Hopp til innhold

Northug åtvarar landslaget før Johaug-duellen: – Alle blir skremte

Laurdag gjer Therese Johaug comeback i NM. No legg skiprofilane press på landslagsløparane før Johaug-duellen på tremila.

Johaug og Northug

STJERNER: Therese Johaug gjer comeback og Petter Northug held framleis koken han òg.

Alle blir skremte når Therese Johaug melder seg på, og det skal dei bli òg, seier Petter Northug til NRK.

Laurdag morgon er det klart for comeback i NM. Då stiller Therese Johaug til start på tremila i fristil under NM på ski. Dette blir Johaug sitt comeback mot dei beste norske løparane, to år etter at ho la opp.

Og Northug meiner langrennskvinnene har noko å frykte frå kvinna, som fødde i mai.

Eg har henne som ein av favorittane. Eg håpar ho overraskar. Eg gleder meg til å følge Therese på den tremila, seier Northug.

Sjå og følg Johaugs comeback frå klokka 09.20 på NRK 1.

Vasaloppet 2024

TRUR JOHAUG SKREMMER: Petter Northug meiner dei beste langrennskvinnene i landet får noko å bryne seg på mot Johaug laurdag.

Foto: Ulf Palm/TT / NTB

VM-comeback freistar

Hovudpersonen sjølv derimot, er opptatt av å ikkje gå for hardt ut. Therese Johaug seier i eit lengre intervju med NRK at presset om å vinne bør ligge på andre enn ho.

– Eg har stor respekt for konkurrentane eg skal gå mot. Eg forventar ikkje å komme hit og vinne. Det er noko andre jenter bør ha på skuldrene sine, seier Johaug.

For Johaug blir NM-comebacket laurdag ein viktig test for å sjå kor ho er i løypa, bokstaveleg talt. Ho legg ikkje skjul på at neste års VM i Trondheim freistar.

Derfor bruker ho dette rennet som ein peikepinn. Sjølv om ho skulle vere fullstendig overlegen i sporet er det ikkje dermed gitt at det blir noko stort comeback. Det er mange ting som skal på plass.

– Ein skal kjenne inst inne at dette skal vere 120 prosent rett før eg går for eit VM i Trondheim. Ein ting er det sportslege, ein annan er det familiære. Det er ein ny livssituasjon for meg, seier Johaug.

Johaug tar grep – mannen jobbar mindre

Ho seier vidare at ho ikkje har lyst til å gjere ting halvvegs, verken i treningsarbeidet eller på heimebane med dottera Kristin og ektemannen Nils Jacob. Så no blir våren brukt på å finne ut om eit comeback faktisk lèt seg gjere.

– Etter jul har eg prøvd å bruke tida på å trene, på å prøve å få den aktive kvardagen min tilbake og kjenne litt på korleis det er å ha Kristin der, Nils Jacob, treninga og meg sjølv.

Det er mange som stiller opp for å hjelpe.

– Nils Jacob har hatt ein del permisjon, men skal fortsette å jobbe litt. Og så har vi svigermor som steppar opp litt og passar, foreldra og søskena mine som hjelp til. Vi må berre prøve litt utover våren og sjå korleis det her fungerer.

For ordens skuld: Johaug har dei siste sesongane vore langrennsekspert for NRK, men skal framover ikkje brukast som det før det blir klart om ho satsar vidare eller ikkje.

Ein annan som gjorde comeback denne helga, var Petter Northug:

Northug

Northug slaktet seg selv, men ble hyllet av Klæbo: – Han er gal

– Kamp dei ikkje kan tape

Northug meiner Johaug verkar til å vere i god form og viser til sigeren i Engadin Frauenlauf tidlegare i vinter. Der slo Johaug sin tidlegare rival Justyna Kowalczyk med tre minutt.

