Hopp til innhold

41 omkom i bussbrann i Kina

41 menneske omkom då ein overfylt buss tok fyr på ein motorveg i det sentrale Kina i dag tidleg, melder det statlege kinesiske fjernsynet CCTV.

41 omkom i bussbrann i Kina

Den toetasjars bussen vart fullstendig utbrend.

Foto: CHINA DAILY / Reuters

Bussen skal ha hatt ei farleg last om bord, men det er førebels uklart kva dette var.

Bussen var overfylt og hadde farleg last om bord, melder fjernsynsstasjonen CCTV. Det kjem ikkje fram fleire detaljar om lasten i meldinga.

Ulukka skjedde tidleg fredag morgon på motorvegen mellom Beijing i Zhuhai i Xinyang i Henan-provinsen. Føraren og fem passasjerar overlevde brannen. Bussen er toltalt utbrend.

Det er snakk om ein toetasjars buss med soveplassar, og dei fleste passasjerane sov då brannen starta.

I 2009 omkom 70.000 menneske i ulukker på kinesiske vegar, eit snitt på rundt 190 for dag, viser statistikk frå politiet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt