Hopp til innhold

Skikometen visste ikkje om ho kom til å bli frisk: – Har aldri hatt ein plan B

Kari Øyre Slind var betre enn Heidi Weng som junior og var ankerkvinne for den mest suksessfulle juniorårgangen nokosinne. Så kom motgangen.

Kari i Kuusamo

TILBAKE: Kari Øyre Slind hadde ikkje gått verdscup i utlandet sidan ho var junior. I helga var ho tilbake i det gode selskap i Kuusamo.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– I periodar lurte eg på om eg kom til å bli frisk.

Kari Øyre Slind er skikometen som har sett alle lagvenninene frå juniortida bli verdsstjerner, mens ho sjølv har opplevd eit fire år langt skademareritt. Men tankane blei aldri negative, i staden tenkte ho:

– Kvifor skal ikkje eg klare det når alle dei andre har klart det?

– Alle er jo på landslaget utanom meg

Stafett-gull 2011

GULLJENTER: Kari Øyre Slind var med på to stafettgull under junior-VM. I 2011 vann ho gull saman med Heidi Weng, Martine Ek Hagen og Ragnhild Haga.

Foto: Erik Borg

Otepää, Junior-VM 2011:

Ankerkvinne Kari Øyre Slind står klar i vekslingsfeltet og ser Heidi Weng kome mot ho heilt aleine med stort forsprang. Noreg leiar stafetten suverent og det er Slind som skal avgjere det heile etter at Ragnhild Haga, Martine Ek Hagen og nemnde Weng har gjort ein fantastisk jobb.

Sjusjøen, 2015:

– Oj, det er jo den gylne 91-årgangen. Der er alle på landslaget utanom meg, seier Kari.

NRK er på hyttebesøk hos to av tre Øyre Slind systrer og har tatt med seg bilete frå to minnerike junior-VM der Kari Øyre Slind til saman tok fem medaljar. Kari sit i sofaen saman med syster Silje og flirer litt mens ho ser på bileta.

– Eg må jo nesten slå dei i vinter. Dei siste skal bli dei beste, er det ikkje det det heiter?

På pallen med stjernene

TO PALLBESØK: Kari Øyre Slind overraska seg sjølv da ho blei nummer tre i klassisk og to på skøytedistansen under den nasjonale opninga på Beitostølen. Der stod ho på pallen med Therese Johaug og Astrid Uhrenholdt Jacobsen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Lurte på om eg kom til å bli frisk

For Oppdals-jenta var ein del av den sterkaste årgangen ski-Noreg hadde sett på fleire tiår. Men der Heidi Weng, Ingvild Flugstad Østberg, Maiken Caspersen Falla, Ragnhild Haga og Martine Ek Hagen på rekke og rad tok steget opp på landslaget og i verdstoppen, tok heller Kari to steg tilbake.

– Det blei eit par år der eg sleit mykje med skader. Eigentleg fire år der det gjekk veldig opp og ned. I periodar lurte eg på om eg kom til å bli frisk.

På Beitostølen for to veker sidan gjekk pila rett til vers. Kari Øyre Slind fekk verkeleg presentert seg for det store skipublikummet. Stafettgullet med dei to tvillingsystrene Astrid og Silje på Røros i januar var berre ein liten forsmak.

Øyre Slind-systrene med Kongen

KONGEBESØK: På Røros fekk Astrid, Silje og Kari Øyre Slind helse på kongen etter det imponerande NM-gullet dei sikra for Oppdal.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Men andre og tredjeplass dei to distanserenna i den nasjonale opninga viste at 24-åringen hadde tatt steget mange trudde ho ville ta da dei andre juniorjentene gjorde det for fire år sidan.

– Det var ei ganske sjuk helg som gjekk over all forventing. Eg skulle jo berre gå treningsrenn og trudde forma var ganske rævva. Så eksploderte det jo ganske etterpå.

For når ho gjekk inn og slo alle på verdas beste landslag for kvinner sett bort ifrå den suverene einaren Therese Johaug, var det ikkje tvil om at Kari Øyre Slind skulle til verdscupopninga. Når ho i tillegg leverer intervju som dette, er det ikkje rart at også media kastar seg over den sprudlande langrennsløparen.

Kari Slind

Bli med Kari Øyre Slind på hyttetur på Sjusjøen i denne reportasjen frå Sportsrevyen.

Intervjuet har Kari ikkje orka å sjå før me slår opp dataen og klikkar oss inn.

– Eg veit jo ikkje sjølv kva eg har sagt, det er så mykje adrenalin som går rundt i kroppen og plutseleg blir ein kasta framfor kamera, seier Kari og reagerer med latter og store auge når ho får sjå intervjuet.

– Det er så forferdeleg å sjå seg sjølv, nå trur eg at eg må slutte å snakke. Men eg er jo berre meg sjølv.

Intervju med Kari Øyre Slind. Reporter: Ida Nysæter Rasch.

Skadeforfylgd

Som einaste utøvar utanfor landslaget sette ho seg på flyet til Kuusamo tidlegare denne veka. Fire år etter juniortida var Kari endeleg tilbake i gjengen. Det har vore fire tunge år med skader i lår, rygg, skulder og akilles, men å legge opp har aldri vore eit alternativ.

– Nei, eg har liksom ikkje hatt nokon plan B. Kanskje fordi eg ikkje visste om noko betre å gjere, seier Kari, ler litt i sofakroken og legg til.

– Eg har heile tida tenkt at eg kjem etter. Me var jo eit sjukt bra kull og det var hard konkurranse i klassa vår. Eg har sett ei etter ei rykke opp på elitelaget og tenkt: kvifor skal ikkje eg klare det når dei klarte det?

Øyre Slind på Sjusjøen

OPPLADING: Kari Øyre Slind lada opp til verdscupen i Kuusamo på ei hytte på Sjusjøen saman med syster Silje Øyre Slind.

Foto: Gjermund Midtbø

Kveldskos framfor peisen har blitt til morgon på Sjusjøen. Øyre Slind-systrene skal ut på dagens fyrste treningsøkt. På parkeringsplassen ved Natrudstilen skistadion treff dei to ei gammal lagvenninne frå tida på juniorlandslaget. Olympiameister Maiken Caspersen Falla skal vere med på dagens økt.

– Kari er ein humørspreiar som eg kjenner veldig godt. Ho har hatt ein del skadeproblem, men nå er det utruleg moro å sjå at ho har kome tilbake i toppen, seier Falla før dei to stikk ut på oppvarmingsrundar.

Når hardøkta er ferdig dukkar ei ny landslagsløpar opp. Martine Ek Hagen var lagvenninne med Kari på same tid og er like glad for å få med seg Kari til Kuusamo.

– Det er så på tide at det er oss to på tur igjen!

– Kjempefornøgd med helga

For nå er endeleg Kari Øyre Slind godt i gang på vegen mot verdstoppen. Sprinten på fredag blei ein litt for tøff start, men den hadde ho heller ingen forventingar til. Det var nemleg to år sidan sist den tidlegare sølvvinnaren frå junior-VM i sprint, gjekk den kortaste distansen.

Men på gårsdagens fem kilometer fri viste ho at den nasjonale opninga ikkje var noko blaff. I selskap med verdas beste på distanserenn i utlandet for fyrste gong, gjekk Kari Øyre Slind inn til ein knallsterk åttandeplass. Det gjorde at ho kunne starte dagens jaktstart som 18 kvinne. I mål var ho nummer 16.

Rett før avreise frå Kuusamo møter NRK ei svært glad og ganske sliten skiløpar frå Oppdal.

Kari Øyre Slind under 10 km jaktstart

AVANSERTE: Utgangspunktet var tøft etter ein prolog der Kari Øyre Slind var langt bak. Men 24-åringen avanserte fleire plassar i jaktstarten som avslutta minitouren.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Eg er utruleg fornøgd med gårsdagen og ganske fornøgd med dagens renn også. Det var sjukt hard jobbing frå start til mål og vanskelege forhold. Det gjorde det vanskeleg å få ein skikkeleg god kjensle. Men å få gå verdscup var skikkeleg artig.

– Har du lært noko?

– Masse, men nå må eg nesten gå!

Kari Øyre Slind må forte seg for å rekke landslagsbussen. Ein buss som er full av verdas beste skijenter. Over fire år etter at ho gjekk Noreg inn til gull på stafetten under junior-VM saman med tre av dagens landslagsjenter, er 24-åringen der ho skal vere.

Tilbake i gjengen.

Siste nytt

  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal