Hopp til innhold

Fall to plassar etter diskos i regn

Etter eit godt hekkeløp heldt Karsten Warholm på tredjeplassen i tikampen i U20-VM i USA. Etter diskos-delen fall han derimot to plassar.

Karsten Warholm

Karsten Warholm tek eit oppvarmingskast før sjuande øving – diskos.

Foto: Norges Friidrettsforbund

– No må vi sjå an medaljesjansane etter stavhoppinga. Innhoppinga er i gang. Det regnar framleis, noko som er det verste stavhopparar veit, seier trenar Arve Hatløy til NRK etter sju av ti øvingar.

Jirí Sýkora

Tsjekkiske Jirí Sýkora, ein av førehandsfavorittane i tikamp før U20-VM, gjekk opp i leiinga etter eit glimrande diskoskast.

Foto: JONATHAN FERREY / Afp

Det trekk seg til i tikampen i U20-VM i USA. Førehandsfavoritt Jirí Sýkora frå Tsjekkia fauk opp i leiinga med 5991 poeng etter eit glimrande diskoskast på 48.55 meter.

Australske Cedric Dubler ligg på andreplass med 5922, før det er 102 poeng ned til russiske Roman Kondratyev på tredjeplass.

Bak der følgjer Tim Nowak på 5785 med Karsten Warholm hakk i hel på 5780.

Warholm kasta nemleg 36.05 i diskos. Ikkje dårleg for 18-åringen frå Ulsteinvik, men litt for dårleg til å forsvare tredjeplassen han hadde før diskos.

No kjempar han truleg om ein bronsemedalje med stavhopp, spyd og 1500 meter ståande igjen av tikampen.

Regnet skapte problem

– Det er vanskelege forhold for diskos no på grunn av regn. Likhanov i gruppe éin fekk problem og kasta berre 34.64, sa Hatløy til NRK frå USA.

Cedric Dubler

Cedric Dubler frå Australia var i leiinga etter seks av ti øvingar.

Foto: JONATHAN FERREY / Afp

Russiske Evgeniy Likhanov, som er med i teten, var langt bak sin personlege rekord. Det same var leiande Cedric Dubler frå Australia.

– Alt kan skje her no, meinte Hatløy.

Den sjuande øvinga, diskos, er delt inn i to grupper. Av favorittane var nemnde Dubler og Likhanov i aksjon, samt tsjekkiske Jirí Sýkora. Tsjekkaren leverte då andre svikta og kasta skremmande 48.55 meter.

Slike lengder blir truleg umogleg for Warholm. Diskos og stavhopp er dei to øvingane 18-åringen først starta med før årets sesong.

Kastinga blir essensiell

Stavhopp har han derimot fått dreisen på, og trenar Hatløy meiner kastøvingane blir essensielle.

– Diskos og spyd blir nøkkeløvingane, seier Hatløy frå Dimna IL.

Karsten Warholm

Trenar Arve Hatløy meiner kastøvingane blir viktige i samandraget.

På første øving på dag to, 110 meter hekk, sprang eleven inn til tida 14.14 – den tredje raskaste tida. Warholm blei berre hårfint slått av Dubler og russiske Roman Kondratyev.

Eit riv i den femte hekke øydela litt for 18-åringen.

– Karsten er fornøgd med hekkeløpet. Men han slo i ein hekk og mista litt tid på det. Det utgjer derimot ikkje så mykje i poeng, sa Hatløy til NRK etter løpet.

Etter seks av ti øvingar held guten frå Ulsteinvik på tredjeplassen i samandraget.

Han ligg 98 poeng bak leiande Dubler og skarve ti poeng bak Kondratyev. (Sjå oppdaterte resultat i faktaboksen til høgre).

Saka held fram under videoen.

Karsten Warholm sprang i det sterkaste av fem heat på 110 meter hekk, den sjette øvinga av tikampen i U20-VM i USA. Tida blei 14.14.

Karsten Warholm sprang i det sterkaste av fem heat på 110 meter hekk, den sjette øvinga av tikampen i U20-VM i USA. Tida blei 14.14.

Karsten Warholm

Karsten Warholm gjorde det svært skarpt på første dag av tikampen. Her under første øving, 100 meter, der han vann med suverene 10.55.

Foto: Steve DYKES / Afp

Motivasjon med familien på plass

No ventar derimot fleire tøffe øvingar. Før den andre dagen av tikampen i U20-VM i USA var stemninga avslappa.

– Stemninga er svært god. Vi er straks klare for 110 meter hekk. Det blir ein spennande dag, sa Hatløy.

I tillegg til diskos og spyd blir det stavhopp, før tikampen i Eugene, Oregon blir avslutta med 1500 meter. Då har Karsten Warholm familien ringside.

– Det motiverer Karsten at familien er på plass, får NRK opplyst frå friidrettsforbundet.

Heilt ope

Etter første dag låg Warholm på tredjeplass med 4238 poeng, 91 poeng bak leiande Cedric Dubler frå Australia. Det var nordmannen godt fornøgd med.

– Det lovar veldig bra for morgondagen. No er første halvdel gjort, kanskje den verste delen psykisk sett. Og no ligg eg veldig godt an, sa 18-åringen.

