Hopp til innhold

– Forferdeleg at det skjedde

Terje Gustavsen ved Eventyrfabrikken seier til NRK at dei er veldig lei seg for valdsepisoden som skjedde der 4. oktober.

Eventyrfabrikken

Eventyrfabrikken vil sette inn fleire vakter når det er mange til stades for å hindre valdsepisodar i framtida.

Foto: Synne Haugbråten Rustad / NRK

Dagleg leiar i Eventyrfabrikken i Skien, Terje Gustavsen, fortel at det var ei 11 år gamal jente som blei slått og sparka av ein gutegjeng. Han håpar politiet kan oppklare saka.

– Vi fekk beskjed om det. For foreldra og andre sa ifrå til oss. Men vi var ikkje klar over at det var så alvorleg som det var, seier Gustavsen.

Det var Varden som først omtalte saka måndag.

Les også:

Det var politiet som fortalde dei ansvarlege i Eventyrfabrikken om kor alvorleg denne valdsepisoden var, og at jenta og faren hadde meldt Eventyrfabrikken til politiet.

– Men det er greitt for å få saka opplyste, for jenta hadde hamna på sjukehus og låg der natta over, seier Gustavsen.

Vil leige inn fleire vakter

Terje Gustavsen, Eventyrfabrikken

Dagleg leiar Terje Gustavsen.

Foto: Eventyrfabrikken

Den daglege leiaren synest det er forferdeleg det som har skjedd.

– Dette er eit leikeland der barn skal ha det hyggeleg. Og slike ting skal ikkje skje, seier Gustavsen.

Han seier at Eventyrfabrikken ser veldig alvorleg på hendinga, og har forsøkt å ta nokre grep.

– Vi har delt opp Eventyrfabrikken, og bygt opp ei ny avdeling for om lag to millionar kroner. Og den minste avdelinga er for dei minste under fem-seks år, seier Gustavsen.

På denne måten freistar Eventyrfabrikken å skjerme dei minste frå dei større barna.

– Kva for tiltak vil det gjere etter denne valdsepisoden her?

– Når det kjem større grupper, så kjem vi til å leige inn vakter. Og vi kjem til å søke om vi får lov til å sette opp overvakingskamera. Vi har ikkje lyst til å ha det slik, folk skal kjenne seg trygge på Eventyrfabrikken. Dei skal ikkje gå dit og vere redde for å bli angripen eller sparka og slått, seier Gustavsen.

Foreldre har også ansvar

– Har de god nok kontroll i det store leikelandet, når slikt kan skje?

– Vi har vel ikkje det når det kan skje slike ting. Det var tolv personar på jobb som går kontinuerleg rundt for å sjekke opp alle ting. Men det viser seg at vi ikkje har god nok kontroll, og difor vil vi sette inn vakter neste gong, seier Gustavsen.

Han meiner likevel at det i alle hovudsak er trygt i eit leikeland.

– Undersøkingar viser at det er tryggare her enn på skulen. Det skjer sjeldan noko på eit leikeland. Men det er foreldre som eigentleg skal ha ansvaret for ungane sine i eit leikeland, seier Gustavsen.

Han viser til at det står det også skilt om dett ved inngangen.

– Men det er klart vi har eit ansvar og fleire folk på jobb når det er mange menneske der. Og det er vår første prioritet at det skal vere trygt å kome til oss, seier Gustavsen.