Eg har ikkje ord, sa Wales-trenar Chris Coleman etter kampen.
Han har ført sitt Wales til semifinale i deira første EM nokon sinne.
– Me er her for å konkurrere, ikkje for å nyte. I kveld viser me at me har noko i EM å gjere, sa Coleman.
Men det er eit lite skår i gleda for Wales-leiren. Aaron Ramsey fekk sitt andre gule kort i meisterskapen, og må dermed stå over semifinale-kampen mot Portugal.
Det er eit stort tap for Wales.
Snudde kampen
– Det er nydeleg gjort, det er 2-1 til Wales, og det er den klubblause mannen som gjer det, ropte NRKs kommentator Christian Nilssen då Robson-Kanu skåra.
Det var kanskje ikkje dette han hadde tenkt seg, Hal Robson-Kanu, då han gjekk klubblaus inn i EM. Første kamp byrja på benken, men sidan dess har det berre gått ein veg. I dag var han med på å sende Wales til semifinalen i EM.
– Det er vanskeleg å beskrive, det er heilt fantastisk. Dette har me jobba hardt for i 7-8 år, sa Robson-Kanu etter kampen.
Og målet til Robson-Kanu var heller ikkje det siste frå Wales-leiren. Sam Vokes gjekk opp og stanga innlegget frå Gunter i mål i det klokka viste 85 minuttar spelt. Senasjonen var på langt veg eit faktum.
Praktskåring
Men det byrja tungt for waliserene.
Belgia hadde initiativet i opninga av kampen, og då Radja Naninggolan fekk ballen på 25 meters hold, klinka han til, og sette ballen rett i krysset.
Hennessey i Wales-målet kunne kjenne ballen stryke fingertuppane, men hadde ingen moglegheit til å ta skotet.
– For ei skåring! Det seier Pang! utbraut Christian Nilssen
Og det var ikkje berre skåringa som var underhaldande i opninga av kampen, etter 20 minuttar spel meinte ekspertkommentator Tom Nordlie at det allereie hadde skjedd meir enn i kvartfinalen mellom Portugal og Polen i går.
Etter halvtimen spelt kunne kaptein Ashley Williams heade inn utlikninga på corner.
– Det er kapteinen som setter den, og blir motteke som ein helt av lagkameratane på benken, sa Nilssen.
Og derifrå gjekk det berre ein veg for Wales, som no møter Portugal i semifinalen i Lyon 6. juli.