Hopp til innhold

Salah om Klopp-krangelen: – Viss eg pratar i dag, så tek det fyr

Mohamed Salah var tydeleg misfornøgd på sidelinja og hamna i diskusjon med trenaren før han vart bytta inn da Liverpool spelte uavgjort mot West Ham.

Premier League - West Ham United v Liverpool

Full krangel mellom Salah og Klopp

– Viss eg pratar i dag, så tek det fyr.

Meir hadde ikkje Mohamed Salah å si etter ein heftig krangel mellom han sjølv og trenaren Jürgen Klopp.

Det er Liverpool-reporter James Pearce som på X beskriv kva som skjedde da Salah hasta gjennom intervjusonen etter kampen utan å seie meir om krangelen.

Det var rett etter at West Ham hadde utlikna til 2–2 at den oppsiktsvekkande situasjonen oppstod. Salah stod klar til å bli bytta inn og så starta munnhoggeriet.

Egyptaren var tydeleg misfornøgd med eit eller anna og peikte og diskuterte tydeleg høglydt med manageren Jürgen Klopp som såg ut til å svare tilbake mot den egyptiske stjernespelaren.

– Sjå på Salah, kor misfornøgd han er! Det er sjeldan du ser han så misfornøgd, sa Viaplays kommentator Andreas Toft da reprisane av krangelen rulla over tv-skjermen.

Premier League - West Ham United v Liverpool

DÅRLEG STEMNING: Det var tydeleg dårleg stemning mellom Mohamed Salah og Jürgen Klopp.

Foto: David Klein / Reuters

– Vi såg det på oppvarminga også. Ein gretten og misfornøgd Salah, supplerer Nils Johan Semb om Salah som var benka frå start i oppgjeret.

Etter kvart kom spissen Darwin Núñez til og gjekk i mellom for å avslutte munnhoggeriet.

Taus Klopp

Trenar Jürgen Klopp var heller ikkje særleg pratsam om krangelen med Salah etter kampen.

– Nei, eg kan ikkje si kva som var sagt, men vi har prata om det i garderoben. Og det er ferdig, seier Klopp til tv-kanalen TNT Sports.

På X florerer klipp av krangelen mellom dei to kamphanane, og mange fotballekspertar har kasta seg på.

Premier League - West Ham United v Liverpool

TAUS: Klopp nekta å fortelje kva diskusjonen på sidelinja hadde handla om.

Foto: John Sibley / Reuters

– Dette ser ikkje bra ut. Dårleg av Salah. Fredsmeklaren Núñez, skriv den profilerte journalisten James Pearce på X.

Tidlegare Liverpool-spelar Jamie Carragher skriv mellom anna:

– Den einaste grunnen til at ein manager er sur i denne situasjonen, er at spelaren brukte for lang tid på å bli klar til å kome inn.

I Viaplays studio var ekspert Pål André Helland også overraska over situasjonen.

– Nei, dette har vi ikkje sett. Núñez må gå og roe ned Salah, som til vanleg er verdas mest sindige fotballspelar. Han er frustrert over at han ikkje startar. Frustrert over at han ikkje blir sett inn tidlegare. Her har West Ham utlikna til 2–2 også, så da er kjenslene litt utpå drakta, seier Helland.

Britain Soccer Premier League

IKKJE TILFREDS: Mohamed Salah måtte starte kampen på benken.

Foto: Jonathan Brady / AP

– Ikkje i humør

Med laurdagens uavgjortresultat er Liverpool på mange måtar heilt ute av kampen om ligatittelen. No er det to poeng opp til ligaleiar Arsenal som har ein kamp mindre spelt.

– Der rauk pokalen, Jürgen Klopp, seier Viaplay-kommentator Andreas Toft.

– Ja, der rauk pokalen. Det er det ingen tvil om, seier Viaplay-ekspert Nils Johan Semb etter at kampen mellom West Ham og Liverpool enda 2–2 laurdag.

Det var Klopp sjølv også klinkande klar over, og han fortalde at han ikkje var i humør til å prate om det.

– Eg er ikkje i humør til å prate om det, for å vere ærleg. Vi måtte vinne her, det visste vi, men vi gjorde ikkje det. Nå har vi litt meir tid til neste kamp. Vi skal få gutane klare igjen og så skal vi angripe igjen, seier Klopp.

Målrik andre omgang

Sjølv om Liverpool måtte vinne kampen for å henge med i tittelkampen, var det West Ham som fyrst fekk hol på byllen.

Rett før pause i fyrste omgang gav Jarrod Bowen bortelaget ein real kalddusj da han steig opp og nikka inn 1–0.

Etter pausen var det eit heilt anna Liverpool-lag som kom ut på bana, og Andy Robertson utlikna til 1–1 etter tre minutt av andre omgang.

Liverpool-presset heldt fram og etter 65 minutt var kampen snudd.

Britain Soccer Premier League

GAKPO: Cody Gakpo feirar med laget etter 2-1-skåringa.

Foto: Kin Cheung / AP

Etter at ballen var innom eit West Ham-hovud inne i feltet, så datt den ned på foten til Cody Gakpo som smalt til frå fem meter. Ballen gjekk fyrst via Ogbonna og så vidare via målvakt Alphonse Areola og i mål.

Men så tok West Ham grep i kampen att og rett før Salah og Klopp braut ut i krangel, så steig Michail Antonio opp og stanga inn målet som gjorde at kampen enda 2–2.

Les også Klubblegende slakter Liverpool-stjernen: – Utilgivelig

Klopp Darwin

Skrøpeleg form

Før kampen mot West Ham så har Liverpool tatt berre poeng på tre kampar, og difor var dei allereie i ferd med å sakke akterut i kampen om ligatittelen.

Klubblegende og fotballekspert Jamie Carragher var nådelaus i dommen over Merseyside-laget etter tapet for byrival Everton i midtveka.

– Dette er slutten på tittelkampen for Liverpool, sa Carragher da i Sky Sports-studio.

For med 0-2-tapet på naboens heimebane byrja det allereie da å sjå vanskeleg ut for Jürgen Klopp å få ein draumeavskjed som Liverpool-manager.

Dei siste vekene har klubben vorte slått ut av både FA-cupen og Europaligaen, og i tittelkampen var det før laurdagens kamp mot West Ham tre poeng opp til serieleiar Arsenal. Manchester City låg også framfor Liverpool på tabellen med fleire kampar att i sesongen.

No står det att berre tre kampar av Liverpool-karrieren for Jürgen Klopp. Fredag meldte fleire medium at arvtakaren er i ferd med å bli klar. Mykje tyder på at det blir nederlendaren Arne Slot, som har bekrefta at han gjerne tek turen frå Feyenoord til Liverpool.

Les også Klopp om sjokkexiten: – Det var noen tårer

Sportsnyheter

Leverkusen

Historisk bragd sekunder før slutt: – Eit under

Sensasjonslaget Bayer Leverkusen såg ut til å feile i forsøket på å slå ein 59 år gamal europeisk fotballrekord, men så skjedde det utrulege langt på overtid.

Siste nytt

  • Håndballgutta herjet med Kroatia i OL-oppkjøringsturnering

    Landslaget i håndball for menn fikk en god start på OL-oppkjøringsturneringen i Oslo da Kroatia ble slått 32-26 torsdag.

    Foran 2717 tilskuere i Jordal Amfi fikk landslagssjef Jonas Wille mye å glede seg over da kroatene, som er i den andre gruppen i Paris-OL, ble satt på plass. Alexander Blonz herjet på kanten og scoret 11 ganger.

    Etter en relativt jevn førsteomgang, var det aldri tvil om utfallet i sluttfasen, bare om hvor stor den norske seieren skulle bli.

    Kristian Bjørnsen satte punktum sekunder før slutt med en underarmstunnel på keeper til 32-26.

    Norge møter Danmark lørdag og Argentina søndag.

    (NTB)

    OL-kvalifisering håndball menn, Norge - Ungarn
    Foto: Nikola Krstic / NTB
  • Baldauf og Marvik utslått i kvartfinale i OL-kvalifiseringen

    Felix Baldauf og Oskar Marvik vant sine åpningskamper i OL-kvalifiseringen i bryting, men tapte klart i kvartfinalene.

    Om deres overmenn hadde vunnet sine semifinaler, ville de fått rekvalifisering fredag om en mulig OL-billett, men slik gikk det ikke.

    I kvartfinalen måtte Baldauf se seg slått 7-0 av japanske Yuri Nakato.

    Marvik hadde også walkover i første runde. I åttedelsfinalen i 130-kilosklassen slo han ungarske Darius Attila Vitek 4-2. Marvik måtte se seg slått 5-1 av Heiki Nabi fra Estland i kvartfinalen.

    (NTB)

    VM i bryting 2021
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Østrøm ble cupmester med Silkeborg – fikk et kort innhopp i finalen

    Robin Østrøm kom inn helt på tampen da Silkeborg ble dansk cupmester for annen gang med 1-0-seier over AGF i finalen.

    Parken i København var fullsatt da de to jyllandsklubbene møttes til finale. Det var anslagsvis 22.000 AGF-tilhengere mot 12.000 Silkeborg-tilhengere, men de sistnevnte fikk mest å juble for.

    Østrøm har spilt aldersbestemte landskamper for både Danmark og Norge, men 21-åringen er nå U21-landslagsspiller for Norge.

    (NTB)

    Robin Østrøm
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal