Hopp til innhold

– Kan ikkje bryte avtale med lege som nektar prevensjon

Vinje kommune kan ikkje bryte arbeidsavtalen som er inngått med fastlegen i Vinje som har reservert seg mot abort og prevensjon.

Gunnar Grøstad Johnson

KS meiner Vinje kommune ikkje kan bryte avtalen med fastlege Gunnar Grøstad Johnson

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Det er konklusjonen i ei utgreiing Vinje kommune har bedt om frå KS som er kommunanes arbeidsgivar-, interesse- og medlemsorganisasjon.

– Konklusjonen er at den avtalen Vinje kommune har inngått med fastlegen i Vinje er gyldig, og det rundskrivet som er kome frå departementet set ikkje den til side, seier rådmann Hans Kristian Lehmann i Vinje kommune.

Les også:

Kan ikkje bryte avtale

Arbeidsavtalen fastlegen i Edland har med Vinje kommunen er frå 2007. Der står det at legen slepp å henvise til abort eller skrive ut det han meiner er prevensjon med abortframkallende effekt.

I oktober 2011 kom helsedepartement med ein instruks der fastlegar ikkje lenger kan reservere seg mot å behandle pasientar av samvettsgrunnar.

Konklusjonen i utgreiinga frå KS er at denne instruksen ikkje har tilbakeverkande kraft for Vinje kommune.

– Det er i grunnen det Vinje kommune har meint heile tida. Nå har vi fått stadfesta at det er rett.

Artikkelen fortsett under biletet.

Robin Kåss

Statssekretær i Helsedepartementet Robin Kåss har tidlegare uttalt at avtalen fastlege Gunnar Grøstad Johnson har med Vinje kommune kan vere ugyldig.

Foto: NRK

– Må få direkte pålegg

Lehmann seier at det betyr at arbeidsavtalen gjeld, og at fastlegen vil ha sitt kontor i Edland i Vinje og ha dei pasientane som han har.

– Vinje kommune verken kan eller vil bryte avtalen med fastlegen.

Lehmann meiner det må kome eit direkte pålegg frå departementet dersom Vinje kommune skal bryte avtalen, og då trur han også at departementet vil site igjen med ansvaret for det.

Sentralt politisk utspel

– Korleis har denne saka vore for Vinje kommune?

– Eg har litt inntrykk av dette har karakter av eit sentralt politisk utspel, fordi saka har fått mykje merksemd. Men det er også andre kommunar som har inngått liknande avtaler. Så eg har vore trygg på at kommunen har gjort det rette heile tida.

Fleire kommunar har avtaler

VG Nett skriv at også Bø legesenter og Sauherad legesenter i Telemark har avtale med fastlegar som har reservert seg mot å gje prevensjon eller abort.

Statssekretær Robin Kåss i Helse og Omsorgsdepartementet har tidlegare sagt til NRK at avtalen med fastlegen i Vinje om reservasjon kan vere ulovleg.

Det har ikkje lukkast NRK Østafjells å få ein kommentar frå Kåss i dag.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark