Hopp til innhold

FBI-agent gifte seg med IS-terrorist

Ein kvinneleg FBI-tilsett fekk i oppdrag å overvake ein tysk rap-artist som hadde slutta seg til IS i Syria. Ho enda opp med å gifte seg med mannen.

Denis Cuspert i Tyskland i 2012.

Denis Cuspert fotografert saman med andre salafistar i Bonn i Tyskland i 2012.

Foto: Henning Kaiser / AFP

Daniela Greene er opphavleg tsjekkisk, vaks opp i Tyskland, men flytta til USA etter at ho gifte seg med ein amerikansk soldat. Ho fekk seg etter kvart jobb i det føderale amerikanske politiet FBI , der i ho i hovudsak var omsetjar, melder CNN

Ho hadde topp tryggingsklarering i organisasjonen då ho fekk i oppdrag om å overvake den tyske gansterrapparen Denis Cuspert, som hadde slutta seg til terrororganisasjonen IS i Syria.

Laster Twitter-innhold

– Dyktig, men naiv

Cuspert var kjend som rap-artist i Tyskland under namnet Deso Dogg. I Syria fekk han IS-namnet Abu Talha al-Almani, som blir noko slikt som Abu Talha frå Tyskland.

Daniela Greene blir karakterisert som dyktig og hardtarbeidande, men likevel naiv.

– Ho var berre ei velmeinande person som kom opp i noko som var for mykje for henne, er den korte kommentaren frå advokaten hennar, Shawn Moore.

Det er ingenting i bakgrunnen hennar som skulle tilseie at ho ein dag skulle gifte seg med ein internasjonal terrorist. Ho fekk seg jobb som omsetjar i FBI i 2011, ein jobb som kravde at ho måtte gjennom fleire nålauge for å få høgste tryggingsklarering.

I 2014 fekk ho i oppdrag å overvake nettaktiviteten til Denis Cuspert. Han fekk aldri ei stor musikkarriere, men opplevde å spele saman med den amerikanske gansterrapparen DMX på konsertar i Tyskland.

FBI-hovudkvarteret i Washington.

J. Edgar Hoover Building, FBIs hovudkvarter i Washington DC.

Foto: Brendan Smialowski / AFP

Nær døden-oppleving

Denis Culpert i 2005.

Denis Culpert, alias Deso Dogg, medan han enno var gangsterrappar i Tyskland i 2005.

Foto: Di Matti / AFP

Han gav opp karrieren i 2010 etter å ha vore døden nær etter ei trafikkulukke. Han konverterte til islam og bytta ut rap-musikken med Nasheed, ei slags musikalsk hylling til islam. I ein av songane hyllar han blant anna Osama bin Laden.

I 2011 var han kjent for FBI som ein ekstrem islamist. Då la han ein falsk video ut på Facebook, ein video som skulle vise ein amerikansk soldat som valdtok ei muslimsk kvinne.

Ifølgje New York Times var det denne videoen som fekk ein mann til å gjennomføre eit terrorangrep mot flyplassen i Frankfurt i 2012, der to amerikanske soldatar vart drepne og to andre såra.

Cuspert reiste frå Tyskland i 2012, og han oppheldt seg først i Libya og Egypt. Året etter kom han til Syria, der han raskt fekk ein slags stjernestatus i IS.

En bortkastet krig mot terror

- Vi vil ha vår barndom tilbake

Sverja truskap til IS

I april 2014, medan Daniela Greene var sett til å halde eit auge med aktiviteten hans på Internett, sverja han truskap til IS og leiaren Abu Bakr al-Baghdadi. I videoen trua han også dåverande president Barack Obama og USA.

Under dekke av å skulle vitje familien i Tyskland, reiste Daniela Greene utanlands. Stikk i strid med det ho hadde fortalt ektemannen og arbeidsgivaren tok ho eit fly til Istanbul i Tyrkia, før ho reiste vidare til ein by nær grensa til Syria.

Ho kontakta den tyske eks-rapparen og han organiserte grensekryssinga for henne. Etter kort tid gifte ho seg med han og budde rundt ein månad saman med han i Syria.

USAs utenriksminister: Snart har vi drept IS-lederen

Angra på ekteskapet

Det tok ikkje lang tid før ho angra seg og sende E-postar til USA om kva ho hadde gjort. Ho kom seg ut av Syria og kom tilbake til USA i august 2013. Ho la alle kort på bordet til amerikanske styresmakter.

I oktober 2015 opplyste det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon at Cuspert var drepen i eit amerikansk luftangrep nær Raqqa i Syria. 3. august 2016 seinare sende dei ut ei melding om at han likevel hadde overlevd angrepet.

Dagen etter vart Daniela Greene sett fri frå fengselet, melder CNN.

SISTE NYTT

Siste nytt