Hopp til innhold

– Drap på mafiatopp var symbolsk handling

I dag tidleg var ein kjent mafiasjef på Sicilia skoten og drepen medan han var på morgontur på sykkel i Palermo. Statsadvokat Francesco Lo Voi trur ikkje tidspunktet var tilfeldig.

Mafiadrap i Palermo.

Giuseppe Dainotti vart drepen under ein sykkeltur i sentrum av Palermo måndag morgon.

Foto: Alessandro Fucarini / AFP

Det var like før klokka åtte måndag morgon at den kjende mafiasjefen Giuseppe Dainotti (67) var på sykkeltur i sentrum av Palermo. Han vart ein fri mann i 2014, etter å ha sona 20 år i fengsel for blant anna drap og ran.

Ein motorsykkel med to personar køyrde opp på sida av Dainotti, og personen på passasjersetet fyrte av to skot mot nakken til 67-åringen. Etter drapet sette motorsykkelen opp farta og forsvann.

Drapet på Falcone

Francesco Lo Voi, Maria Teresa Principato

Leiaren for statsadvokatembetet i Palermo, Francesco Lo Voi, trur drapet på Giuseppe Dainotti var ei symbolsk handling.

Foto: Alessandro Fucarini / AP

Dainotti var ein av dei mektigaste mafiafigurane i Palermo, som sjef for Porta Nuova-familien, ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa .

Attentatet skjedde dagen før 25-årsdagen for drapet på den kjende antimafia-dommaren Giovanni Falcone i 1992. Bilen hans vart blåst i lufta av ei 500 kilo tung bombe, som var graven ned under motorvegen utanfor Palermo. Også kona hans og ei livvakt vart drepne i eksplosjonen.

Statsadvokat Francesco Lo Voi er sikker på at tidspunktet ikkje er tilfeldig. Det faktum at drapet skjedde i dagslys og på open gate, og så tett opp til 25-årsdagen for drapet på Falcone, viser at Cosa Nostra vil sende eit signal, meiner Lo Voi.

– Når det blir ymta om at det har gått nedover med mafiaen, at dei ikkje eksisterer lenger, så skjer det noko som viser at det ikkje er tilfelle. I dag fekk vi eit drap som vekte stor merksemd, seier Lo Voi.

Miste makt

Renato Cortese.

Polititoppen Renato Cortese fryktar kva som vil skje når fleire markante Cosa Nostra-figurar snart blir sette fri frå fengsel.

Foto: Andreas Solaro / AFP

Den sicilianske mafiaen Cosa Nostra var tidlegare den mektigaste kriminelle organisasjonen i Italia. Etter fleire rettssaker på slutten av 1980-talet, der Falcone og kollegaen Paolo Borsellino var dommarar, fekk fleire hundre medlemer av organisasjonen lange fengselsstraffer.

Dette svekte Cosa Nostra kraftig, og organisasjonen tok kraftig hemn mot dei to mafiajegerane. Falcone vart drepen i den nemnde bombeeksplosjonen 23. mai 1992, medan Borsellino vart drepen i ein annan eksplosjon tre månader seinare.

Ingen var i tvil om det var Cosa Nostra som stod bak. Men organisasjonen greidde aldri å reise seg igjen, og det har vore vanskeleg for dei å finne ein samlande leiar. 'Ndrangheta-mafiaen i Calabria heilt sør på det italienske fastlandet har teke over som den mektigaste mafiagrupperinga i landet.

Cosa Nostra-topp skulle snakke – trekte seg i siste liten

Etterlyst mafiaboss «kom ut av skapet»

Giovanni Falcone.

Antimafia-dommaren Giovanni Falcone (nr. to frå venstre) saman med tre livvakter i 1986.

Foto: Gerard Fouet / AFP

Fryktar ny leiar

Den italienske polititoppen Renato Cortese sa tidlegare denne månaden ifølgje Reuters at han fryktar kva som kan skje når fleire Cosa Nostra-figurar blir sette fri i løpet av kort tid.

– Det er alltid ei frykt for at Cosa Nostra kan finne ein rasjonell leiar som kan greie å samle dei konkurrerande familiegreinene. Det kan vere nok til at dei skal vinne tilbake den makta dei ein gong hadde, sa han.

Italiensk mafiatopp tatt etter to tiår på rømmen

«Capo di tutti capi» er død

SISTE NYTT

Siste nytt