På spørsmål om han trur Johaug sitt comeback laurdag skremmer vekk løparar frå start, svarer Northug:

Eg trur dei stiller og eg trur dei har lyst til å gi henne kamp. Men der landslagsjentene har hatt ein lang sesong og kanskje begynner å kjenne at det nærmar seg slutten, så er Therese sikkert motivert for å gjere eit bra løp. Det kan nok gjere at ho tek dei her, seier Northug.

Martin Johnsrud Sundby var enda klarare i talen på Lillehammer. Han kom med ein åtvarande peikefinger i retning landslaget før Johaug-duellen laurdag.

Dei må vise seg frå si beste side her i helga. Dei får då i morgon kamp av Therese Johaug. Og det er ein kamp dei ikkje kan tape, seier Sundby under NRK si sending frå Lillehammer.

martin johnsrud sundby på Gullruten 2023

TIDLEGARE EINAR: Martin Johnsrud Sundby

Foto: Alvilde Flaa

Etter hans meining står det frykteleg mykje på spel for mange av landslagsdamene denne helga, på grunn av ein svak sesong. Han påpeikar at det generelt har vore ein dårleg sesong for det norske kvinnelaget.

– Eg skjønner og forstår at Therese er nervøs og at det kjem konkurransenervar, men tru meg: Det er ein del andre jenter som ikkje er veldig glade for at Therese skal inn i manesjen i morgon. Eg tippar dei er meir nervøse og ikkje vil bli slått av ho.

Trur du dei taper den duellen?

Eg har ikkje lyst til å tru nokon ting. Eg har berre lyst til å ønske at dei ikkje taper han, seier Sundby.

Han seier vidare at det er «heilt openbert» at landslagsjentene ikkje bør bli slått av Johaug.

– Det er eitt år sidan dama blei mor. Ho har fått trena godt og eg veit ho har halde seg aktiv undervegs, både under graviditeten og etterpå, men det er eit stykke frå det til å skulle konkurrere i verdstoppen. Det veit Therese òg, seier han, og understrekar:

– Det veit desse landslagsjentene, at dette bør vi matche, dette bør vi slå. Dei kjem til å snakke seg ned før morgondagen og det meiner eg dei ikkje bør. Dei bør seie «ja, vi skal slå Therese no, så får vi sjå neste vinter».

Les også NRK rakk så vidt å starte sendingen – ukjent skiskytter nær sensasjon

Randby

– Skummel

Landslagsløpar Anne Kjersti Kalvå bestemmer seg i løpet av fredagen om ho stiller til start på tremila i NM. Løparen, som kom på pallen det siste verdscuprennet i år, trur Johaug både kan hamne på pallen og vinne comebackrennet i NM laurdag.

Ho er alltid skummel når ho står på start. Då veit vi at ho er i god form. Forventar eit comeback til neste år nå, så da skal ho vel teste status, seier Kalvå.

Emil Gukild har en drøm om å fullføre Birken på under 3:30. Når Therese Johaug får se skigåingen, bryter hun ut i latter.

Emil Gukild har ein draum om å fullføre Birken på under 3:30. Når Therese Johaug får sjå skigåinga, bryt ho ut i latter.

Men fryktar dei norske landslagsjentene at Johaug stiller her?

Nei. Det er klart at vi har jo vore gjennom ein lang og tøff sesong og er slitne, og begynner å vere på ganske nedgåande kurve. Så viss ho har ein god dag kan ho absolutt slå oss, seier Kalvå og fortset:

Vi synest ikkje det er artig sjølvsagt. Eg håpar nokon har ein bra dag og viser henne, seier Kalvå.

Men blir de skremte?

Nei, vi veit jo kva ho er i stand til og ho er fantastisk godt trena sjølv om ho har vore ute eit par år nå. Ho er eit unikum. Kjem ho tilbake til start er ho blant medaljekandidatane same kva ho stiller på, seier Kalvå.

