Hopp til innhold

Påstand om 17 års fengsel i giftsaka: – Venta til han var sikker på at ho var død

Påtalemakta la ned påstand om at tiltalte må dømast til 17 år i fengsel for drapsforsøk og drap.

May Irene Eliassen fra Ørland døde etter forgiftning

May Irene Eliassen vart drepen av mannen sin, meiner påtalemakta.

Foto: Privat

May Irene Eliassen (73) døydde 29. juni i Ørland kommune. Obduksjonen viste at ho døydde av ein stor overdose morfin.

Ektemannen har erklært seg skuldig i å ha medverka til at ho døydde ved å ha kjøpt tablettane.

200 mg Dolcontin tablett. Morfin.

Tiltalte har forklart at han kjøpte slike morfintablettar i rusmiljøet. Han gav dei til kona og avtalen var at han ikkje skulle vete når ho tok dei.

Foto: Politiet

Men han nektar for å ha drepe henne. Han seier det var kona som ønska å døy fordi ho ikkje ville leve med Parkinson pluss.

Aktor meiner det er ingenting som tyder på at avdøde og ektemannen hadde ei «sjølvmordspakt».

– Vi snakkar ikkje om eit menneske som stod på dørstokken inn til neste rike

Førstestatsadvokat Unni Sandøy stående i retten. Hun er konsentrert og kikker på en PC. Det er pause i prosedyrene

Aktor, førstestatsadvokat Unni Sandøy, under prosedyren din i tingretten tysdag

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Vart May Irene Eliassen fortvilt då ho fekk diagnosen? Heilt sikkert.

Slik starta aktor prosedyren sin i tingretten tysdag.

Førstestatsadvokat Unni Sandøy heldt fram med å stille spørsmål om fornærma gret då ho fekk diagnosen.

–Ja, det skulle berre mangle.

Men aktor meiner at kona ikkje bad tiltalte om å kjøpe tablettar slik at ho kunne ta livet sitt.

– Vi har med ein sjukdom der det berre går ein veg, sa aktor og viste til sakkunnige som vitna i retten.

Symptoma prega kvardagslivet hennar.

Men mange vitnemål frå personar som behandla fornærma fortel om ei kvinne som skal ha forsona seg med sjukdomen.

Ho hadde også lese seg til at ho kunne leve med sjukdomen i ti år.

– Vi snakkar ikkje om eit menneske som stod på dørstokken inn til neste rike, seier aktor.

Morfin ikkje nemnt av tiltalte då kona vart innlagd

Mannen er også tiltalt for drapsforsøk etter at kona vart innlagd på sjukehus i februar 2023.

Også då vart det funne store mengder morfin i kroppen hennar.

I lydopptak gjort på sjukehuset sa kvinna at ho ikkje hadde tatt morfin.

Dei to sønene til avdøde meiner mora ikkje ønska å døy sjølv om ho var svekka av sjukdomen.

På sjukehuset vart kvinna undersøkt for om ho kunne vere suicidal, utan at dei fann teikn på det.

Aktor viser til at tiltalte ikkje nemnde noko til ambulansepersonalet om morfin då han fann kona livlaus i februar.

Portrett Trond Oscar Aamo. Avdelingssjef klinisk farmakologi, St. Olavs hospital

Sakkunnig Trond Oscar Aamo er overlege ved avdeling for klinisk farmakologi ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Sakkunnig Trond Oscar Aamo er overlege ved avdeling for klinisk farmakologi ved St. Olavs hospital i Trondheim, og har vitna i retten.

Han har rekna ut at fornærma hadde mellom 60 til 100 milligram morfin av typen Dolcontin i kroppen ved 17-tida kvelden før ho vart innlagd i februar.

Dette var ikkje ei dødeleg dose. Men kvinna var medvitslaus og låg på sjukehuset i fleire dagar før ho fekk kome heim igjen.

Tiltalte sa heller ingenting om at kona hadde vore innlagd med morfinforgifting i februar då han ringde AMK like før klokka 22 den 29. juni.

Sakkunnig Aamo har rekna seg fram til avdøde hadde fått i seg mellom tre og fire tablettar som kvar var på 200 milligram morfin.

Det vart funne restar av morfin på både kjøkenbenk, reiskap, glas og i støvsugarpose i huset.

Glass med delvis funn av blant annet morfin fra drapssak Ørland 2023

Dei tre glasa til venstre inneheldt spor av mellom anna morfin på glaskanten

Foto: Politiet

Inga støtte for ei «sjølvmordspakt» meiner aktor

Tiltalte har erkjent at han medverka til at kona tok livet sitt ved hjelp av tablettane.

Men at han og kona gjorde ein avtale som ei slags «sjølvmordspakt» ber aktor retten om å sjå bort ifrå.

– Mange andre alternativ burde vore forsøkt før ein går med på ein slik avtale, seier aktor Sandøy.

Tiltalte har endra forklaring fleire gonger sidan han vart arrestert.

– Han har tilpassa forklaringane sine etter kvart som bevis dukka opp, seier aktor.

Først etter eit par veker i varetekt fortalde han at kona og han hadde ein avtale om at han skulle kjøpe tablettane fordi ho ønska å døy.

Ein av mennene som selde tiltalte narkotika vitna i retten.

Men han sa han ikkje hadde selt morfintablettar til tiltalte.

Eit «soloprosjekt» for tiltalte

Nærbilde av beina til en mann som et tiltalt for å ha forgiftet sin kone med morfin i Ørland kommune. Mannen er iført svart og hvite joggesko, i tillegg til mørke jeans. Vi ser også nedre del av hans mørkegrønne grenser

Tiltalte i vitneboksen under rettssaka.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Tiltalte såg vedkomande i fengselet der han sjølv sat i varetekt i juli. Då skjønte tiltalte at han måtte fortelje om kjøpet av tablettar, påpeika aktor.

Politiet har ikkje greidd å finne den eller dei som selde morfintablettane.

Korleis ein mobiltelefon som tiltalte brukte til å kommunisere med narkotikaseljaren vart øydelagd, har tiltalte også hatt ulike forklaringar på.

Mobil-og trafikkdata i Trondheim viser at kona aldri var i nærleiken eller hadde nokon kontakt med narkotikakjøpa som ektemannen gjorde, meiner aktor.

Ho kallar handlingsmønsteret til tiltalte eit «soloprosjekt».

Tiltalte og kona hadde eit tett forhold, heilt til det siste. Det har mange vitne fortalt om i retten.

Aktor meiner det er ingen grunn til tvile på dette. Men vitne har også fortalt om ein tiltalt som sleit med at kona var vorten sjuk. Aktor viser særleg til ei kvinne han kalla ein «god samtalepartnar».

Tiltalte hadde kjensler for henne som ikkje samsvarer med å vere den lojale ektemannen som han står fram som i retten, seier aktor.

Les også Fastlegen om avdøde: – Eg tenkte ho var drepen

Oppvaskmaskin der det ble funnet morfin mm på glass og fat i nedre del, mens ingen funn i øvre del av maskinen.

Aktor : – Venta til han var sikker på at ho var død

Aktor viste til at det er mange logiske brestar i forklaringa til tiltalte om sjølve inntaket av tablettane den kvelden ho døydde:

Kvifor skulle May Irene måtte knuse tablettane sjølv og blande dei i mat eller drikke?

Kvifor tok ho dei ikkje i munnen og togg dei?

Kvelden ho døydde har tiltalte sagt at May Irene sovna av i stolen etter at dei hadde ete ein omelett i 19-tida.

Han bestemte seg då for å køyre og kaste noko kattesand og rydde i bilen.

Han var borte i minst ein halv time, ifølgje han sjølv.

Korleis kunne May Irene vete at mannen skulle dra ut den kvelden og kor lenge han skulle vere borte, spør aktor Sandøy.

Ho meiner svaret er at det var tiltalte som knuste tablettane og putta dei i mat eller drikke utan at kona visste om det.

Så drog han ut.

– Det er snakk om eit drap der tiltalte venta med å varsle til han var sikker på at May Iren Eliassen var død, sa aktor i prosedyren sin.

Avskjedsbrev fra tiltalt i giftsak del 1

I bilen til tiltalte vart det funne ein lapp som tiltalte skreiv før han skulle i avhøyr der han vart sikta for drap.

Foto: Politiet

– Eit overlagt drap og drapsforsøk

Forgiftinga med morfintablettar var gjort med overlegg.

Det var tiltalte som gjorde det og dermed skal han dømast både for eit drapsforsøk og eit drap, meiner påtalemakta.

– Frå det første forsøket på å kjøpe narkotika og fram til forsøket på drap går det eit halvt år, seier medaktor Ole Andreas Aftret.

Dette viser etter påtalemakta si meining at tiltalte har hatt forsett og har planlagd handlingane over tid.

Fornærma er den same, metoden og åstaden likeins.

Utgangspunktet for ei straff er då 15 års fengsel slik Høgsterett har lagt til grunn i slike drapssaker.

Fornærma var heilt avhengig av tiltalte på grunn av sjukdomen og at ho fekk hjelp med å ete og ta medisinar. Dette er skjerpande, meiner påtalemakta.

Det same er at trass i at drapsforsøket mislukkast, så prøvde tiltalte på nytt.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret i retten. Han står ved benken og kikker rett fram

Medaktor Ole Andreas Aftret la ned påstand om 17 års fengsel for tiltalte.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Formildande omstende kan vere at tiltalte meinte at kona skulle få sleppe å leve lenger med sjukdomen.

– Men May Irene Eliassen var ikkje dødssjuk, seier medaktor.

Han meiner derfor at paragraf 278 i straffelova, om i medkjensle å drepe ein person som er dødssjuk, ikkje kan takast omsyn til i denne saka.

Aftret la ned påstand om at tiltalte skal dømast til 17 år i fengsel for eit drapsforsøk og eit drap.

Dersom retten meiner tiltalte i staden skal dømast for å ha medverka til sjølvdrap, er rett straff åtte år og seks månader i fengsel, meiner påtalemakta.

Forsvarer: Ingen fellande bevis

Forsvarer Kristina Jørgensen starta prosedyren sin med å minne om at ingen skal dømast utan at det er bevist utover ei kvar rimeleg tvil at tiltalte er skuldig.

Jørgensen nemnde Baneheiasaka og drapet på Birgitte Tengs.

I den første saka er ein av dei dømde seinare frifunnen. I Tengssaka er ein ny mann dømd for drapet, påpeika Jørgensen.

Ho meiner det ikkje er noko fellande bevis i saka som retten no behandlar:

–Det er som eit puslespel der nokre bitar manglar, seier forsvararen.

Fornærma hadde til tider problem med å snakke og gjentok ofte det same ordet før ho kom vidare i samtalen.

Det kan ikkje utelukkast at May Irene Eliassen hadde eit ønske om å avslutte livet på grunn av sjukdomen, seier forsvararen.

Kan ha tatt tablettane sjølv

Forsvarerne Kristina Jørgensen og Jasmin Gheshlaghi i retten. Vi ser kun ryggen til Gheshlaghi.

Forsvarer Kristina Jørgensen og medforsvarar Jasmin Gheshlaghi (med ryggen til) før prosedyren tysdag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Lydopptaket som vart gjort med fornærma mens ho låg på sjukehuset i februar, kan oppfattast annleis enn påtalemakta gjer, meiner forsvarar.

Ingen stader på opptaket høyrer ein at fornærma seier at det er nokon som «vil ta livet av henne» slik påtalemakta seier.

Jørgensen meiner May Irene ikkje ønska at sønene skulle få vete at ho hadde tatt «dop».

Jo, men veit med mæ sjøl at vi har itj nå sånn, æ har itj tatt nå, æ har itj tatt nå,

seier fornærma på lydopptaket.

–Dette er ikkje noko bevis på at May Iren ikkje tok tablettane sjølv, men at ho ville skjule det for sønene, påpeikar forsvarar.

Tiltalte hugsar dårleg, meiner forsvarar

–Ja, det stemmer at tiltalte har endra forklaringar, seier Jørgensen og held fram:

–Han fortalde ikkje om tablettane. Han ville beskytte både seg sjølv og avdøde. Han ville ikkje at folk skulle vete at kona hadde tatt sjølvmord.

Forsvarer meiner tiltalte ikkje medvete tilpassa forklaringane sine etter kvart som bevis dukka opp.

–Han hugsar dårleg, seier Jørgensen.

Ho viser til fleire døme i retten der tiltalte har tatt feil når han har «trudd» at han var ein stad som ikkje viste seg å vere tilfelle.

På den andre sida nemner forsvarer fleire døme på at tiltalte har forklart seg om forhold som kan samsvare med mobildata.

Det gjeld spesielt korleis kontakten var med narkotikaseljaren og om kona til tiltalte var i nærleiken då telefonsamtalane fann stad.

Også motivet for å drepe kona er vanskeleg å få auge på, meiner Jørgensen.

–Kvifor ta livet av kona som ville ha hamna på pleieheim snart ?

Kvifor ringde han AMK i februar dersom han ikkje ville at kona skulle leve?

Tiltalte kunne også ha skilt seg om han syntes det var for tøft å passe på henne, sa Jørgensen.

Les også May Irene døydde av forgiftning – fann morfinrestar i støvsugar

Innhold i støvsuger fra åsted giftdrap Ørland