Hopp til innhold

Nordås sender kjærasten på dør før OL: «Du kan ikkje vere her»

Narve Gilje Nordås tek med seg kjærasten Oda Andersen Lundeby til høgda i St. Moritz, men den siste månaden før Paris-leikane er det ikkje snakk om nærleik.

Nordås Lundeby

INGA KJÆRE ODA: «Du må ut av fylket».

Foto: Fredrik Tombra / NRK

– Du må finne ein annan plass, for eksempel Trondheim. Det kan ikkje vere i distriktet. Eg kan ikkje bli freista til å treffe deg, så du må ut av fylket i alle fall, seier Nordås til Lundeby, mens dei har NRK på besøk i stua på Jæren.

– Så du sender henne rett og slett ut av fylket?

– Ja, ut av landet, viss det er det som må til.

Han seier det med det sedvanlege glimtet sitt i auget. Men det er ingen spøk. No handlar det om å minimere risiko før OL i Paris.

Det er høyst uvanleg å ta så ekstreme tiltak mot smitte, men faren for å bli sjuk skal så langt ned mot null prosent som han kan få han. Basillar skal nedkjempast med sprit, avstand og forholdsreglar.

– Det er sånn det skal vere!

Narve Gilje Nordås og Oda Andersen Lundeby

MIMRAR: Første date blei gjennomført på denne staden. Første kyss blei ikkje det. Det kom seinare.

– Det er det eg er innstilt på, og sånn var det før VM og at eg heldt meg unna han, seier Lundeby, som openbert har skjønt kva som må ofrast for å vere saman med ein toppidrettsutøvar.

Når sommaren kjem er det vel eit år sidan Nordås lurte Lundeby med til sanddynene på Jæren og selde inn aksjane sine. Etter ein lengre periode saman, er dei enda ein gong på kvar sin kant av kontinentet. I desse dagar går dialogen via telefon.

Felles NM-opplading i Sveits

For Nordås er på 2300 meters høgde i Spania, mens Lundeby førebur seg til jusseksamen i Stavanger. Den neste tida prøver han å avgrense omgangen med menneske for å unngå skjer i sjøen på veg mot OL i Paris.

Det tenker eg er sånn det skal vere, og det er noko han bruker kvar dag på å trene seg opp til. Og eg vil jo at han skal lukkast og klarar nokre veker frå kvarandre. Då blir det ekstra koseleg å sjå kvarandre igjen, seier Lundeby, som sjølv satsar på springing.

Nordås Lundeby

TRIVST PÅ TRENING: Øktene saman er eit høgdepunkt i kvardagen. Lundeby blir ofte med på dei rolege turane, sjølv om han somme gonger spring litt vel fort.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Heldigvis byr den felles interessa også på moglegheiter når eksamensperioden er over. For etter EM i Roma i juni blir ho med på høgdeleir i sveitsiske St. Moritz. Der skal dei legge grunnlaget før NM i Sandnes mot slutten av same månad.

Når meisterskapen blir avslutta laurdag 29. juni, kyssar dei kvarandre farvel fram til leikane.

Les også Kjæresten økte fra 60 til 150 kilometer løping i uken – Nordås advarer mot oppskriften

Narve Gilje Nordås og Oda Andersen Lundeby på Jæren.

Da blir skruane skrudde til og omgangskretsen blir nesten avgrensa til trenar Gjert Ingebrigtsen og treningskompis Per Svela før framkomst i OL-landsbyen.

Warholm går for anna løysing

OL-meister Karsten Warholm flirer litt når han høyrer om korleis landslagskollegaen gjer det. Han går motsett veg.

– Eg har eigentleg hatt veldig godt hell så langt i karrieren med å eigentleg berre drite i det. Den tanken starta med at eg ganske tidleg sat og såg på langrennsutøvarar som alltid snakka om kor redde dei var for smitte og hadde gjort alle tiltak, og så var det alle dei som blei sjuke, seier Warholm til NRK.

Friidretts-VM 2023: Dag 5

NOKO MEIR LIBERAL: Karsten Warholm og Oda Djupvik feira VM-gull i Budapest. Dei sjår meir til kvarandre før OL i Paris enn Nordås og hans Oda.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Verdsmeisteren frå London, Doha og Budapest trur det er mogeleg å stresse seg sjuk.

– Eg budde jo i kollektiv med tre kompisar som hadde sitt liv og eg brydde meg ikkje så mykje om det.

Han understrekar at han tek meir omsyn no enn tidlegare, og at han har ein trenar som passar godt på å sprite ned alt av utstyr. Kjærasten Oda Djupvik får likevel bli verande.

