– Eg får seie med nøgd med andreplassen, og må tåle å tape dette, seier Marit Bjørgen til NRK etter nederlaget mot den polske utfordraren som triumferte med samanlagtsiger i Val di Fiemme sundag.
Etter halvannan kilometers knallhard opphenting på flaten hadde Bjørgen henta inn igjen Kowalczyks 11 sekund store forsprang.
Dermed var dei to kamphanane, som har kjempa side om side gjennom heile Tour de Ski 2012, klare for ein aller siste duell i i slamlåmbakken i Alpe Cermis.
495 høgdemeter skulle forserast i den såkalla Monsterbakken i Val di Fiemme.
- SAMLESIDE: Alt om Tour de Ski 2012
– Eg blei for sein for ho
Med Norges langrennsyndling i rygg kom Kowalczyk inn i det brattaste partiet av løypa. Då slo ho til. Kowalczyk sette opp marsjfarten.
Det blei for mykje for Marit Bjørgen som halsa etter, medan erkerivalen stal meter på meter.
– Ho venta på meg på flata, og det gjekk roleg inn i bakken. Men plutseleg gjekk tempoet opp. Eg var nok litt for sein for ho, og måtte bare sleppe. Kowalczyk var sterkast i dag, seier Bjørgen.
Etter kvart måtte Bjørgen bare gje opp draumen om samanlagtsiger i Tour de Ski.
Avstanden heldt seg heilt til mål. Og polske Kowalczyk kunne juble for sitt tredje Tour de Ski-trofé i karrieren, 28 sekund framfor Bjørgen.
– Eg tar med meg god erfaring frå denne touren. At eg klarar å halde ni løp er bra. Det viser at eg toler Tour de Ski, seier Bjørgen og legg til:
– Eg har eit mål om å vinne her ein gang, og har ikkje på nokon måte gitt opp ein siger samanlagt.
Artikkelen fortsetter.
Johaug: – Hadde bare eitt mål
Tredjekvinne i samandraget før start, Therese Johaug, starta over fire minutt bak polakken og kunne aldri true duoen i tet.
Men kvinna som laurdag blei kåra til årets namn i norsk idrett, kunne sundag sikre tredjeplass i Tour de Ski samanlagt med sikker margin.
- LES OGSÅ:
I mål var ho 3 minutt og 57 sekund bak sigerkvinna Kowalczyk.
– Eg var nok hakket kvassare i denne bakken i fjor. Det einaste målet i dag var å berge 3.-plass, og totalt sett er eg kjempenøgd med den, seier Johaug.
VIDEO: Her går Kowalczyk inn til sin tredje samanlagtsiger i Tour de Ski
– Som om ein aldri kjem til topps
Marthe Kristoffersen viste også musklar i den knallharde motbakken. 22-åringen avanserte ein plass og tok femteplassen bak finske Krista Lahteenmäki.
Hun enda 6.55,1 minutter bak vinnaren.
– Eg «fighta» det eg hadde. Men eg var sliten og måtte jobbe mykje aleine, seier Kristoffersen.
Og slik beskriv ho kampen mot mjølkesyra, opp Alpe Cermis:
– Det går ikkje an å førestille seg kor hardt det er å gå her. Det stig og stig heile vegen, og ein føler at ein aldri kjem til topps.
Og akkurat det kunne ikkje motbakkedronninga Johaug vore meir einig i.
– Eg må ærleg innrømme at eg synst det gjekk meir opp i år enn i fjor. Det var meir svingete også. Eg lurer på om dei faktisk har gjort om løypa i år, flirer Johaug til NRK.