Hopp til innhold

Cincinnati: – Uklart om det var to skyttarar

Politiet i Cincinnati seier dei ikkje veit sikkert om det var ein eller to personar som opna eld mot ungdomar inne på ein nattklubb i byen. Minst ein er drepen og 14 såra.

Skyting på nattklubb i Cincinnati.

Politiet hr. stengt av området utanfor nattklubben Cameo i Cincinnati i delstaten Ohio i USA.

Foto: John Minchillo / AP

Tilstanden er kritisk for minst ein av dei såra. Kaptein Kim Williams i Cincinnati-politiet seier til nyheitsbyrået AP at dei ikkje veit kva som utløyste skytinga, men at det ikkje er noko som tyder på at det er relatert til terror. Ingen er arrestert etter skytinga.

Kim Williams seier at det normalt er eit ungt publikum på nattklubben på laurdagskveldane, og at det har vore uheldige episodar der tidlegare. Men aldri noko så alvorleg som dette, seier ho.

Politiet har stengt av eit område rundt nattklubben Cameo etter skytinga, som vart meldt klokka 01.30 i natt lokal tid (kl. 07.30 norsk tid). Nokre av dei såra vart sende til sjukehus med ambulanse, men dei med lettare skadar kom seg til sjukehus på eiga hand.

Det var fleire hundre personar inne på nattkubben då skytinga starta. Folk flykta i panikk, og også mange politiet kunne ha tenkt seg å avhøyre som vitne, forsvann. Politiet sjekkar no overvakingskamera i området for å sjå om angriparane vart fanga på film.

Cincinnati

SISTE NYTT

Siste nytt