Å vere éin av medaljefavorittane er i tillegg noko han trivst med.

– Det kjennest veldig bra. Det inneber eit visst press, men det synest eg er litt gøy å ha. No får vi sjå kor godt eg kan takle det i morgon, sa han etter første dag.

Like før dag to gjekk i gang meinte trenar Hatløy at det var heilt ope.

– Alt er ope, så vi er optimistar her. Eg trur det kan bli alt frå andreplass til sjetteplass, sa han til NRK.

– Gullet er ute av sikte?

– Ingenting er umogleg, sa Hatløy.

NRK oppdaterer fortløpande

Warholm tok gull i åttekamp under U18-VM i Ukraina i 2013. Friidrettstalenta har blitt rekna som éin av medaljekandidatane under U20-VM – trass i at han berre er 18 år.

Dei andre medaljekandidatane, dei han no kjempar med i samandraget, er eitt år eldre enn Warholm.

I høgrespalta kan du sjå tidsskjema for når dei fem øvingane på dag to går av stabelen, både lokal og norsk tid.

Karsten Warholm er ikkje veldig overraska etter dei gode resultat på dag éin av U20-VM i Oregon. Likevel var det over det venta. No trur han på ny VM-medalje.

Sjå intervjuet med Karsten Warholm i etterkant av første konkurransedag i U20-VM i USA.

Siste nytt

  • Alvorlig kneskade tvinger Sandefjord-spiller til å legge opp

    Sandefjord-spiller Andreas van der Spa (25) har tatt den tunge beslutningen om å avslutte fotballkarrieren etter at en kneskade har skapt komplikasjoner.

    Eliteserieklubben opplyser om beslutningen på sine nettsider fredag.

    Der heter det at van der Spa skulle gjennomgå det som på forhånd var antatt å være en enkel kneoperasjon. Det viste det seg ikke å være.

    – Samtalen med legen i etterkant var nedslående – og det var naturlig for meg å få noen flere synspunkter. Derfor har noen av de fremste ekspertene her i landet kommet med sine konklusjoner. Det er bare å krype til korset og slutte med toppfotballen, sier van der Spa.

    – Det har selvsagt vært blytungt, og jeg har vært helt i kjelleren, sier han videre og forteller at han rømte landet etter beskjeden.

    Beskjeden han fikk fra legene var krystallklar. Mer toppfotball kunne gitt varige skader.

    – Da jeg fikk «dommen» kom det som et sjokk. Jeg hadde ingen problemer da jeg kom til Sandefjord, sier nordlendingen.

    Forsvarsspilleren ble hentet inn som erstatter etter at kaptein Sander Moen Foss forsvant til Lillestrøm. Han var tiltenkt en sentral rolle i Sandefjord etter overgangen fra Sogndal. (NTB)

    Andreas van der Spa
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Maanum kan gjøre comeback etter kollapsen søndag

    Arsenal-sjef Jonas Eidevall opplyser at Frida Maanum kan bli å se i søndagens kamp mot Leicester etter en lang periode på sidelinjen.

    Maanum falt om og ble liggende på gresset på overtid i ligacupfinalen mot Chelsea for snart tre uker siden. Hendelsen satte en støkk i både lagvenninner og andre.

    Svenske Eidevall forklarer at Maanum overvåkes medisinsk mens hun gradvis gjør seg klar for å komme tilbake på banen.

    – Alt går bra for øyeblikket, men vi må holde oss til protokollen og prosessen. Og så håper vi selvsagt at hun kan være tilgjengelig for å spille søndag, sa Eidevall på fredagens pressekonferanse.

    Søndag tar Arsenal imot Leicester som ligger på 9.-plass på tabellen.

    Arsenal ligger på 3.-plass i serien med seks poeng opp til tittelrivalene Manchester City og Chelsea. (NTB)

    Frida Maanum i aksjon i ligacupfinalen mot Chelsea
    Foto: ADRIAN DENNIS / AFP
  • Gulbrandsen tilbake i Molde-troppen til storkampen

    Molde-trener Erling Moe kan glede seg over å ha spissen Fredrik Gulbrandsen tilbake i troppen til søndagens storkamp mot Bodø/Glimt i Eliteserien.

    – Det blir vel én forandring, og det er at Martin Linnes ikke er med oss oppover. Fredrik Gulbrandsen er tilbake i troppen. Ellers ser det helt likt ut (som sist), sier Moe til TV 2.

    Gulbrandsen ble skadd allerede i serieåpningen mot Strømsgodset og har siden jobbet hardt for å komme tilbake. Det er uklart hvor mye han kan spille av søndagens toppkamp.

    Linnes startet i 1-2-tapet mot Odd onsdag og gikk av etter en time.

    For Glimts del er eneste endring at Ulrik Saltnes er tilbake i troppen. Han sto over mot Lillestrøm (5-0-seier) sist helg på grunn av sykdom.

    Kampstart på Aspmyra søndag kveld er klokken 19.15. (NTB)

    UEFA Europa Conference League 2023/2024: Molde - Club Brugge (2-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal