Han er student ved Noregs Kreative Høyskole i Trondheim, og i saman med medstudent Stian Andreassen har dei dokumentert livet på gata, under bruer og i parkeringshus i Trondheim. Tommy Larsen hadde berre med seg ein sovepose og enkel oppakning med klede for å løyse skuleoppgåva.
– Eg ville utfordre meg sjølv og kjenne på kroppen korleis det var å bu ute, seier Larsen.
Han byrja og sjå på kva tilbod Trondheim hadde til heimlause.
- Sja Facebook-sia her
Kalde netter
Det var kaldt å bu ute i Trondheim.
– Det var 6–7 minus grader dei først par nettene, fortel Larssen og peikar på betongen i parkeringshuset han pleidde å sove i.
Han hadde mest lyst til å reise heim dei første nettene.
– Eg sov ikkje så mykje dei første nettene. Då lurte eg frykteleg på kva eg heldt på med, held han fram.
Sjuskete og lite stelt
Det gjekk utover både den psykiske og fysiske helsa å bu ute.
– Han vart fort sjuskete i skjegget. Først såg han ut som ein turgåar, men etter kvart såg han ut som ein uteliggar, seier Stian Andreassen.
Larsen skulle kvar morgon lage eit innslag til ei videodagbok.
– Men eg vart berre sittande å sjå inn i kameraet. Eg hadde nok med å pakke saman og gå opp til Vår Frue kyrkje for å få varmen i meg, seier Larsen.
Han fekk fysiske plager av å bu ute.
– Auga mine såg ikkje ut. Dei var raude og rann konstant. I tillegg fekk eg utslett, men det har betra seg.
Førebuingar
Han førebudde seg psykisk på kva som kunne skje, medan han levde på gata.
– Eg tenkte mykje på korleis det kom til å bli, men mykje kunne eg ikkje sjå føre meg. Til dømes var eg ikkje budd på å gå så mykje. Eg budde rundt ein time utanfor byen etter kvart, og så byrja eg å samle flasker rundt om i byen. I byrjinga gjekk eg mellom 4 og 7 timar kvar dag, seier Larsen.
Han kan fortelje at Trondheim er ein snill by.
– Eg har ikkje vore ute for noko skikkeleg ubehageleg. Det har eg klart å unngå. Eg vil også rose Vår Frues Kirke for tilbodet dei har som er heilt unikt, seier han.
Tøft å bu ute
Han visste at det ville vere over etter ein månad.
– Eg visste at om ein månad så er det over, så eg fekk ikkje kjenne skikkeleg på kor usikkert det kan vere å bu på gata.
Men det kunne likevel vere tøft.
– Kulda var verst. Mat er det lett å få i Trondheim. Det er fleire plassar som gir ut mat.
Han tykte også det var godt å bli kjent med andre som bur på gata.
– Det var godt å få ein omgangskrets etter kvart. Det kunne vere einsamt i byrjinga. Særskilt om kveldane. Ein har jo lyst til å dele opplevingane sine med nokon.
Og han vart godt motteken.
– Dei gav meg mange tips om korleis eg skulle leve på gata, kvar eg kunne få mat og korleis eg skulle kle meg, fortel han.