Hopp til innhold

– Den som er best overlever

Skipsverftsindustrien er tilbake til kvardagen og må kjempe for kvar ny kontrakt. Vardverftet i Brevik feira nye kontraktar med kakefest i kantina.

Alf Kåsene, klubleiar Vard Brevik

For arbeidarane ved verftet til Vard Brevik i Trosvik betyr dei nye kontraktane at arbeidarane kan senke skuldrene og stå på. Klubbleiar Alf Kåsene til høgre saman med Roger Kristiansen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Presis klokka 11.45, samstundes som meldinga tikka inn til børsen i Singapore, offentleggjorde direktør Lars Ivar Bøe den nye kontrakten på to nye spesialskip til offshoreindustrien. Skipa blei bestilt av ein stor internasjonal aktør som ikkje vil ha namnet offentleggjort av omsyn til konkurransen. Verdien er på 600 millionar kroner.

Lars Ivar Bøe, Vard Brevik

Direktør Lars Ivar Bøe er glad for nye skipskontrakter.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Det her var veldig godt. Det var i grevens tid, for å unngå permitteringar, seier Bøe.

Oljeanalytikarar spår mindre investeringar i oljesektoren i åra som kjem, og det har dei alt merka ved skipsverftet i Brevik. I periodar kunne ordreboka vere full for tre år framover.

No er tidshorisonten kortar, og difor er det ekstra kjærkoment å få påfyll med ordrar på skip fram til hausten 2015.

I går kunne Vard sitt verft i Brattvåg feire den største kontrakten i historia, både når det gjeld verdi og storleiken på skipet.

Les meir her;

Vard Brevik bygger skroga ved Vard sitt verft i Brailia i Romania. Dette verftet ligg ti mil opp i elva Donau med utløp i Svartehavet.

– Det tar tid før vi får skipa hit til Brevik. Og nå var vi eigentleg på overtid, så difor var det veldig herleg å få i hamn to nye kontraktar, seier Bøe.

(Artikkelen held fram under bilete)

Vard Brevik

Det er blitt tradisjon å feire nye kontraktar med kakefest i kantina ved Vard Brevik.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Har tillit i marknaden

Det er blitt ein tradisjon å feire nye kontraktar med kake i kantina i Brevik. Og to nye steinar blei lagt til den nye varden midt i kantina. I slutten av november i fjor var det også kakefest for ny kontrakt.

Bøe meiner desse nye kontraktane betyr mykje for heile grenlandsregionen og for verftet i Trosvik.

– Det stadfester at vi har tillit i marknaden og leverer avansert teknologi til ein konkurransedyktig pris, seier Bøe.

Han framhevar det gode arbeidsmiljøet, at arbeidarane er effektive og kan bygge på erfaring frå mange år i bedrifta.

– Det er gode krefter i Telemark offshore som arbeider hardt med å skaffe fleire oppdrag innan offshore som kan skape nye arbeidsplassar i regionen, seier Bøe.

Vard selskapa i Grenland sysselsetter om lag 450 personar.

(Artikkelen held fram under bilete)

Lars Ivar Bøe, Vard Brevik

Direktør Lars Ivar Bøe kunne legge ned to nye steinar for to nye skipskontraktar og innvie den nye varden laga av kunstnaren Jan Warholm frå Stavern.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Kan senke skuldrene

Klubbleiar Alf Kåsene seier at dei nye kontraktane betyr mykje for dei som arbeider ved Vard Brevik.

– Dei kan senke skuldrene, stå på og sleppe å tenke på at krisa er der. Slik situasjonen er no, så betyr det gjerne at vi har arbeid eitt år til halvtanna år fram i tid. Det er det vi må leve med i dag, seier Kåsene.

Han framhevar at Vard Brevik har dyktige medarbeidarar innan sal og marknadsføring som ein del av årsaka til at skipsverftet klarar å kapre nye kontraktar på skip.

Vard har fem norske skipsverft. Dei fire andre ligg på Vestlandet i Brattvåg, Søviknes, Langstein og Aukra i Møre og Romsdal. Det er to skipsverft i Romania, eitt i Vietnam og to i Brasil. Til saman har Vard konsernet 9000 tilsette.

– Det gjeld å vere best

Den nye kontrakten er på to offshoreskip skal leverast i oktober-november 2015.

Lars Stärk, STX Brevik

Administrerande direktør i Vard Holding, Lars Stärk, seier konkurransen om kontraktane er tøffare no.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

– Det er tøff konkurranse. Med det høge norske kostnadsnivået er det om å gjere å vere best, seier Lars Stärk, administrerande direktør i Vard Holding.

Han har ansvar for sal og marknadsføring, og vil trekke fram det gode arbeidsmiljøet som ein viktig suksessfaktor ved skipsverftet.

– Vi har spesialisert oss på denne type spesialskip til offshoreindustrien, seier Stärk.

Det blir spådd tøffe tider i åra som kjem i oljeindustrien med mindre investeringar. For ti år tilbake kunne skipsverftet i Brevik oppleve å ha ordrereserver tre år fram i tid. Slik er det ikkje lenger.

– Vi er tilbake til kvardagen, og har ikkje så lang horisont lenger når det gjeld ordrereservar, seier Stärk.

Men Lars Stärk er likevel optimist med tanke på framtida.

– Det vil alltid vere behov for nye spesialskip til offshoreindustrien. Den som er best vil klare seg, så eg er optimist, seier Stärk.