21-åringen på Malvik på veg mot fengselet på Kos. (Foto: Dagsrevyen)
21-åringen frå Malvik var sikta for lekamsskading med døden til følgje. Han blei arrestert av gresk politi natt til laurdag og har sidan sitte i fengsel.
I føremiddag rett før klokka 1300 avgjorde dommaren på Kos at den 21 år gamle mannen skulle sleppast fri mot at norske styresmakter stillte med 120 000 kroner i kausjon.
Framleis sikta
(Foto: Dagsrevyen)
Det opplyser den norske ambassadøren i Hellas, Finn Kristen Fostervold til NRK Trøndelag.
Ifølgje Fostervold vil rettssaka gå sin gang når den tid kjem.
Kausjonen er berre ein garanti for at 21-åringen vil møte når saka startar.
- Det er ingen haldepunkt for å seie at siktinga mot 21-åringen er falle bort, men han er sleppt fri mot ein kausjon, seier Fostervold.
21-åringens greske advokat seier til VG at det kan gå 4-5 månader før det blir avgjort om det blir ei rettssak.
Tøffe dagar
21-åringen er letta over at marerittet går mot slutten. Han innrømmer at det har vore tøft å sitte i fengsel på Kos.
- Det var veldig vanskeleg å kommunisere med folk. I tillegg var det svært uverdige tilhøve i fengselet. Cellene var ikkje akkurat strokne, seier 21-åringen til NRK Trøndelag.
No gler han seg til å sjå korleis den greske ferieøya Kos eigentleg er. Han veit ikkje om han kjem til å reise heim i løpet av dagen.
Basketaka skjedde ved denne kiosken på ferieøya Kos i Hellas. (Foto: Dagsrevyen)
- Eg må vurdere ei eventuell heimreise når eg får snakka med dei andre.
Slagsmål om sigarettar
Det heile starta då 21-åringen natt til laurdag hamna i basketak med ein 54 år gamal kioskeigar.
Det er uvisst kva som eigentleg skjedde ved kiosken, men 54-åringen fall i bakken og døydde kort tid etter på sjukehuset.
Obduksjonsrapporten viste at 54-åringen døydde av hjartesvikt. Også fleire vitneutsegn i retten tyda på at 21-åringen frå Malvik er uskuldig.