Hopp til innhold

VM-bronse til Malin Westerheim

Malin Westerheim overraska i VM i rifleskyting. På halvmatchen i VM i Granada tok 20-åringen frå Krapfoss i Moss bronse.

Malin Westerheim sikra seg bronse i halvmatch i VM i skyting. Kommentatorer: Ola Lunde og Vebjørn Berg.

– Eg var kjempenervøs både før og under finalen. men eg tviheldt på geværet og køyrde på, sa Westerheim til NTB.

– Akkurat no er det heilt herleg. Endeleg hadde eg marginane med meg, jubla ho rett etter finalen.

Westerheim fekk 444,7 på dei 44 skota i finalen. Det gav ikkje berre bronse, det sikra samstundes Noreg ein kvoteplass i OL i Rio om to år. Dette er den første VM-medaljen til Noreg i historien på 50 meter halvmatch med finkaliber.

– Det er ein kjempeprestasjon Malin gjer, seier NRKs ekspertkommentator Vebjørn Berg.

Han roser den unge jenta frå Moss.

– Ho er berre 20 år, og har naturleg nok ikkje så mange triumfar bak seg. Men ho er uredd og kompromisslaus og går «all in». Då har ho ikkje respekt for nokon, seier Berg.

Berre så vidt til finalen

Westerheim gjekk til finalen som den åttande og siste. Men der imponerte ho stort. Først på det nest siste skotet i den avsluttande eliminasjonsrunden måtte ho gje tapt. Berre 0,4 poeng skilde frå ein plass i duellen om gull og sølv.

Malin Westerheim var i ferd med å rote det til på kneståande. Den andre serien sat niaren ute til høgre, og etter dei 15 kne-skota låg ho sist i finalen.

Men ho tok seg bra inn på den siste, og skaut best av alle liggande. Og med 51,2 poeng på den siste av to ståandeseriar, var ho på delt sølvplass før den avgjerande eliminasjonsrunden – eitt og eitt ståande skot, der ein og ein av dei seks siste skyttarane fall ut.

Etter å ha hange med i tre skot, var bronsen sikra – sjølv med berre 9,6 på det tredje. Det gav nemleg avansement med 0,1 poeng til italienske Petra Zublasing, som vart ståande på fjerdeplass.

Trass sterke 10,4 på det siste skotet, måtte ho strekke våpen i kampen om endå edlare medaljar. Snjezana Pejcic frå Kroatia skaut nemleg 10,5.

Beate Gauss frå Tyskland tok gullet.

Revansje frå førre konkuranse

Finaleplassen og bronsen var ein knusande revansje for det som skjedde på 60 skot liggande tidlegare i veka.

Då var Westerheim fattige 0,1 poeng frå finaleplass . I dag sikra ho bronsen med den same marginen.

I halvmatch-kvalifiseringa i dag var millimetrane på Westerheims side. Ho hadde same poengsum som ukrainske Olga Golubtsjenko, 585, men fem innertiarar meir.

– Det var ulideleg spennande å sjå på. Ho var tidleg ferdig, og vi kunne sjå på konkurrentane som skaut mot slutten. Der var det mange som vart slitne mot slutten, seier landslagstrenar Anne-Grethe Jeppesen til NRK.

–- Malin var kjempeglad og fornøgd. Dette har ho jobba for i mange år. Det er spesielt godt å lykkast når ein har vore så nær tidlegare, seier Jeppesen

Westerheim fekk 194 på dei 20 kneståande skota, der ho drog ut ein åttar på det aller siste skotet.

På liggande prikka ho inn 20 tiarar, og avslutta med 191 ståande.

Best av alle var tyske Beate Gauss med 590.

May Elisabeth Nordahl vart nummer 46 med 576 poeng.

Berre ein gong tidlegare har ei norsk kvinne delteke i ein VM-finale i rifleskyting – Hanne Wattaker vart numemr sju i halvmatch i 1994.

Sportsnyheter

Erling Braut Haaland City

«Pissnervøs» Haaland ble City-helt: – Det er derfor han er eksepsjonell

Erling Braut Haaland taklet presset på mesterlig vis og ble tomålsscorer for Manchester City. Nå har de alt i egne hender før siste runde i Premier League.

Siste nytt

  • Sørloth involvert i vinnermålet da Villarreal slo sterke Girona

    Alexander Sørloth var tredje siste Villarreal-spiller på ballen da Bertrand Traoré scoret vinnermålet i Villarreals 1-0-seier borte mot serietreer Girona.

    Girona hadde hatt de fleste sjansene i kampen, men i det 59. minutt var det gjestene som kunne juble for scoring.

    Villarreal vant ballen ved midtstreken. Den havnet hos Sørloth, som slo et fint framspill til Gonçalo Guedes. Han dro seg forbi en motspiller, men ble taklet før han fikk skutt. Ballen rullet til Bertrand Traoré, som skjøt i mål ved lengste stolpe og feiret sitt aller første mål i La Liga.

    I det 65. minutt hadde Girona en stor trippelsjanse, men laget fikk ikke ballen i mål.

    Sørloth har 19 seriemål og kjemper om toppscorertittelen i spansk fotball. Girona-spissen Artem Dovbyk topper med 20, men ingen av storscorerne økte målfangsten da de spilte på topp for hvert sitt lag tirsdag.

    Mål ble det derimot for Jude Bellingham, en tredje spiller med sjanse til å bli målkonge. Han scoret det første målet da seriemester Real Madrid knuste Alavés 5-0. Han hadde også to assist. Vinicius Junior scoret to ganger.

    Bellingham er med sin 19. scoring i La Liga oppe på siden av Sørloth før de to siste serierundene. (NTB)

    Alexander Sørloth
    Foto: Reuters
  • Historisk seier for futsalkvinnene

    Tiller-spillerne Andrea Holm Aune og Mari Kristine Vik scoret målene da Belgia ble slått 2-1 i Norges aller første futsallandskamp for kvinner.

    1300 tilskuere hadde tatt veien til Kolstad Arena, og de fikk se det norske laget imponere i den historiske kampen.

    Vik gjorde forarbeidet til ledermålet med et raid på venstresiden. Hun fant klubbvenninnen inne foran mål, og Aune scoret fra kort hold.

    Aune imponerte og fikk prisen som banens beste. Hun kom til flere store sjanser, men det var Vik som doblet ledelsen etter en soloprestasjon i 2. omgang. Først slo hun tunnel på en motspiller, så skjøt hun mellom beina på keeper.

    Belgia reduserte, men greide aldri å utligne, og de norske kunne juble for seier.

    Lagene møtes igjen onsdag. (NTB)

    Mari Kristine Vik
    Foto: NTB
  • Graham Hansen med scoring og assist for Barcelona

    Caroline Graham Hansen var igjen sentral for Barcelona da de vant 4-0 borte mot Eibar tirsdag kveld.

    Graham Hansen serverte Salma Paralluelo med et lavt innlegg til Barcelonas første mål og scoret selv Barcelonas tredje mål med et velplassert skudd.

    29-åringen ble byttet ut like etter at timen var spilt. Ingrid Syrstad Engen spilte 71 minutter av tirsdagens kamp.

    Barcelona har to runder igjen av ligasesongen, men har allerede vunnet serien med klar margin etter imponerende 27 seirer (og én uavgjort) på 28 kamper.

    Graham Hansen
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal