    Fossland, som nylig tok NM-gull i super-G, forteller på Instagram at det er hovedsakelig tilbakevendende problemer med ryggen som utgjør en viktig del av beslutningen om å gi seg. Smertene har han hatt i seks år.

    Deretter peker han på at risikoen han tar ved å sette utfor verdens mest krevende alpinløyper også har blitt en stor belastning. 25-åringen sier perspektivet hans rundt dette har endret seg det siste året.

    – Det å kjøre verdenscuprenn i fartsdisiplinene medfører en risiko. Det trodde jeg at jeg var OK med. Å erfare at jeg ikke kan akseptere denne risikoen har vært smertefullt, frustrerende og sjokkerende, skriver Fossland – og fortsetter:

    – Å kaste opp før flesteparten av rennene i år, og følelsen av å sette livet på spill hver helg, har vært tøft. Det å oppdage at jeg ikke gir hundre prosent på renndager, har vært enda tøffere.

    (NTB / NRK)

    World cup alpint utfor Kvitfjell
    Foto: Erik Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal