Hopp til innhold
Urix forklarer

Dette skjer på COP 21 i Paris

PARIS (NRK): Vil dei bli samde denne gongen? Det gjekk dårleg sist dei prøvde, i København i 2009. I dag startar klimatoppmøtet i Paris – COP 21 – med forhandlarar frå 195 land på plass.

Inngangspartiet til klimatoppmøtet i Paris

Ei vakt følgjer med ved inngangspartiet til klimatoppmøtet på Le Bourget i Paris.

Foto: STEPHANE MAHE / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ei rekkje stats- og regjeringssjefar stiller på opningsdagen for å gje forhandlarane ein klar marsjordre. Om to veker skal verda ha fått ein ny klimaavtale.

1. Kva står på programmet i Paris?

COP 21 varer i to veker – frå 30. november til 11. desember 2015. Formålet er at landa skal bli samde om ein ny, internasjonal klimaavtale som omfattar alle land, og gjeld frå 2020. Stats- og regjeringssjefar er inviterte til opningsdagen. Både den amerikanske presidenten, Barack Obama, Kinas president, Xi Jinping og presidenten i Russland, Vladimir Putin har varsla at dei vil komme, saman med nærare 150 andre. Her vil dei presentere dei politiske ambisjonane sine for konferansen, og gje «marsjordre» til forhandlarane.

Den første veka vil forhandlarane bruke til å gjennomgå forslaget til avtaletekst. Dei vanskelege spørsmåla bør i størst mogeleg grad vere løyste før veka er omme. Måndag i den andre veka startar den såkalla høgnivådelen. Då tek ministrane over stafettpinnen frå forhandlarane. Om ettermiddagen fredag 11. desember skal avtalen vere klar, men det er tradisjon for at forhandlingane held fram på overtid. Den norske forhandlingsleiaren heiter Aslak Brun.

I tillegg til politikarar og forhandlarar, er ei rekkje organisasjonar og forskingsmiljø representert – også frå Noreg. Det er 70 personar i den offisielle norske delegasjonen. Blant dei er statsminister Erna Solberg, klima- og miljøminister Tine Sundtoft og utanriksminister Børge Brende. Rundt 40 norske mediefolk er på plass. I alt blir det truleg fleire hundre nordmenn til stades under klimatoppmøtet. Eit hundretals norske kjem til å reise med eit eige «klimatog» som går frå Oslo 3. desember. Det er venta til saman rundt 45.000 menneske til klimatoppmøtet.

2. Blir opplegget for klimatoppmøtet påverka av terrorangrepet for to veker sidan?

Sjølve forhandlingane går sin gang som planlagt. Franskmennene har understreka at terror ikkje skal få hindre arbeidet med ein ny klimaavtale. Men ei rekkje arrangement er avlyste av omsyn til tryggleiken. Blant anna gjeld dette to store massedemonstrasjonar.

Klimatoppmøtet blir halde på Le Bourget, ein flyplass som no ikkje lenger har rutetrafikk. Le Bourget ligg ca. 10 kilometer nordaust for Paris sentrum. Rundt 2.800 politifolk og soldatar skal sikre området. I alt er rundt 120.000 frå politi og forsvar i aksjon over heile landet i samband med konferansen.

3. Kva slags avtale kan det bli i Paris?

Det blir neppe ein avtale som forpliktar alle land til å kutte så og så mykje i utsleppa av klimagassar. Mange er skeptiske til at eit FN-møte skal bestemme kva dei skal gjere i innanrikspolitikken. Men mange land har gitt uttrykk for at dei ønskjer ein avtale der dei forpliktar seg til ambisjonar om utsleppskutt på lang sikt.

Mange, blant andre Kina, har også støtta ein plan om å avtalefeste ein gjennomgang av klimamåla kvart femte år. Då er det nødvendig å få på plass eit system for kontroll og etterprøving av desse måla. Den delen av avtalen kan komme til å bli juridisk bindande.

Avtalen må også seie noko om korleis dei rike landa skal hjelpe dei fattige med å tilpasse seg klimaendringane, og å kutte i utsleppa sine. På klimatoppmøtet i København i 2009 lova dei rike landa å bla opp 100 milliardar dollar i året innan 2020 for å hjelpe dei fattige landa med dette. I dag er rundt 60 milliardar dollar på plass.

Rundt 100 personer er pågrepet etter kraftige sammenstøt mellom politi og klimademonstranter på Place de la Republique i Paris.

Demonstrantar og politi barka saman i Paris, trass i forbodet mot massedemonstrasjonar i kjølvatnet av terrorangrepa to veker tidlegare.

4. Kva gir grunn til optimisme?

Det som er nytt i år, er at landa på førehand har meldt inn kva slags mål dei har for nasjonale utsleppskutt. Meir enn 170 land har gjort dette, og til saman står desse landa for rundt 90 prosent av klimagassutsleppa i verda. Dette blir sett på som veldig positivt, sidan det er løfte som kjem frå landa sjølve.

Det er gjort fleire uavhengige analysar av kva effekt desse måla vil kunne ha. FNs klimasjef, Christina Figueres, meiner det i beste fall vil vere mogeleg å avgrense temperaturstiginga på jorda til rundt 2,7 grader fram til 2100. Men dette er likevel ikkje godt nok.

Så dersom ambisjonane ikkje aukar, er det for lite til å nå togradarsmålet, dvs. FN sitt mål om at temperaturen ikkje skal stige med meir enn to grader samanlikna med førindustriell tid, dvs. rundt 1850. Det er også usikkert om landa i praksis vil etterleve det dei har varsla.

Elles har både USA og Kina i den seinare tid komme med signal som gir grunn til optimisme framfor forhandlingane.

5. Kva gir grunn til pessimisme?

Både forhandlarar og ministrar har møttest fleire gonger det siste året for å jobbe med avtaleteksten. Når klimatoppmøtet startar, er teksten på 54 sider. Det er framleis mange viktige punkt som er uavklarte.

Og så ligg det ein grunnleggjande motsetning der mellom rike og fattige land. Dei fattige meiner at dei rike bør ta større ansvar og leggje meir pengar på bordet, dei rike meiner at også u-landa må ta sin del av ansvaret, særleg land som er definerte som u-land, men har hatt stor vekst i økonomien.

6. Kven er sjef på klimatoppmøtet?

Det er Christiana Figueres, som er FN-s klimasjef. Ho har vore leiar for FNs klimakonvensjon (UNFCCC) sidan 2010.

Figueres kjem frå Costa Rica, og er dotter til tidlegare president José Figueres Ferrer. Ho representerte Costa Rica i dei internasjonale klimaforhandlingane frå 1995–2009.

Christiana Figueres får nøkkel til Le Bourget av den franske utenriksministeren

Christiana Figueres leier klimaforhandlingane. Her får ho overlevert nøkkelen til Le Bourget av den franske utanriksministeren, Laurent Fabius.

Foto: JACKY NAEGELEN / Reuters

7. Kvifor er det viktig med ein internasjonal klimaavtale?

2015 ser ut til å bli det varmaste året noko gong, ifølgje Verdas meteorologiorganisasjon (WMO). Temperaturen på jorda har i gjennomsnitt stige med 0,8 grader sidan siste halvdel av 1800-talet. Mesteparten av auken sidan 1950-talet er – minst 95 prosent sikkert – menneskeskapt, ifølgje FNs klimapanel (IPCC). FNs klimapanel har som oppgåve å samle inn det siste innan klimaforskinga, og presentere dette for politikarane.

Forskarar frå heile verda konkluderer med at det vil få svært alvorlege følgjer dersom temperaturen aukar med meir enn 2 grader samanlikna med førindustriell tid (rundt 1850). Det kan blant anna føre til stigande havnivå, nye nedbørsmønster, tørke, flaum og utrydding av ulike artar.

Utslepp av CO₂ og andre klimagassar er ifølgje forskarane ei viktig årsak til at temperaturen stig. Den største kjelda til utslepp er forbrenning av kol, olje og gass. Derfor prøver FN å få til ein forpliktande avtale som kan redusere utsleppa.

8. Kva er COP?

COP står for Conference of the parties – dvs. konferanse for partane i FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Klimakonvensjonen blei vedteken på FN-toppmøtet i Rio de Janeiro i 1992. Formålet er å arbeide for å stabilisere innhaldet av drivhusgassar i atmosfæren. Men konvensjonen seier ikkje noko om konkrete mål for utsleppskutt. Klimakonvensjonen er grunnlaget for det internasjonale klimasamarbeidet. Den tok til å gjelde i 1994.

Den første COP-en blei arrangert i Berlin i 1995. Første avtale om utsleppskutt kom på COP 3 i Kyoto i 1997. Der blei Kyotoavtalen vedteken. Her forpliktar dei industrialiserte landa seg til å redusere sine utslepp av klimagassar med minst fem prosent i perioden 2008–2012.

Konferansen i Paris er nr. 21, derfor blir den kalla COP 21. Det er 196 partar i FNs klimakonvensjon, 195 land + EU.

Klimatoppmøte i Lima i 2014

Førre klimakonferanse blei halden i Lima i 2014. Også då demonstrerte mange med krav om framgang i forhandlingane.

Foto: MARIANA BAZO / Reuters

9. Kvifor tar det alltid så lang tid?

Det er rett og slett veldig vanskeleg å få nesten 200 land til å bli samde om noko. Alle har sine eigne interesser. Forventningane til klimatoppmøtet i København i 2009 (COP 15) var store, men folk reiste skuffa heim.

Men likevel – det har skjedd ein del sidan COP 15.

  • COP 15 i København, 2009: Landa blei ikkje samde. Møtet resulterte i eit 2,5 siders dokument som ikkje var juridisk bindande. Det blei avvist av Venezuela, Sudan, Bolivia, Nicaragua og Cuba. Derfor blei det ikkje noko offisielt vedtak frå COP 15.
  • COP 16 i Cancun, 2010: Cancun-avtalane blei feira som ein suksess, sjølv om dei ikkje greidde å vedta ein arvtakar til Kyoto-avtalen. Etter nedturen i København var det nødvendig med semje i Cancun for å gjenopprette tilliten til FN-prosessen.
  • COP 17 i Durban, 2011: Semje om å vidareføre Kyotoavtalen, og om eit «vegkart» mot ein ny global avtale. Det grøne fondet blei oppretta, for å sikre at fattige land får hjelp av dei rike med å tilpasse eg klimaendringane, og kutte i sine eigne utslepp.
  • COP 18 i Doha, 2012: Semje om at partane innan 2015 skal inngå ein klimaavtale som omfattar alle land, og som skal gjelde frå 2020.
  • COP 19 i Warszawa, 2013: Blei samde om ein tidsplan for ein klimaavtale. Innspel til avtalen skal komme frå dei ulike landa i løpet av første kvartal 2015.
  • COP 20 i Lima, 2014: Semje om eit fundament for ein ny global klimaavtale. Ifølgje avtalen skal både rike land og framveksande økonomiar som Kina, India og Brasil forplikte seg til å kutte i utsleppa av klimagassar. Tidlegare har utviklingslanda halde hardt på eit prinsipp om at berre dei rike landa skal forplikte seg. Men det er opp til kvart enkelt land å melde inn kva dei vil bidra med.

Og no er COP 21 i gang – i Paris. Fredag i neste veke har vi konklusjonen.

Kjelder: Regjeringa, FN, NTB, CICERO Senter for klimaforsking