Hopp til innhold

Sjakkprofil skulda for å ha bråkete sko: – Høyrdest ut som han hadde på seg støvlar

Under dei mest intense minutta av eit viktig parti blei sjakkjuvelen Alireza Firouzja (20) oppsøkt av dommaren. Klaga? Skoa hans laga for mykje lydar på tregolvet.

Skoene til Alireza Firouzja skal ha laget så mye lyd at dommeren måtte si ifra.
Foto: FIDE/Chess.com

– Skammeleg framferd av hovuddommar Marghetis mot meg under dagens parti, opnar fransk-iranaren med på X etter partiet.

Desse vekene blir kandidatturneringa spelt i sjakk. Vinnaren får møte regjerande verdsmeister Ding Liren til VM-kamp om tittelen som Magnus Carlsen gav frå seg etter fem triumfar på rad.

I den niande runden møtte Firouzja rutinerte Jan Nepomnjasjtsjij. Midt i djupe tankar om neste trekk, og mens han venta på at motstandaren skulle gjere sitt, reiste Firouzja seg frå brettet og gjekk rundt på området.

Då skal hovuddommaren ha komme bort.

– Midt i partiet, i den mest intense augeblinken, mens eg gjekk rundt under Jans trekk, kom han bort til meg og sa eg ikkje kunne gå rundt meir fordi skoa mine laga for mykje lydar på tregolvet. Han gav meg beskjed om å ikkje gå, og å ta med nye sko i morgon, hevdar Firouzja.

Alireza Firouzja

Reagerer etter sjakk-kaos: – Fortener ei unnskyldning

Krev at dommaren blir straffa

Han omtaler skoa som normale dressko, og meiner hendinga gjorde at han mista fokus. Partiet mot Nepomnjasjtsjij enda i remis.

– Desse dresskoa er godkjente, og eg har brukt dei i over eitt år. Dette var ein enorm distraksjon undervegs i kampen, og eg mista fullstendig fokus. Eg sa til ein av arrangørane at dommaren må straffast, skriv Firouzja

Hovuddommar Aris Marghetis bekreftar at han gjekk bort til 20-åringen undervegs i partiet for å snakke om dei bråkete skoa.

Jan Nepomnjasjtsjij

MOTSTANDAR: Jan Nepomnjasjtsjij møtte Firouzja då klaga kom inn.

Foto: Carina Johansen / NTB

Han seier spelehallen i Toronto i Canada er gammal, og at golvet knirka.

– Ein time inn i runden gjekk Firouzja rundt på eit veldig lite område, fram og tilbake. Spelarane gjer det heile tida, og det går ofte fint. Men han gjekk med veldig tunge steg. Det høyrdest ut som han hadde på seg støvlar. Det var som tramping, seier Marghetis til chess.com.

Les også Full krangel om luksussko – dommarane sjekka Wikipedia

Kazarian

Dommaren fekk skoklage frå spelar

Dommar Marghetis seier han høyrde «trampinga» og blei bekymra over bråket. Så skal andre ha reagert.

– Samtidig kom ein av spelarane og leverte ei offisiell klage. Det var ein av spelarane som sat nærast det området, seier Marghetis.

Nijat Abasov skal ha klaget på skobråk.

SKAL HA KLAGA: Nijat Abasov, som møtte Fabiano Caruana i den niande runden, skal ha klaga på skobråket.

Foto: FIDE / Walusza Fotografia

Spelaren som klaga skal ha vore aserbajdsjanske Nijat Abasov, ifølge dommaren. Dette er ikkje bekrefta av spelaren sjølv.

– Så eg gjekk bort til Firouzja og sa at det har vore ei klage på at han gjekk rundt i området her. Eg foreslo at han kunne spreie området han gjekk rundt på, og at viss han hadde nokon mjukare sko så kunne han prøve å ta dei på i morgon, hevdar Marghetis.

Les også Skoen til indisk spiller smuldret opp – nå avslører han hva som skjedde

Samarkand sko 2

Dommaren seier Firouzja både gjekk mjukare og bråka mindre etter praten. Så skal 20-åringen ha teke opp tråden med dommaren igjen.

– Han gjekk vekk, og kom tilbake nokre minutt seinare. Han er høgare enn meg, og eg kjente han tok ein positur som var ukomfortabel for meg. Han lente seg over meg og sa «Eg kjem kanskje til å levere ei klage, fordi du forstyrra meg» Så gjekk han vekk igjen.

Dette er ikkje første gong Firouzja har laga oppstyr hos dommarane. Kanskje hugsar du denne?

Kalla Carlsens arvtakar

Firouzja var lenge sett på som Magnus Carlsens arvtakar i sjakkverda, til og med av Carlsen sjølv.

Før nordmannen sa frå seg verdsmeistertittelen, heldt han moglegheitene for ein ny VM-kamp open på eitt vilkår:

At Alireza Firouzja blei motstandaren.

Det skjedde likevel ikkje, og dei siste åra har Firouzja brukte meir tid på andre prosjekt enn sjakk.

Alireza Firouzja

19-åring vart utpeika som Carlsens etterfølgjar – så tok livet ei uventa vending

Nemnde Nepomnjasjtsjij har vunne kandidatturneringa to gongar på rad, og leiar igjen med fem rundar gjenståande å spele. I toppen, med 5,5 poeng av 9 moglege, har han også følge av indiske Gukesh Dommaraju.

Sportsnyheter

Kastet ut av landslaget etter dette intervjuet – får støtte av norsk profil

Like etter at Josef Alami ble svensk mester i taekwondo gikk han hardt ut mot landslagsledelsen i et direktesendt intervju med SVT. Det fikk alvorlige konsekvenser.

Siste nytt

  • Nordås gjør uventet grep: Møter Filip Ingebrigtsen til duell

    Narve Gilje Nordås var opprinnelig oppført på startlistene til 5000 meter til kveldens stevne i Huelva i Spania.

    Nå har VM-bronsevinneren byttet øvelse. Nordås løper i stedet 1500 meter og møter med det Filip Ingebrigtsen til duell.

    – Han kommer definitivt til å prøve å vinne 1500 meter også, avhengig av hvordan han føler seg kan det kan det være han prøver å hjelpe Per på 5000 meter noen runder for treningens skyld, sier Nordås-agent Nic Bideau til NRK.

    Per Svela løper 5000 meter med mål om å komme seg under 13.20 minutter, som er EM-kravet på distansen.

    Nordås har ikke besvart NRKs henvendelser tirsdag morgen.

    Nordås
    Foto: NTB
  • Djurgården klager på lang Tokmac-utestengelse

    Tokmac Nguen er ilagt fire kampers karantene etter Allsvenskan-dramaet mot Malmö. Nå påklager Djurgården den lange karantenen.

    Det er Aftonbladet som tirsdag skriver om den siste utviklingen i saken mot den norske spilleren.

    Nguen ble utvist etter en duell med Malmös Derek Cornelius i den aktuelle ligakampen i forrige uke. I sekundene som fulgte, skallet han til Pontus Janssons brystkasse.

    (NTB)

    Tokmac Nguen
    Foto: Magnus Lejhall / TT / NTB
  • Haaland blir karakter i mobilspill

    Erling Braut Haaland har inngått et samarbeid med det populære mobilspillet Clash of Clans.

    Det skriver selskapet bak spillet, Supercell, i en pressemelding tirsdag formiddag.

    I spillet som spilles av millioner verden over blir nå Haaland mulig å velge som utseendet på karakteren «Barbarian King».

    – Det har vært vanskelig å holde dette hemmelig, sier Haaland i pressemeldingen, hvor han avslører at har god kjennskap til spillet.

    – Jeg har vært en stor fan av spillet i lang tid og vet alt om det, så å dukke opp som en karakter i spillet er virkelig kult, sier Haaland.

    Haaland Clash of Clans
    Foto: Supercell

Sendeplan

Kl. Program Kanal