Hopp til innhold

Enormt isfjell lokkar turistar til Newfoundland

Det er lange køar på hovudvegen ved kystbyen Ferryland på Newfoundland. Eit rekordstort isfjell, tett ved land, er blitt ein turistattraksjon av dimensjonar.

«Alle» vil se og fotografere det enorme isfjellet utenfor Newfoundland.

Det enorme isfjellet imponerer både lokale innbyggjarar og turistar.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Den vesle byen Ferryland ligg heilt aust på Newfoundland, ut mot Atlanterhavet. Isfjell er eit vanleg syn her kvar vår, men dette er både større nærare land enn vanleg.

Det har ført til trafikkaos på hovudvegen lags kysten. Turistane strøymer til – «alle» vil sjå og fotografere det enorme isfjellet.

CANADA-WEATHER/

Det enorme isfjellet imponerer både lokale innbyggjarar og turistar.

Foto: STRINGER / Reuters

– Dette er det største eg nokon gong har sett her, og det er så nær land at folk kan få gode bilete av det, seier ordførar Adrian Kavanagh til CTV News. Han fortel at det ser ut som om isfjellet har gått på grunn, og kan bli liggjande lenge.

Hundrevis av menneske har tatt turen til Ferryland for å sjå. Spektakulære bilete av det majestetiske isfjellet blir spreidde i hopetal på nettet.

Laster Twitter-innhold

– Dette er flott for turismen, men fiskarane er ikkje så glade i isfjella, seier Kavanagh. Han fortel at dei ventar fleire isfjell inn mot kysten i tida framover.

– På ein klår dag kan vi sjå fem-seks store isfjell ute i havet. Det er venta sterkare vind no, og då vil det truleg komme fleire inn her, seier Kavanagh.

CANADA-WEATHER/

Det ligg fleire isfjell utanfor kysten.

Foto: STRINGER / Reuters

I fjor blei det observert 687 isfjell i Nord-Atlanteren før sesongen var omme i september. I år er det allereie no registrert over 600 isfjell i området. Ekspertar meiner at auken skuldast uvanleg sterk vind som driv isfjella sørover frå Grønland. Det kan også ha samanheng med den globale oppvarminga, som har ført til at meir grønlandsis hamnar i havet

Bjerknessenteret har hatt fleire omfattande forskingsprosjekt på Grønland.

Kerim Hestnes Nisancioglu

Kerim Hestnes Nisancioglu

Foto: uiB

– Det er vanskeleg å seie kor stor del av auken som skuldast endingar på Grønland og kor mykje som er knytt til endringar i vindfeltet, seier professor ved Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen, Kerim Hestnes Nisancioglu.

– Sannsynlegvis er vinden ein viktigare faktor i den situasjonen vi har no, men det er eit faktum at isbremmane (den delen av isen som flyt ut i fjordane og havet på kysten av Grønland) har mista meir is i den seinare tid fordi isfronten har trekt seg raskt tilbake i fjordane.

– Dette er noko vi forventar som ein følgje av varmare vatn langs kysten, og høgare temperaturar på overflata av isen. Begge deler fører til at isen langs kysten bryt lettare opp, og meir is flyt ut i havet, seier Nisancioglu.

.

CANADA-WEATHER/

Turistane strøymer til Ferryland for å sjå på mektige isfjell.

Foto: STRINGER / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt