Hopp til innhold

– Lærerikt og inspirerande

Prosjektet «Menn i helse» rekrutterer menn til helsesektoren gjennom Nav og har frå starten av vore ei suksesshistorie.

Menn i helse

Prosjektet ' Menn i helse' rekrutterer menn til helsesektoren.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Børre Hansen

Helsefagstudent Børre Hansen tykkjer arbeidet er svært lærerikt.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Det er veldig lærerikt og inspirerande. Eg føler at eg hjelper nokon som treng det, seier helsefagstudent Børre Hansen.

Han har arbeidd i butikk, barnehage og vore på sjøen før han vart med i prosjektet.

Berekningar viser at Noreg i 2035 kjem til å mangle 57.000 helsefagarbeidarar. Prosjektet "Menn i helse" skal rekruttere helsefagarbeidarar gjennom Nav. Menn mellom 26 og 55 år får vere med i prosjektet. Nav gir dei moglegheit til å utdanne seg til helsefagarbeidarar og dei får økonomisk støtte til utdanninga. 150 menn prøver pleieyrket i Trøndelag gjennom dette prosjektet. Så langt har fråfallet vore minimalt.

Rekruttar

Rekruttering til prosjektet Menn i helse

29 menn hadde møtt opp for å ta del i prosjektet 'Menn i helse'.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Prosjektet har årlege inntak og Nav er i desse dagar ute etter nye menn som ønskjer å vere med. Målet på landsbasis er at 180 nye menn skal byrje på utdanninga gjennom Nav i 2015.

– Eg har draumejobben, seier fylkeskoordinator for Nord- Trøndelag " Menn i helse", Kirsten Ulriksen Skogseth.

Onsdag samla ho 29 nye menn i Levanger som ønskjer å ta fatt på utdanninga til helsefagarbeidar gjennom Nav.

Mangfald

Hans Bremer Mjeldal

– Det skapar betre kultur på arbeidsplassen med både kvinner og menn, seier avdelingsleiar ved Breidablikktunet sjukeheim Hans Bremer Mejdal.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Hans Bremer Mejdal er avdelingsleiar ved Breidablikktunet sjukeheim i Levanger kommune i Nord-Trøndelag. Han seier det er positivt både for pasientar og for arbeidsmiljøet med fleire menn i helsefagarbeidar-yrket.

– Me får eit heilt anna mangfald på pleie-sida når me får menn på arbeidsplassen. Det er jo ikkje berre damer som bur på Breidablikktunet, seier han.

– Me får også ein heilt anna kultur på arbeidsplassen. Det blir trivelegare å vere på jobb med både kvinner og menn, held han fram.

Ny kvardag

Helsefagstudentane i prosjektet tilrår andre men å prøve.

– Dette er ein kvardag som mange ikkje veit kva er for noko. Hadde eg berre visst skulle eg ha gjort dette for mange år sidan, seier helsefagstudent Børre Hansen.