Før dei fem siste øvingane, 110 meter hekk, diskos, stav, spyd og 1500 meter, ligg Warholm på tredjeplass i tikampen. Han står med 4238 poeng etter dei fem første øvingane.
Med berre 91 poeng opp til leiande Cedric Dubler frå Australia, og 32 poeng ned til tsjekkiske Jirí Sýkora på femteplass, står alt på spel.
- Les også:
– Verste delen unnagjort
No er 18-åringen frå Ulsteinvik på Sunnmøre svært klar for dag to. Den gode opninga seier han har gjeve «ein godfølelse».
– Det lovar veldig bra for morgondagen. No er første halvdel gjort, kanskje den verste delen psykisk sett. Og no ligg eg veldig godt an, så eg ser fram til i morgon, seier Warholm.
U20-VM går i Eugene, Oregon i USA – som ligg ni timar bak Noreg. Når Warholm skal i elden igjen på dag to om morgonen i USA, har det allereie blitt kveld i Noreg.
Saka held fram under videoen.
Trivst med favorittstempel
Allereie før VM hadde nordmannen, som vann åttekampen i U18-VM i fjor, var han medaljefavoritt.
Med glimrande 10.55 på 100 meter, personleg rekord i lengde og bestetid på 400-meteren, blei ikkje favorittstempelet mindre.
Det presset lever Warholm fint med.
– Det kjennest veldig bra. Det inneber eit visst press, men det synest eg er litt gøy å ha. No får vi sjå kor godt eg kan takle det i morgon, seier han.
Ikkje overraska
Han tok ny personleg rekord på hundremeter med 31 hundredelar tysdag i USA. Å ta personlege rekordar er derimot ikkje så overraskande.
– Ein har toppa forma til dette, så eg blir ikkje veldig overraska. Men når eg persar så mykje som eg har gjort, så er det sjølvsagt over all forventning. Og det er veldig gøy, slår Warholm fast.
No augnar han ein pallplass.
– Det er sjølvsagt draumen, fortel 18-åringen.
– Men det er framleis fem øvingar igjen. Eg skal stå på så godt eg kan på dei, så får vi sjå kva sluttresultatet blir, avsluttar Warholm.
NRK vil følgje siste del av tikampen fortløpande.