– Skuldera bare poppa ut. Det gjekk bare ein støyt gjennom armen, så poppa skuldera ut av ledd, seier Riiber til NRK.
I går blei han diska, etter å ha gått feil i innspurten. I dag kjempa kombinertløpar Jarl Magnus Riiber nok ein gang for triumf ut på siste etappe av lagsprinten i Lahti.
Like før slutt fekk stortalentet nok ei «riibe» i lakken. Denne gangen gjekk skuldera ut av ledd.
Håpar å rekke sesongavslutninga
18-åringen utelukkar ikkje at sesongen kan vere over.
– I og med at eg for andre gang får skuldera ut av ledd er det viktig å ta det ekstra roleg. Eg må nok vere ekstra forsiktig framover.
– Men vi veit ikkje om sesongen er over endå. Eg har eit håp om å rekke sesongavslutninga i Schonach. Tida vil vise om eg er i stand til det.
Vil ta grep for å forhindre ny skade
Riiber trur han må ta grep for å sikre at skuldera kjem ut av ledd fleire gangar.
– Eg kan for eksempel kutte stavlengda. Eg har allereie tenkt litt på forskjellige ting eg kan ta tak i for å forhindre det.
– Kva gjør dette med deg mentalt?
– Mange har komme bort til meg og sagt at eg er veldig uheldig, men eg det eg sit igjen med er sigrane i Holmenkollen og Ramsau. Denne sesongen har trass alt vore sjukt bra. Eg har vore med å prega alt som kan pregast i år, seier Riiber.
Uhell på uhell
I fjor krasja ulykkesfuglen med tyske Johannes Rydzek i innspurten i nettopp lagsprinten. Han gjekk i mål til tredjeplass på ei ski.
I Seefeld gløymde Riiber tidtakarbrikka og blei diskvalifisert, medan han i verdenscupen i Trondheim hoppa langt, men mista skia under landing. I tillegg gløymde hoppdressen og mista prøveomgangen i Chaux-Neuve.