Hopp til innhold

Putin-kritikar Alexej Navalnyj arrestert i Moskva

700 personar er arresterte under ein demonstrasjon mot korrupsjon i Moskva i dag. Blant dei var den russiske opposisjonsleiaren Alexej Navalnyj.

Aleks j Navalnyj arrestert i Moskva 2017

Alexej Navalnyj vart arrestert under ein demonstrasjon mot korrupsjon i Moskva i dag.

Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTB

Ein Reuters-journalist såg at politiet greip Navalnyj i Tverskaja-gata og førte han inn i ein lastebil. Demonstrantar som såg det som skjedde, seier han, samla seg rundt politi-lastebilen i håp om å hindre at han køyrde bort.

700 personar er arresterte i samband med demonstrasjonen i Moskva i dag, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Det var Navalnyj sjølv som tok initiativet til dei landsomfattande demonstrasjonane mot korrupsjon Russland i dag, og fleire tusen menneske har delteke i arrangementa.

Rundt 40 personer ble arrestert under demonstrasjonen mot korrupsjon i Vladivostok.

VIDEO: Demonstrasjon i Vladivostok.

Åtvara mot demonstrasjon

Alexej Navalnyj arrestert.

Ein demonstrant blir resolutt gripen av politiet under demonstrasjonen i Moskva i dag.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Det kom raskt til samanstøytar då politiet prøvde å hindre demonstrasjonen, og mange vart arresterte alt før demonstrasjonen var i gang.

Radio Free Europe melder at det har vore rundt ti arrestasjonar i Sibir og den austlege delen av landet. Det var kraftige samanstøytar blant anna i Vladivostok.

Det er førebels uklart kor mange som er arresterte i Moskva.

Talsmannen til president Vladimir Putin, Dmitrij Peskov, åtvara på førehand folk mot å delta i demonstrasjonane.

– Styresmaktene vil ta i bruk alle verkemiddel for å hindre provokasjonar, heiter det i ei melding frå Peskov, ifølgje Interfax.

Alexej Navalnyj har varsla at han vil stille som presidentkandidat ved valet i 2018. Seinare har han fått ein dom , som kan sette ein stoppar for dette. Sjølv seier Navalnyj at rettsprosessane mot han har vore politisk motiverte.

Alexej Navalnyj i politilastebilen.

Alexej Navalnyj fotografert inne i politilastebilen etter arrestasjonen.

Foto: Maxim Shemetov / Reuters

Melding til demonstrantane

Etter arrestasjonen vart Navalnyj sitjande i politilastebilen, og han greidde å sende ut ein tweet til tilhengjarane sine:

– Eg har det bra. Ingen grunn til å slåst for å få meg fri. Hald fram marsjen langs Tverskaja. Temaet i dag er kampen mot korrupsjon, står det i meldinga, ifølgje BBC.

Navalnyj hamna på andreplass i ordførarvalet i Moskva i 2013.

Demonstrasjon i Moskva.

Politiet mobiliserte før demonstrasjonen starta.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

SISTE NYTT

Siste nytt