– Nei, ho får bu. Ho får bu. Og som regel så lever vi livet vårt som vanleg. Det er litt skummelt nå og sitte og «jinxe» det på ein måte, men ... Det er ikkje sånn at det berre er dama som kan smitte deg. Det kan vere ganske mange andre også som kan smitte deg. Det er umogleg å totalisolere seg, seier Warholm.

Alvoret startar

No tel Nordås ned til sesongopninga på 5000 meter i Huelva, tysdag 30. april. Der skal også treningskompis Per Svela springe same distanse.

OL-kravet på distansen lyder 13.05.00 minutt – 38 hundredelar betre enn den personlege rekorden til nordmannen.

Filip Ingebrigtsen og Moa Bollerød stiller til start på 1500 meter i same stemne.

Les også Nordås angrar etter NRK-intervjua: – Det der er ikkje meg

Narve Gilje Nordås intervjues av Ida Nysæther Rasch om bronsemedaljen i VM i Budapest.

PS! Narve Gilje Nordås og Oda Andersen Lundeby deltek på 1500 meter under NM i Sandnes, frå 27. juni til 29. juni.

Siste nytt

  • Cole Palmer slo Haaland i kåring – ble årets unge spiller i Premier League

    Chelsea-stjernen Cole Palmer ble kåret til årets unge spiller i Premier League. 22-åringen har levert en kjempesesong og står med 22 mål.

    Erling Braut Haaland har scoret 27 mål og var også nominert, men fikk ikke utmerkelsen for annet år på rad. Nordmannen ble i fjor kåret til årets spiller og årets unge spiller, men i år ble det i stedet hans tidligere lagkamerat i Manchester City, opplyser Premier League.

    Det er fansen som stemmer fram vinneren av prisen som går til en spiller som er 23 år eller yngre. Palmer er den første Chelsea-spilleren til å vinne prisen som for første gang ble delt ut i 2019/20-sesongen.

    Palmer gjorde overgang fra City til Chelsea i fjor sommer og har vært de blåkleddes klart beste spiller denne sesongen.

    Palmer kan også stemmes fram som årets spiller. Der får han konkurranse av Haaland, Martin Ødegaard, Phil Foden, Cole, Declan Rice, Alexander Isak, Virgil van Dijk og Ollie Watkins.

    Både Haaland og Ødegaard kan gå til topps i PL med sine lag denne sesongen. Haaland og City vinner tittelen om de slår West Ham, mens Arsenal må slå Everton og samtidig håpe at City avgir poeng.

    (©NTB)

    Britain Soccer FA Cup
    Foto: Dave Shopland / AP
  • Allegri ferdig på dagen i Juventus

    Massimiliano Allegri får ikke lenger sitte i managerstolen i den italienske fotballstorheten Juventus. Sparkingen kommer dager etter at klubben vant cupen.

    Klubben opplyser om grepet i sine mediekanaler fredag.

    Allegri har vært i en utsatt posisjon i lengre tid etter at Torino-klubben har tatt bare 15 poeng på sine siste 15 seriekamper. Det har fått Juventus-ledelsen til å bytte ham ut til tross for at laget vant cupfinalen 1-0 over Atalanta på onsdag. Da ble Allegri også utvist etter å ha kjeftet på dommeren.

    «Oppsigelsen kommer som følge av en ufin oppførsel under og etter den italienske cupfinalen som klubben anså som uforenlig med verdiene til Juventus», heter det i uttalelsen fredag.

    Det er første Juventus-tittel på tre år, og Allegri ble samtidig den første trener som har vunnet Coppa Italia fem ganger.

    Det gjenstår to serierunder denne sesongen og for øyeblikket ligger Juventus på fjerdeplass à poeng med Bologna på plassen foran. Det skiller fire poeng ned til Atalanta på 5.-plass.

    (©NTB)

    Allegri
    Foto: ALBERTO PIZZOLI / AFP
  • Sahraoui får Robin van Persie som ny Heerenveen-trener

    Den nederlandske toppklubben Heerenveen har utnevnt Robin van Persie som ny hovedtrener. 40-åringen har undertegnet en toårskontrakt med den blåhvite klubben, som har norske Osame Sahraoui, Oliver Braude og Daniel Karlsbakk i stallen.

    Dette vil være den første hovedtrenerjobben den tidligere Premier League-profilen prøver seg på.

    Han har de siste sesongene vært ansatt som ungdomstrener i samme klubb.

    – Selv om Robin er i starten av sin karriere som hovedtrener, overbeviste han oss umiddelbart. Han er en ambisiøs, lidenskapelig og ivrig etter å lære, sier klubbdirektør Ferry de Haan i pressemeldingen.

    Robin van Persie
    Foto: Cris Toala Olivares / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal