Hopp til innhold

Fransk storavis: Fotball-EM 2020 blir utsett

Det blir lite fotball i Europa framover. Nå ser det også ut som årets store fotball-høgdepunkt, EM, blir utsett.

EM-kvalifisering fotball, menn: Malta - Norge

Alexander Sørloth feirer scoring mot Malta i EM-kvalifiseringen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Fotball-EM i 2020 blir utsett, skriv den franske storavisa L'Equipe.

UEFA skal ha eit møte neste veke. Der kjem dei til å vedta at heile EM blir utsett, skriv avisa.

Målet er at dei skal klare å gjennomføre dei europeiske cupane i år, og at ein dermed brukar datoane som var sett opp til EM-sluttspelet som skulle starte i mai.

Treng ekstraordinære tiltak

Noregs Fotballforbund skriv i pressemelding torsdag ettermiddag at toppfotballen i Noreg blir stoppa i fyrste omgang til etter 15. april.

Dette inneber at alle planlagde kampar i dei øvste divisjonane i norsk fotball er utsett. Treningskampar blir heller ikkje spelt frå og med 13. mars.

– Noreg er i ein situasjon som krev ekstraordinære tiltak. Me er ein del av samfunnet og har lyst til å spele fotballkampar. Det blir økonomiske store utfordringar for klubbane, men prioritet nummer ein er helse og me ynskjer å bidra så godt me kan, seier direktør i Norsk toppfotball, Leif Øverland til NRK.

Offisielle kampar vil tidlegast starte opp igjen fyrste helga i mai, skriv NFF. Målet er at både serie og noregsmeisterskap skal bli gjennomført, men korleis vil ein kome tilbake til.

Generalsekretær i Noregs Fotballforbund Pål Bjerketvedt seier til NTB onsdag at ein endeleg avgjering rundt Noregs EM-omspillskamp mot Serbia, truleg blir tatt tysdag neste veke.

Da deltek han i eit telefonmøte med representantar frå andre europeiske forbund i UEFA-regi. Det blir også diskutert kva som skjer EM-sluttspelet som etter planen skal starte i juni. Noregs kamp er planlagt spelt 26. mars på Ullevaal stadion.

Spanske Marca melder at både meisterligaen og Europaligaen er utsett med umiddelbar verknad. Avisa seier at ennå ikkje er kome nokon offisiell kunngjering frå UEFA, men at det vil kome om kort tid.

Ekspert: – Må stoppe liga når spelarar er i karantene

Den spanske ligaen er også utsett og heile laget til Real Madrid er sett i karantene.

Morata

Kampen mellom Liverpool og Athletico Madrid kan bli ein av dei siste store kampane i Europa med publikum på tribunen.

Foto: JAVIER SORIANO / AFP

Bjørg Marit Andersen er professor i medisin og tidlegare sjukehushygienikar og smitteoververnlege på Ullevål. Ho forklarer kvifor ein stoppar ein heil liga sjølv om det berre er ein spelar som er smitta eller lag i karantene.

– Det er heilt riktig å sette heile laget i karantene, det må alle tenkje på. Viss dei ikkje gjer det, fylgjer dei ikkje vanlege rutinar, seier ho om at lag blir sett i karantene dersom ein spelar er smitta.

Ho forklarer det med at dette er ein luftvegsinfeksjon som smittar svært lett.

– Når det gjeld luftvegsinfeksjon er det ikkje berre smitte ved dropar og kontakt frå ein person, men også når ein nys og hostar. Studie viser at da kjem det bitte små dropar, opptil ni meter ut i lufta rundt ein person, forklarer Andersen.

Engelsk fotball er uviss

Kva som skjer i Premier League er framleis uvisst. Onsdag kveld blei storkampen mellom Manchester City og Arsenal utsett på grunn av at fleire av Arsenal-spelarane skal ha vore nær Olympiakos- og Nottingham Forest-eigar Evangelos Marinakis da London-klubben møtte Olympiakos i Europa League nyleg.

The Times skriv torsdag at alle Premier League-kampar frå nå av vil gå for tomme tribunar.
Det som derimot er usikkert er kva som skjer viss ein ser seg nøydd til å avbryte sesongen. Premier League-reglane seier etter kva NRK forstår ingenting om dette.


Daily Telegraph skriv at det ikkje er «noko garanti» for at Liverpool blir kåra til meistrar dersom ein ser seg nøydd til å avslutte sesongen. Jürgen Klopps menn leiar ligaen med 82 poeng, heile 25 framfor andreplasserte City. Liverpool har ni kampar igjen medan City har ti.

Det er heller ikkje openbert kva lag som rykkjer ned. Per nå ligg Joshua Kings Bournemouth, Aston Villa og Norwich på høvesvis 18-, 19- og 20.-plass, men det er svært jamt i botnen. Heile seks lag ligg mellom 21 og 29 poeng.

Ifølgje goal.com har Premier League-sjefane fortløpande samtaler om kva slags grep som skal bli tatt, og korleis dei eventuelt løyser det viss sesongen må bli avslutta før alle kampane er blitt spelt.

Telegraph-journalist Jason Burt skriv på Twitter onsdag ettermiddag at tre spelarar frå ein ikkje-namngjeven Premier League-klubb blir testa for korona.

Laster Twitter-innhold

Same Burt skriv i denne saka at det er eit stort press på ligaen om å droppe kampar.

Siste nytt

  • Team Braathen avviser Hirscher-rykter: – Blir ikke noe samarbeid

    Michael Pircher er Lucas Braathens nye trener og var sjef for Marcel Hirscher i seks år. Han er likevel klar på at det ikke vil bli noe samarbeid dem imellom.

    I mars ble det klart at Braathen gjør comeback som alpinist etter en sesong på sidelinjen, men for Brasil. Hokksund-gutten har derfor måttet sette sammen sitt helt eget team, hvor Pircher er ansatt som trener.

    48-åringen ble hentet fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han blant annet hadde treneransvaret for skilegenden Hirscher fra 2013 til han la opp i 2019.

    Østerrikeren sjokkerte hele alpinverden da han annonserte comeback for Nederland tidligere i uken. Det har også skapt spekulasjoner om han og Braathen ville danne et samarbeid.

    – Det er ikke en sak for oss. Vi kommer garantert til å være i de samme skistedene, og noe vil dukke opp, men det blir ikke noe samarbeid, sa Pircher til Tiroler Zeitung, ifølge Blick.

    Trenerveteranen er tydelig på at fokuset hans nå ligger på Braathen, som skal jakte VM-gull i Saalbach til vinteren.

    – Om dagen planlegger vi opplegget, alt er fortsatt i de tidlige stadiene. Vi har nettopp funnet hverandre, sa Pircher. (NTB)

    Lucas Braathen
    Foto: BARBARA GINDL / AFP
  • Formel 1-stjerne ferdig i Haas etter sesongen

    Den tyske Formel 1-stjernen Nico Hülkenberg kjører sin siste sesong for Haas. Det bekreftet laget fredag formiddag.

    «Haas og Nico Hülkenberg vil skille lag ved avslutningen av 2024-sesongen» heter det i meldingen på X.

    Tyskeren er inne i sin andre sesong for Haas. Tidligere har han kjørt for lag som Williams, Sauber, Renault og Aston Martin.

    36-åringen har tatt en pole position, men har fortsatt til gode å vinne et Formel 1-løp. Totalt har han tatt 534 poeng på 211 løp i karrieren.

    Så langt denne sesongen står han imidlertid bare med fire poeng på fem løpshelger. Hans beste resultat i år er en 9.-plass fra Australias Grand Prix. (NTB)

    Japan F1 GP Auto Racing
    Foto: Hiro Komae / AP
  • Rashford ut mot netthetsen: – Nok er nok

    Manchester United-angriperen Marcus Rashford (26) har sett seg lei av behandlingen han får i sosiale medier.

    I et svar på en støttemelding på X skriver Rashford at «mobbingen har pågått i månedsvis».

    – Nok er nok, avslutter han med.

    Responsen kom etter at en X-bruker med United-sympatier gikk ut mot hetsen av Rashford og omtalte den som motbydelig og ondsinnet.

    26-åringen scoret hele 30 mål forrige sesong, men siden har det gått trått. Rashford står denne sesongen med kun åtte scoringer på 40 klubbkamper. (NTB)

    Rashford jubel united
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal