Med kolossale stavtak kjempa han mot klokka og leiande Ilia Chernousov inn mot mål.
Men det heldt akkurat ikkje til siger i prologen. Northug fullførte 2,9 sekund bak russiske Chernousov.
– Eg er godt nøgd med løpet, og gjekk eigentleg mot Dario Cologna som er min farlegaste konkurrent her, seier Northug.
Har overtaket
Dario Cologna enda på 16.-plass, 22 sekund bak vinnaren.
Samanlagt er Northug i leiinga i touren i Sverige, og har eit solid 54-sekunds forsprang på Cologna som ligg på 7.-plass.
Northug likar tanken på at han no har overtaket på Cologna.
– Då kan eg kontrollere litt i dei neste renna, seier Northug.
Ein annan nordmann, Eldar Rønning, kjempa seg inn mellom dei ti beste og blei nest beste nordmann på 5.-plass i Falun, 9,8 sekund bak vinneren.
Skal vise musklar i «Mördarbakken»
I morgon lovar Northug å knuse til i den knallharde «Mördarbakken» i Falun for å vise svenskane og resten av langrenssirkuset at han er verdas beste skiløpar.
Emil Jönsson fullførte som beste svenske på 10.-plass på fredag. Han er bare 16 sekund bak leiande Northug.