Også Margrethe Bergane trur Johaug kjem til å hevde seg i tetstrida. Ho er ein av løparane frå rekruttlandslaget som har fått ei rekke sjansar i verdscupen denne vinteren.

Eg er førebudd på at ho kjem til å gå veldig fort. Men eg blir ikkje skremt, seier Bergane.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Ada Hegerberg og Lyon til Champions League-finale – klart for norsk duell

    Lyon gjorde jobben og vant 5-3 over to oppgjør mot Paris Saint-Germain i semifinalen av kvinnenes Champions League. I finalen møter de Barcelona.

    Lyon hadde med seg 3-2 fra det første oppgjøret, og hvittrøyene sikret finaleplass etter 2-1 i kamp to.

    Det gjorde de uten Ada Hegerberg på banen. Landslagsspissen har ikke spilt en kamp siden 9. mars.

    I finalen møter de Caroline Graham Hansen og Ingrid Syrstad Engens Barcelona. Den regjerende Champions League-mesteren ble lørdag finaleklar for fjerde år på rad etter å ha slått Chelsea 2-1 over to kamper.

    Med andre ord er det duket for en finale mellom tungvekterne i klubbfotball for kvinner. I Bilbao 25. mai ønsker Graham Hansen & co. revansje for finaletapene mot samme motstander i 2019 og 2022. (NTB)

    Lyon
    Foto: AP
  • Haaland tilbake i Citys kamptropp – starter på benken mot Nottingham Forest

    Etter to kamper ute med skade er Erling Braut Haaland blant Manchester Citys reserver i kampen mot Nottingham Forest søndag.

    Jærbuen pådro seg en skade mot Real Madrid for elleve dager siden. Fredag ble nordmannen avbildet på City-trening, og søndag er han tilbake i kamptroppen.

    Han starter på benken sammen med landsmann Oscar Bobb. City mangler Phil Foden og Ruben Dias grunnet sykdom.

    Haaland var ikke med i sist helgs FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. Også mot Brighton torsdag var han ute av troppen.

    City-manager Pep Guardiola opplyste i forkant at jærbuen hadde slitt med et «muskulært problem». (NTB)

    Haaland
    Foto: AP
  • Vålerenga ble ydmyket – supportere stormet banen

    Vålerenga fortsetter å slite i 1. divisjon. Søndag ble de sendt hjem fra Mjøndalen som slakt med 3-5-tap i bagasjen.

    – Vi svikter på veldig mange områder. Det er tungt, sier Vålerenga-trener Geir Bakke til TV 2.

    Etter kampen var Vålerenga-spillerne borte og beklaget seg til frustrerte supportere, mens flere av supporterne var ute på banen.

    – Jeg skjønner at de er frustrerte og forbannet, sier Bakke.

    – Det skulle bare mange. Det er Norges beste supportere som følger oss overalt, lager volum og entusiasme, synger sanger og legger sjala og lønnen sin i dette.

    Dermed står Vålerenga fremdeles med sin ene seier etter fem kamper på nivå to. På de fire andre kampene har det blitt to uavgjort og to tap.

    Hovedstadslagets fem poeng holder til 11.-plass. Det er ett poeng over direkte nedrykk og fem poeng bak direkte opprykk.

    I søndagens kamp tok Mjøndalen tidlig ledelsen da Sivert Øverby skrudde et frispark ute ved sidelinjen helt inn i mål. Vålerenga utlignet ved Petter Strand like etter, men så kom Alie Conteh inn for vertene.

    Spissen fra Sierra Leone sendte Mjøndalen opp i 3-1 med to mål på overtid av den første omgangen. Kvarteret før slutt fullførte Conteh sitt hat trick.

    Fem minutter før slutt satte Keerat Singh inn 5-1. To sene scoringer fra Jones El-Abdellaoui og Christian Borckgrevink pyntet litt på resultatet for Vålerenga.

    NM fotball menn 2024, Union Carl Berner - Vålerenga (0-3)
    Foto: Heiko Junge / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal