Hopp til innhold

Mille (21) opplevde marerittet for andre gong: – Kan ikkje stole på eigen kropp

Fotballspelar Mille Aune hadde lagt bak seg ein svært krevjande langtidsskade. Så gjekk det gale – igjen.

Mille Aune

TØFT: Mille Aune må skuffa konstatere at det blir nok ein lang periode borte frå fotballen.

Foto: Privat

– Eg har vore veldig langt nede nå. Det kjennest berre uverkeleg.

Det seier Molde-spelar Mille Aune til NRK etter skrekkopplevinga på fotballbanen i helga.

Ho skjønte med ein gong kva som hadde skjedd.

Dette hadde ho nemleg opplevd før.

I april 2022, da ho spelte i Toppserien for Brann, rauk ho både det fremre og bakre korsbandet i det høgre kneet.

Det var langt frå sikkert at ho ville klare å fortsette fotballkarrieren på toppnivå.

Men etter 14 knalltøffe månader på sidelinja kom ho tilbake på banen på hausten i fjor og rakk å spele fire kampar i Toppserien for Brann.

– Small i kneet

I helga var ho klar for serieopning med den nye klubben sin Molde. Men det tok berre 17 minutt før det smalt igjen – denne gongen i det andre kneet.

– Eg skulle berre presse ein Rosenborg-spelar. Men eg merka at hælen hang igjen i graset, kneet bestemte seg for å vere med på retningsforandringa, men det gjorde ikkje hælen. Eg merka berre at det smalt i kneet. Eg skjønte ganske fort at dette var alvorleg, seier ho til NRK.

d

NY KVARDAG: Krykker blir ein del av livet til Mille Aune framover.

Foto: Privat

Aune, som har 27 aldersbestemte landskampar for Noreg, er naturleg nok svært fortvilt av den smått bisarre situasjonen.

– Eg synest at det er skummelt. Ein får jo ei kjensle av at ein ikkje kan stole på sin eigen kropp. Det er ei ganske forferdeleg kjensle å kjenne på at kroppen ikkje speler på lag, seier ho.

– Ventar på å vakne frå mareritt

Beskjeden ho har fått frå legane er at ho er ramma av ein vanleg korsbandskade, noko som inneber ni månader borte frå fotballen etter at ho er operert.

Kor fort operasjonen kan gjennomførast er foreløpig usikkert.

– Men eg håpar det kan komme kjappast mogleg, seier ho.

Denne veka delte ho skadenyheita i eit kjensleladd Instagram-innlegg.

«Det kjennest ennå som eg går å vente på å vakne frå eit mareritt. Det blir vondt og vanskeleg å måtte gjere alt igjen. Kjenne meg ikkje klar til å måtte lære meg å gå, lære meg å bøye og strekke på kneet igjen, lære meg å sentre pasningar igjen. Og å operere igjen. Det blir tungt å sjå lagvenninner få gå ut på banen kvar veke å drive med det dei elskar mest, det eg har mest lyst til akkurat nå. Men eg komme til å heie på dåkker!» skreiv ho i innlegget.

Aune

DEPPAR: Mille Aune får mykje tid til hunden framover.

Foto: Privat

– Blir skikkeleg rørt

I kommentarfeltet fløymer det over av lykkønskingar og varme ord. Fleire norske fotballprofilar har skrive støttande ord.

– Eg har fått lese alt, og eg har blitt skikkeleg rørt av å sjå kor mange som faktisk bryr. Når eg begynner å trene litt meir, så kjem eg nok til å gå inn og lese det ein gong til for at det skal gi ein slags ekstra motivasjon, seier ho.

Ein av dei ho støttar seg ekstra på, er fotballkjærasten Halldor Stenevik, som speler for Moldes herrelag i Eliteserien.

Han skriv i kommentarfeltet: «Du har éin omgang igjen før du står der som vinn».

– Det er jo sjølvsagt veldig roande å ha nokon å lene seg på når ein er heime. Ein eg kan vere brutalt ærleg med om kjenslene kvar einaste dag og får blåse ut her på heimebane om dei vonde tankane ein har. Da har eg litt meir positiv energi å komme med når eg skal ut av døra, seier ho om støtta frå Stenevik.

Halldor Stenevik

FOTBALLKJÆRAST: Moldes Halldor Stenevik blir ei støtte for Aune i tida som kjem.

Foto: NTB

– Forferdeleg å tenke på

Aune meiner den førre skadeperioden gjorde henne sterkare.

Men ho synest ikkje det er nokon fordel at ho veit kva som ventar henne når vegen tilbake til fotballbanen startar på nytt etter den nye skaden.

– Akkurat nå synest eg at det er negativt at eg veit kva steg eg må gjennom før eg eventuelt kan komme på fotballbanen igjen. Første gong tenker ein ikkje så mykje over at ein er nøydd til å lære seg å gå igjen, at ein er nøydd til å lære seg å springe igjen og sende ein pasning igjen. Men nå veit eg alle dei stega eg er nøydd til å gå gjennom. Akkurat nå synest eg at det er heilt forferdeleg å tenke på at eg må spole livet mitt to år tilbake, seier ho.

Sara Berg portrettbilde

Herjer på banen: Sara gjør som bestefar, far og fetter Patrick

– Kjenner seg ikkje heime nokon stad

Kjærleiken til fotballen gjer at ho framleis kjenner på ein motivasjon. Likevel bruker ho ordet «eventuelt» om ein retur til fotballbanen.

– Den kjensla ein får etter ein kamp, at ein er sliten og er fornøgd med eigen prestasjon, det er den typen kjenslene eg jaktar. Men akkurat nå prøver eg berre å prosessere at eg faktisk er ute med ein ny skade, seier ho.

– Kva er det du er mest redd for før du nå går laus på nok ein lang skadeperiode?

– Det er nok at ein ikkje kjenner seg heime nokon stad, viss det gir meining. Når ein speler på eit lag så har ein alltid ein stad som ein kan kalle ein slags familie. Ein har ein stad å komme til kvar einaste dag som er jobb, men samtidig det gøyaste du veit. Det er ikkje sånn at eg ikkje har ein stad å komme til lenger, men det blir ein annan type arena. Når andre går ut på feltet for å trene fotball, så tar du på deg joggeskoa og går inn på gymmen. Ein får ikkje oppleve alt det interne og det som skjer ute på banen.

null
Spiller nå
Kvestet til blods av knotter - OBS sterke bilder 00:43
Neste

Sportsnyheter

Siste nytt

  • De Ligt, Musiala og Dier tilbake i trening før returkampen i Madrid

    Bayern München-trioen Matthijs de Ligt, Jamal Musiala og Eric Dier var alle med på tirsdagens trening før onsdagens Champions League-semifinale mot Real Madrid.

    De Ligt gikk glipp av den første kampen grunnet kneproblemer, og erstatteren Kim Min-jae har fått skylden for begge målene Bayern München slapp inn i 2-2-kampen.

    Bayern-trener Thomas Tuchel sa på tirsdagens pressekonferanse at Dier og De Ligt ligger an til å starte returkampen i Spania.

    – De fortjener å fortsette å spille sammen. Matthijs har fått grønt lys, sa Tuchel.

    Musiala
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • McDavid, MacKinnon eller Kutsjerov blir årets spiller i NHL

    Connor McDavid, Nathan MacKinnon og Nikita Kutsjerov er årets finalister i kampen om å vinne Hart-trofeet som årets spiller i NHL.

    Hart-trofeet gis årlig til spilleren som i en avstemning blant medlemmene i ishockeyjournalistenes forening utpekes som den mest verdifulle for sitt lag.

    McDavid vant Hart-trofeet for tredje gang i fjor og kan slutte seg til Wayne Gretzky (9), Gordie Howe (6) og Eddie Shore (4) som en av spillerne med minst fire. Edmonton Oilers-kapteinen kan også bli den første som vinner to år på rad siden Alex Ovetsjkin i 2008 og 2009.

    6bI-ZE7PPAY
    Foto: AP
  • Nominert til årets manager – fikk sparken

    Liam Rosenior var en av tre nominerte til prisen for årets manager i engelsk mesterskapsserie. Tirsdag fikk han sparken i Hull.

    39-åringen ble i november 2022 hentet til trenerjobben i klubben han hadde spilt for i fem år av sin aktive karriere. Han berget laget fra nedrykk, og sist sesong gjorde Hull det så bra at han i desember fikk en ny og forbedret kontrakt med gyldighet til 2026.

    Han ble også nominert til prisen som sesongens manager sammen med Kieran McKenna (Ipswich, som vant) og Daniel Farke (Leeds), men Hull gikk så vidt glipp av opprykkssluttspill. Med bare en seier på de fire siste kampene endte laget på 7.-plass, tre poeng bak Norwich på den viktige 6.-plassen.

    – Dette er den vanskeligste avgjørelsen jeg har truffet som styreleder i denne klubben. Jeg må se bort fra personlige følelser og treffe avgjørelser med klubbens langsiktige visjoner i sentrum, sier klubbens tyrkiske eier Acun Ilicali til Hulls nettsted.

    – Det er ingen tvil om at vi har hatt framgang under Liam, og han vil alltid være en del av denne familien. Likevel er det blitt tydelig at vi har ulike visjoner for klubbens framtid, og jeg føler at tiden er inne for å gjøre en endring.

    (©NTB)

    dfClLXF5MRI
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal