Halldis Moren Vesaas (1907-1995), forfattar, fødd i Trysil. Gjennom eit langt liv som diktar og kulturpersonlegdom har Halldis Moren Vesaas satt spor etter seg i norsk kulturliv.
Av
Tron Soot-Ryen
Ho voks opp i ein heim med mykje kontakt med forfattarar og andre kunstnarar. Faren hennar, Sven Moren var sjølv forfattar.
Inspirert av Wergeland
|
Navn: Halldis Moren Vesaas
Født: Trysil, 1907
Død: 1995
Kjent for: Sitt virke som forfattar. |
I unge år vart ho inspirert av Henrik Wergeland. Ho bestemte seg tidleg for sjølv å bli forfattar og debuterte i 1929 med diktsamlinga Harpe og dolk. Her stod ho tydeleg fram med ein sterk kvinnestemme som var ny i norsk dikting. Ho vart også tidleg inspirert av Edith Södergran og Karin Boye.
Gift med Tarjei Vesaas
|
Halldis Moren Vesaas i 1994 - Foto: Aleksander Nordahl NTB / Scanpix |
To år etter debuten møtte hun forfattaren Tarjei Vesaas, som hun hadde sett opp til i lang tid. Det er sagt at dei gjekk turar i Slottsparten og siterte frå sin felles favorittdiktar på den tida, Olaf Bull. Dei gifta seg i 1934, og i 1936 kom diktsamlinga Lykkelege hender, om kjærleik, barn og livet som ”husmor”.
Etter krigen kom Tung tids tale og etter det ei rekke andre diktsamlingar. Men Vesaas gav og ut barnebøker, sakprosa og var ein skatta omsetjar. Blant anna skrev ho ein biografi om far sin.
Ho omsette over 50 skodespel for Det Norske Teateret, blant dei Romeo og Julie, Faust og Tolvskillingsoperaen. Ho skreiv for barn og ungdom og var aktiv i ulike roller i kulturlivet.
Ho var medredaktør av Samtiden 1979-82. Sjølv var ho alltid klår på at ho var kvinnesakskvinne, og ho var eit viktig føredømme for mange som kom etter henne. Ho sa sjølv at dei i ekteskapet var to sjølvstendige menneske, og nok meir likestilte enn det som var vanleg. Tarjei døde i 1970.
Året ho døde hadde ho nettopp presentert ei ny diktsamling, og ei bok om greske gudar for barn og ungdom var klar til utgiving. Gjennom eit langt liv som diktar og kulturpersonlegdom har Halldis Moren Vesaas sett spor etter seg i norsk kulturliv.
|
Ekteparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas - Foto: Valldal NTB / Scanpix |
Tilrettelagt for web av Per Kristian Johansen.
Foto, ingress: Valldal NTB / Scanpix